Ungdomspartia og Press jublar for vedtak mot retusjert reklame

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig veldig bra. Da vi leverte forslaget, trudde eg aldri vi skulle få gjennomslag for nokon ting, sa ein glad Freddy Øvstegård (SV) da han kom ut etter møtet.

Tidlegare i mai fremma han saman med Solfrid Lerbekk og Nicholas Wilkinson eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien for familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Komiteen hadde frist til i dag til å gi ei innstilling til forslaget.

Fleirtal for merking av retusjert reklame

Freddy Øvstegård var nøgd med innstillinga frå familie- og kulturkomiteen. Foto: Beate Haugtrø

No har dei fått fleirtal for påbod om merking av reklame som retusjerer kroppsfasongen til modellane, og for å endre marknadsføringslova for å motarbeide kroppspress mot barn og unge.

Stortinget ber og regjeringa utgreie innstramming av kommersiell marknadsføring av kosmetisk kirurgi, særleg reklame som bidreg til usunne kroppsideal og som når barn og unge.

Dei ber òg om eit forsterka tilsyn av usunn reklame som promoterer urealistiske skjønnheitsideal og bidreg til kroppspress retta mot barn og unge.

Rapportar frå Press og frå SIFO om kroppspress

Grunngjevinga for forslaget om ei handlingsplan, var blant anna resultat frå Press si undersøking «Prosjekt Perfekt». Blant 2.000 ungdommar som svarte på undersøkinga, ønskte 68 prosent av jentene og 52 prosent av gutane å endre på sin eigen utsjånad. 43 prosent seier dei kjenner på kroppspress i sin egen kvardag.

Ei anna undersøking, rapporten «Retusjert reklame og kroppspress» frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO), viser samanheng mellom reklame, kroppspress og psykisk helse.

I dag var Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom, AUF, Grøn Ungdom, KrFU, Press og Jentefronten i Oslo samla framfor Stortinget for å markere støtta si til representantforslaget.

Litt til ære for fotografen, men òg ekte glede når Ungdom mot retusjert reklame får vite at mange av forslaga vart høyrde. Foto: Beate Haugtrø

– Vi vil jo helst ha ein handlingsplan mot kroppspress, men håpar iallfall nokre av forslaga går gjennom, sa politisk leiar og påtroppande leiar i Press, Mina Vinje.

– Uansett håpar vi at det skjer noko, og er kjempeglade for debatten.

Da Øvstegard kom ut med resultatet, var det stor jubel.

Tobias Drevland Lund er leiar i Raud Ungdom, eit av partia som lenge har engasjert seg i spørsmålet om retusjert reklame og kroppspress.
– Dette er resultat av aktivisme sidan 2010. Det er veldig bra at opposisjonen har gått saman om eit så viktig forslag, og veldig bra at ein endeleg må ta tak. Det er viktig at ein set i gang der ein veit det har ein effekt, seier han.

Det vanka mange gratulasjonsklemmar da Freddy Øvstegård hadde fått innstillinga frå familie- og kulturkomiteen. Foto: Beate Haugtrø

Ina Libak, nestleiar i AUF minner om mange lesarinnlegg frå mange unge, også utanfor partipolitikken.

– At så mange har engasjert seg og ytra meininga si, viser at dei sjølve òg skjønar alvoret i reklamen. Det har vore i rørsle i heile Noreg, og viser at mange unge sjølve synest det er viktig, seier Libak.

Ola Eian i Grøn Ungdom seier det er eit veldig godt eksempel på at byane går foran, og at regjeringa kjem etter.

– Det er heller ingen som kjem til å tape på dette. Det er eit veldig ukontroversielt forslag, seier han.

– Det bør iallfall vere det, seier Astrid-Therese Theisen, sentralstyremedlem i KrFU.

Til aksjon!

For å markere engasjementet og feire resultatet tok dei ein runde i sentrum for å jakte på retusjert reklame.

– Der er det retusjert reklame. Til aksjon! Ina i AUF peikar mot målet. Foto: Beate Haugtrø

Sjølv om det er høg stemning og mykje latter når «aksjonistane», tar ein runde for å merke retusjert reklame, så er det alvorleg statistikk og mange års engasjement som ligg bak dagens vedtak.

Plakataksjon i Oslo sentrum. Foto: Beate Haugtrø

– Eg trur det var ei god timing. Etter rapporten til Press, kunne ingen seie at dette spørsmålet ikkje var viktig, seier Øvstegård.

Det er lett å sjå at ungdom mot retusjert reklame har lang erfaring i å samarbeide om saka. Foto: Beate Haugtrø

Det er mogleg at Oslo kommune sitt vedtak om å merke retusjert reklame allereie har sett sitt preg på sentrumsgatene, for når dei først er på jakt etter reklamen, må dei gå nokre kvartal. Men når dei først oppdagar ein, så er det ein handlekraftig gjeng som trør til.

Det er lett å sjå at dette har dei samarbeida om før. – Sidan 2010 har vi sneke oss ut på natta, seier Øvstegård om aksjonane deira for å setje fokus på retusjert reklame dei siste ti åra. Foto: Beate Haugtrø

Dei mimrar om seine kveldar og netter der dei har handla i det skjulte. Mest spennande å var det å henge opp merking mot reklamen på trikken og nære sentrum.

– Etter åtte år der vi måtte gjere jobben sjølve, hadde eg ikkje trudd vi skulle få dette vedaket, seier Andrea Sjøvoll, leiar i Sosialistisk Ungdom og tidlegare leiar i Press.