Tara Wiers Kvamme (16) i Stord SU lanserte idéen om pride på Stord for under tre veker sidan. Laurdag samla fleire tusen seg for å støtta kampen for lik rett til å elska den ein vil.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er supervellukka, og superflott at så mange stiller opp! Det er kjempebra at så mange støttar like rettar for alle til å elska og vera den ein er, seier Tara Wiers Kvamme til Framtida.no.

Ho er leiar i Stord SU, som arrangerte Storapride for første gong på Stord laurdag 15. september.

Arrangementet er inspirert av Bygdepride i mai, som samla om lag like mange gjennom gatene i Ørsta og Volda.

skeiv ungdom

Tonje Eide og Alice Nesbø i Skeiv Ungdom Hordaland. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Fantastisk og viktig

Leiar i Skeiv Ungdom i Hordaland, Tonje Eide, er imponert over frammøtet:

– Det er fantastisk, og veldig viktig at så mange ser at det er trong for å gå i tog, seier ho.

– Det er kjempebra, og på tide at det kjem eit pridetog til Stord, seier Alice Nesbø (15), som kom med bestisen sin frå Bergen for å gå i tog.

Les også: Regnbogeordlista 2018

Storapride

15-åringane Johanne Aarvik Myhre (t.v.) og Eldrun Frøya Einarsdotter deltok i Storapride. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Det er veldig viktig å visa støtte til at alle skal få elska den ein vil, seier Eldrun Frøya Einarsdotter (15).

Sist helg var ho i Stavanger i prideparaden der. Ho synest det er flott at pride kjem til heimstaden hennar, og får støtte frå Johanne Aarvik Myhre (15).

– Det er viktig at ein kan få elska kven ein vil, same kva kjønn ein har, seier ho.

Begge trur dei fleste ungdommar er opptatt av å sikra like rettar for alle. I klassen deira er fleire skeive.

– Kven du likar er ein del av kven du er, understrekar Eldrun Frøya Einarsdotter.

– Kven du likar er ein del av kven du er

Begge går på Stord ungdomsskule, der ein lærar og pastor fekk mykje merksemd etter at han ytra seg negativt på Facebook om Storapride.

– Det var veldig merkeleg og ikkje greitt, seier jentene om saka.

Johanne Aarvik Myhre er sjølv kristen, og seier ho forstår at det er delte meiningar om saka.

– Men eg meiner ein må få elska den ein vil.