Vil innføre forbod mot reklame for kosmetisk kirurgi

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser ein heil generasjon vekse opp som hatar sin eigen kropp og som har lyst å endre på kroppen sin heilt ned i 13 års alder. Det er ein stor milliardomsetjande industri som tener på ungdom sitt dårlege sjølvbilde, og det meiner vi at ikkje er greitt, seier Freddy Øvstegård i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Freddy Øvstegård. Foto: Jo Straube/Wikimedia Commons

Eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Øvstegård, Nicholas Wilkinson og Solfrid Lerbrekk (SV) hadde høyring denne veka. I forslaget ber dei om at regjeringa set i verk ein nasjonal handlingsplan mot kroppspress. Dei vil ha ei vurdering av kor sårbare barn og unge er for reklamepåverknad.

I forslaget ber dei om fleire endringar i marknadsføringslova, blant anna at annonsørar skal sørge for at reklamen ikkje viser eit urealistisk eller usunt skjønnheitsideal.

Dei ønsker òg å innføre eit forbod mot kommersiell marknadsføring av kosmetisk kirurgi og helseskadelege slankeprodukt.

– Vi ser av fleire rapportar at kroppspress er skadeleg for ungdom si psykiske helse, og at mykje av det presset kjem frå reklameindustrien. Reklamebransjen og skjønnheitsindustrien er ein stor aktør. Den marknadsføringa er ikkje godt nok regulert i dag, seier Øvstegård.

Les også: Reklamen triggar spiseforstyrringa mi

Verre med sosiale medium

Han har sjølv vakse opp med retusjert reklame som ein del av bybildet, men har opplevd eit aukande trykk frå reklamen dei siste åra.

– Etter at eg kom i 20-åra har det vorte så mykje verre med sosiale medium. Om ein er jente og sveipar på Tinder, så dukkar det opp reklame for å ta silikon. Det illustrerer eigentleg alt, seier han.

Øvstegard meiner at tida er inne for ein handlingsplan frå myndigheitene si side, fordi reklamebildet er i endring, og er meir uoversiktleg enn før.

– Om ein er jente og sveipar på Tinder, så dukkar det opp reklame for å ta silikon. Det illustrerer eigentleg alt

Kva forventar du kjem ut av forslaget?

– Eg forventar at vi får fleirtal. Det er tydeleg frå alle som vi har vore i kontakt med som jobbar med kroppspress og psykisk helse at det er eit behov for ein handlingsplan og regulering av reklamemarknaden. Eg forventar at vi som samla storting kan ta ungdom på alvor, rett og slett.

Øvstegård viser til Press sin rapport «Prosjekt perfekt» som peikar på reklameindustrien som ein av dei tydelegaste grunnane til at unge slit psykisk.

Rapporten viser at blant 2000 spurte, ønskte 68% av jentene og 52% av gutane å endre på eigen utsjånad.

I representantforslaget viser dei og til undersøkingar frå Folkehelseinstituttet som viser at «Over halvparten av 10. klasse-jenter i Osloskolen har psykiske helseplagar, og anoreksi er den tredje vanlegaste dødsårsaka blant unge jenter».

Øvstegard meiner at Stortinget bør lytte til dei som veit korleis det er.

– På Stortinget sit det mange eldre gubbar som ikkje veit korleis det er. Da bør dei lytte til dei unge som veit korleis det er å vere ung i dag, seier han.

Saka er no til behandling i familie- og kulturkomiteen. Dei har frist til å gi ei innstilling innan 29. mai.

Les også: Helsesista: – Kynisk marknadsføring mot russen