Eit forslag dei trudde var urealistisk, vart til forbod mot retusjert reklame

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vart veldig veldig glade. Det er jo eit gjennomslag for oss og for mange andre, seier Astri Elgethun, som er leiar i Oslo SU.

I 2016 fremma dei eit forslag på møte i Ungdommens bystyre om å påby merking av retusjert reklame. No har forslaget blitt til eit forbod mot retusjert reklame i Oslo kommune.

– Det som er spesielt gøy, er at da vi stilte forslaget i Ungdommens bystyremøte, tenkte vi at det var urealistisk å få det gjennom der, og da vi fekk det gjennom, så trudde vi det var urealistisk å få det gjennom i kommunen.

Astri Elgethun åtvarar mot skadeleg reklame. Foto: Privat

– Så det er veldig kult å sjå at det blir til politikk, og at dei har utvida forslaget frå å gjelde merking av retusjert reklame, til å forby retusjert reklame i det heile, seier Elgethun.

Vanlegare å forby eller merke retusjert reklame

I mars i år beslutta bystyret i Oslo å innføre ei lov der dei forbyr all fotomanipulert reklame på kommunal eigedom. Kommunen og kommunale selskap sine reklameflater skal ikkje bli brukte til reklame som bidreg til auka kroppspress. «Bilder som er retusjerte skal ikke forekomme, med mindre de er tydelig merket», seier oppdraget til byrådet.

Denne prosessen er no i gang, og vedtaket i Oslo kommune er ikkje det einaste i sitt slag.

I mai 2016 vedtok formannskapet i Trondheim bystyre forbod mot reklame som aukar kroppspresset blant unge. I Tromsø, Kristiansand og Sandnes er det gjort vedtak om at retusjert reklame der kommunen leiger ut reklameplass, skal merkast. Bergen har ikkje reklame i det heile på offentleg eigedom, da dei som ein av få byar ikkje har avtale med Clear Channel.

I Stavanger kommune har dei derimot ingen reglar rundt retusjert reklame, og der foreslår SV no eit påbod om merking.

– Dette har ungdom i Noreg kjempa for i fleire tiår. For 20 år sidan da eg kom inn i ungdomspolitikken, var dette eit stort tema. Dei vaksne er for treige til å skjønne at dette er viktig, seier Ingrid Kristine Aspli (SV) i kommunalstyret for levekår i Stavanger.

85 prosent av jentene opplevde kroppspress

I ei undersøking om Retusjert reklame og Kroppspress gjort av Statens Institutt for forbruksforsking, svarte 85 % av jentene og 30 % av gutane som vart spurte, at dei opplever kroppspress. Dei spurte vart påverka av haldningane i vennekretsen og i eigen familie, men alle var einige om at reklame hadde stor eller størst påverknad i forhold til kroppspress.

Formålet med undersøkinga var at Regjeringa ville utrede eit påbod om merking av retusjert reklame og kor stor påverknadskraft denne reklamen har samanlikna med andre media.

Samarbeid og aksjonar

I tillegg til å jobbe med saka internt i SU, har partiet òg samarbeidd med andre organisasjonar.

«Ungdom mot retusjert reklame» var eit initiativ frå Raud Ungdom, og både Sosialistisk Ungdom, Press (Redd Barna), AUF, Ungdom & Medier, KrFU og Grønn Ungdom er no tilknytta organisasjonen. Dei har blant anna hatt ulike aksjonar, der dei har hengt opp åtvaringar på retusjert reklame i byen. Etter at saka kom gjennom i Ungdommens bystyre, hadde dei møter med ungdomspartia til MDG og SV, og jobba tett opp mot moderpartiet i Oslo. Så har dei jobba med å få med resten av byrådet og bystyret, noko som har fungert.

BIlde frå aksjon mot retusjert reklame. Foto: Privat

Elgethun meiner at retusjert reklame skaper noko uoppnåeleg.

– Det blir urealistisk når det ikkje går an å sjå sånn ut utan at ein er retusjert i ein maskin. Uansett om ein veit at det er urealistisk, så får ein eit signal om at det er sånn ein burde sjå ut, og ein set standardar for seg sjølv som er umoglege, seier Elgethun.

Ho meiner reklamebildet har stor skyld i dei høge tala på at det er mange som er misnøgde med korleis dei ser ut.

– Det skal ikkje vere kjemperetusjerte bilder av jenter i bikini rett ved busstoppen til ungdomsskolen. Det er ikkje bra for nokon, seier ho.

På sikt ønskar ho òg å jobbe for strengare reglar rundt kva innhald som kan reklamerast for på nett. Kosmetisk kirurgi er eksempel på reklame ho meiner ikkje burde vore lov. Men ho synest det nye vedtaket er ein god start.

– Eg trur dette med merking og fjerning av retusjert reklame er eit steg på vegen, seier Elgethun.