– Homofili smittar ikkje. Men Bygdepride gjer det, sa leiar Anbjørn Steinholm Frislid då han tok imot prisen.
Andrea Rygg Nøttveit

Denne veka mottok Bygdepride likestillingsprisen for 2018 frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter utdelinga delte Ørsta/Volda Pride dette innlegget på sine eigne Facebook-sider:

Bygdepride fekk likestillingsprisen for landets første Bygdepride, som vart arrangert i Ørsta/Volda 11. mai i år.

I forkant av arrangementet skipa pastor Hans Reite og ei lita gruppe ein Jesus-marsj, for å markera sin motstand.

Oppmøtet på Jesus-marsjen 28.april var likevel ikkje i nærleiken av dei over 2000 deltakarane som møtte opp på Noregs første Bygdepride.

Les også: – Heia kjærleiken! Heia Bygdepride!

Les også: Presenterer skeiv nynorsk-historie på Bygdepride

Smittsam bygdepride

Ein av initiativtakarane og leiar i Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid, tok imot prisen på 15.000 kroner og eit kunstverk i Geiranger måndag 15. oktober.

– Homofili smittar ikkje. Men Bygdepride gjer det. Det er utruleg motiverande å oppleve at det i løpet av det siste halve året har kome tilsvarande arrangement andre stader i landet, som på Jæren, på Stord, i Brumunddal, og ikkje minst i Ålesund. No er vi i gang med eit nytt Bygdepride. Det skal igjen verte ei fin markering i ei positiv ramme om at det er heilt ok å vere skeiv på bygda, sa han ifølgje avisa Møre-Nytt.

Prisen blir delt ut til ein person eller instans som har utmerka seg positivt i arbeidet med å fremje likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter.

Les også: Tara (16) i spissen for fleire tusen i Storapride

– Har stått opp mot farlege haldningar

Leiar i kultur og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter, understreka at årets prisvinnar har sett spor lokalt, regionalt og nasjonalt.

– Det er ein organisasjon som har evna å inkludere og foreine, og ikkje minst, stått imot meiningar som går på tvers av likestillingstankane våre. For å sitere ein av dei som nominerte organisasjonen: «Dei har stått opp mot farlege haldningar og meiningar i lokalsamfunnet. Dei har stått for eit flott arrangement for å inkludere og vise positive haldningar mot dei som kan føle seg utanfor på grunn av legning», sa Nerås Krogsæter ifølgje Møre-Nytt.

Les også: Pionerane bak Bygdepride vitja statsministeren

Oppdatert: tysdag 12. februar 2019 13.36

LES OGSÅ

ANNONSE