Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tusen takk! Eg vart overraska og trudde ikkje eg skulle vinne. Men eg vart veldig glad for å høyre at teksten gjorde eit inntrykk, seier Diba Ainechi til Framtida.no.

Det er storefri på Hersleb vidaregåande i Oslo, og vinnaren av Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song tek ein prat med oss.

Diba Ainechi går første året på skolen, og har det ganske travelt om dagen. Ho går nemleg i ein klasse der dei skal ta heile vidaregåande på to år.

Visste med ein gong kva ho skulle skrive om

Da ho fekk utdelt skrivekonkurransen om kva song kan bety og kva han kan gjere med oss, så var svaret enkelt.

– Da eg såg oppgåva, visste eg med ein gong kva eg skulle skrive om, fortel ho.

Klassa hennar skulle ha ei nynorskvurdering, og norsklæraren nytta høvet slik at elevane sine tekstar skulle passa til konkurransen. Elevane bestemte sjølve om dei ville sende inn teksten til konkurransen.

– Da eg las oppgåva om kva song kan gjere med deg eller eit samfunn, så byrja eg å tenke på kva den gjorde med meg og dei rundt i perioden eg mista kompisen min. Så da slo det meg at eg kunne skrive om det og songen Håper du har plass, fortel Ainechi.

Og løyse oppgåva gjorde ho så overbevisande at blant nesten 80 innsende bidrag og ti finalistar, så gjekk ho av med sigeren.

Mista bestevennen

I teksten fortel Diba Ainechi om kvifor nettopp songen Håper du har plass av Cezinando har fått ein så stor plass i hjarta hennar.

«Cezinando sine songar hadde aldri rørt meg på nokon måtar, og eg interesserte meg ikkje noko særleg for den djupe meininga bak songane. Likevel endra dette seg ein dag, og songen «Håper du har plass» blei aldri det same for meg igjen». 

For ein heilt vanleg måndag vart livet aldri det same. Da kom ho heim, og oppdaga gjennom sosiale medium at livet ikkje var som før. Ainechi hadde mista bestekompisen sin i sjølvmord.

Gjer at ein stiller djupare spørsmål

– Kan du fortelle litt om historia bak?

– Eg og kompisen min trente mykje saman. Da eg fekk beskjeden om at han hadde gått bort, så kom det som eit sjokk. Det var noko ingen av oss hadde sett for oss. Det vart ekstra trist da, i og med at han var like gammal som meg.

– Så da byrjar ein å tenke på kva som kan få ein person til å ta livet sitt når ein er 14 år, seier ho.

Det gjer at ein stiller djupare spørsmål rundt livet, og kvifor og korleis noko sånt kunne skje, og at vi ikkje såg det komme

Ho vil ikkje beskrive det som einsamt, fordi hendinga førte mange nærmare kvarandre.

– Men det gjer at ein stiller djupare spørsmål rundt livet. Om kvifor og korleis noko sånt kunne skje, og at vi ikkje såg det komme. Det trur eg var ein tanke både hos barn og vaksne, seier Ainechi.

Diba Ainechi vann Framtida.no sin skrivekonkurranse med «Songen som endra alt». Foto: Beate Haugtrø

Merkeleg at ein song kunne treffe så presist

For Ainechi var Håper du har plass berre ein song som hadde komme på første plass på listene. Men da den vart spelt gjentatte stader i samanheng med at kompisen var død, så byrja orda å bety meir enn det dei gjorde i starten. Cezinando syng «håper du har plass, til da jeg kommer hjem igjen». Ainechi fortel at det han song om passa akkurat til det ho opplevde.

– Det var merkeleg at ein song kunne treffe så presist på det eg følte akkurat der og da. Alt frå stemma hans, orda han sa, korleis songen bygde seg opp. Alt passa med korleis eg følte meg og kva eg trengte å høyre, forklarer Ainechi.

– Det var merkeleg at ein song kunne treffe så presist på det eg følte akkurat der og da. (…) Alt passa med korleis eg følte meg og kva eg trengte å høyre

– Sjølv om det han song om var det motsette av korleis eg ønska meg at det skulle vere i ei perfekt verd, var det han song perfekt for meg i den perioden.

Kvart ord gav meining

Første gong songen til Cezinando plutseleg fekk ei ny rolle, var same kveld som Ainechi hadde mista vennen sin. Da gjekk ho i minneseremonien, saman med 200 andre. Da vart yndlingslåta til kompisen spelt av.

«Plutseleg gav kvart ord meining. Eg kjende meg akkurat igjen i det Cezinando song: «(…) Ingenting fenger lenger eller føles som en ekte følelse. Og alt hadde begynt å øse ned» (Cezinando, 2017). Det øste ned i form av tårer», skriv Ainechi.  

Seinare same veke var det gravferd. Ainechi skildrar i teksten korleis stemninga i rommet endra seg da låta kom inn i rommet.

«Det var då klumpen i halsen sprakk, og eg ikkje klarte å halde kjenslene inne lengre. Stemma til Cezinando fylte heile kyrkja, og gjorde det umogleg å gløyme hendinga».

Først merka Ainechi kva det gjorde med henne sjølv. Og så forstod ho at songen hadde gjort noko med alle.

«Det var da eg forstod kor mykje ein song kan påverke oss, korleis lyrikken kan treffe oss som ei pil i hjartet (…)», skriv ho i teksten.

Musikk er alt

– Kva forhold har du til musikk?

– Musikk er alt. Eg høyrer på musikk heile tida. Eg speler fløyte og piano, og høyrer på musikk på fleire språk. Det har mykje å seie, synest eg.

Ainechi trur song både kan gjere ein person meir lei seg om ein er trist, men òg at ein til dømes kan bruke bodskapet i ein song til å tenke annleis om noko, for å endre korleis ein har det. På den måten kan folk vere medvitne og bestemme korleis ein vil bruke musikken. Til å styrke seg eller til å kjenne på dei triste følelsane.

– Det kan vere bevisst. Men i mitt tilfelle var det ikkje akkurat bevisst, for songen berre var der. Fordi han vart spelt av på rett tidspunkt. Sånn at eg både vart lei meg, samtidig som det var ein styrkande song.

– Tenkte at neste gong skulle eg ha plass til alle

Og songen gjorde at ho tenkte vidare på innhaldet i teksten.

– Eg tenkte at neste gong så skulle eg ha plass til alle, eller så mykje som mogleg. Kanskje eg ikkje hadde det for han da, men eg håper alltid at eg har plass til dei som treng det. Og igjen så synes eg det hadde noko med rytmen til sangen, som løfta deg litt opp. Ikkje ein typisk som ein sit og gret av sjølv om eg felte eit par tårar, seier Anechi.

– Eg håper alltid at eg har plass til dei som treng det

– Kva kan musikken gjere som tekst ikkje kan gjere åleine?

– Eg synest musikk klarer å uttrykke det vi menneske føler, tenker og meiner på ein lettare måte enn ord. Ofte klarer vi ikkje å finne de riktige formuleringane, men tonar, rytme og følelsane i musikken beskriv kanskje meir enn det vi ellers ville klart å gjere, seier Anechi.

Å vere meir direkte når ein seier ein er glade i kvarandre

Etter at kameraten tok livet sitt har ho blitt meir merksam på det venner og bekjente skriv i sosiale medium.

– Om eg har ei kjensle av at noko er galt, eller om dei skildrar noko negativt så tek eg meir intiativ og spør om det går bra med dei.

Tonar, rytme og følelsane i musikken beskriv kanskje meir enn det vi ellers ville klart å gjere

Men samtidig synest ho det kan vere vanskeleg.

– Sjølv om ein kan snakke med eller prøve å hjelpe, så er det vanskeleg når ein ikkje er ein profesjonell. Ein er jo berre ein vanleg ungdom som kanskje har dei same følelsane.

Difor trur ho det viktigaste er at ein som slit snakkar med nokon som veit kva dei gjer. Og at psykisk helse blir eit større tema i skolen.

– Det er mange som prøver å ha eit perfekt liv, og da blir det liksom ein konkurranse både med ein sjølv og dei rundt, seier ho.

Ho trur og at det er viktig å snakke meir saman i familien, og at foreldra snakkar med borna sine.

– Det er det lettare å sjå bort frå vanskelege tankar om ein veit at det er personar som vil ha deg der. I ein familie vil ein nesten alltid ha kvarandre. Men eg trur det er viktig at det blir gjort meir tydeleg. At ein er litt direkte i språket når ein seier at ein er glad i kvarandre og set pris på å ha nokon der, seier Ainechi.

Les heile vinnarteksten til Diba Ainechi her!