Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 19.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg snakka med ein kompis i går, som sa at den beste løysinga for unge bønder si psykiske helse kanskje er å finne seg noko anna å gjere.

Steffen Fjellestad er 19 år gammal, og skal sjølv ta over heimgarden i Gloppen med tida. I vår var han ferdig utdanna agronom, men enno skal han gå meir skule og i Forsvaret før det vert aktuelt å verte fulltidsbonde. Sjølv om han synest bondeyrket er flott, så har han tenkt ein del på korleis framtida vert.

– No er eg snart ferdig på skulen, og med tida skal eg heim og ta over garden. Mange av oss som er sosiale typar er vande med folk rundt oss. Når vi så skal heim på garden til oss sjølve – skal eg gå og trakke for meg sjølv?

Også bønder har ei psykiske helse

Ivar Erik Ree håpar prosjektet til MHU skal bidra positivt til næringa, og gje bønder evne til sjølvhjelp. Foto: Privat.

– Når ein snakkar om landbruk, så vert det snakka mykje om dyrevelferd, om vêret, og om matvarer. Det som ikkje vert snakka om, er psykisk helse, seier Ivar Erik Ree.

Han er prosjektleiar for eit prosjekt om unge bønder si psykiske helse. Det er leia av Mental Helse Ungdom, finansiert av Extrastiftelsen, og vert drive i samband med nesten heile landbruks-Noreg.

Noregs Bygdeungdomslag, Noregs Bondelag, Norsk Landbrukssamvirke, Norsk Landbruksrådgjevning, Nortura, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Ruralis Institutt for rural- og regionalforskning er alle involvert.

– Målet er å opplyse og bevisstgjere om psykisk helse – å senke terskelen for hjelp, og for å oppsøke kvarandre, seier Ree.

Prosjektet vert lansert 10. oktober med landbruks- og matminister Bård Hoksrud til stades, men arbeidet er allereie i gang.

Kvifor verte ung bonde?

Ruralis har undersøkt kvardagen og den mentale helsa til unge bønder mellom 18 og 30 år.

Ruralis-forskar, Brit Logstein, meiner det er viktig å ikkje svartmåle bilete, dei felste bønder trivast. Foto: Privat.

Ruralis-forskar, Brit Logstein, meiner det er viktig å ikkje svartmåle bilete, dei fleste bønder trivast med yrket. Foto: Privat.

Å vere bonde er ingen «9 til 16»-jobb. Ruralis-forskar Brit Logstein fortel at statistisk sett kan det å jobbe mykje påverke psyken negativt, og mange bønder jobbar godt over eit årsverk. Likevel er det noko som er meir avgjerande for den mentale helsa.

– Eit viktig funn når det gjeld unge bønder sin trivsel, er kor viktig det er å kjenne seg fagleg kompetente og få dekka behova sine for fagleg oppdatering, seier Logstein.

Landbruksnæringa er stadig i endring, og undersøkinga syner at bøndene treng stadig tilgang på ny kunnskap frå andre bønder der ein bur, internett, og landbruksrådgjevarar.

Kollegaane er viktige også for å motverke einsemda. Dei fleste seier dei har ein god kvardag – men heile 1 av 5 kjenner seg einsame. Det aukar faren for dårlegare psykisk helse.

Les også: Den sinte mannen er død

Frå klasserom til kvardag

Steffen Fjellestad har gått på landbruksskule og har difor ein omgangskrins som deler mange av dei same interessene og utfordringane som han sjølv.

– Vi har kontakt på Snapchat dagleg, viser kvarandre kva vi gjer og kva vi har planlagt, og gjev tilbakemelding. Vi har nesten hatt det litt for godt. Det er jo det kjekkaste vi veit, å drive landbruk på ein landbruksskule, og det vert ein stor kontrast når du startar for deg sjølv.

Dei snakkar ikkje om mental helse til dagleg, men terskelen for å ta det opp er ikkje så høg når dei kjenner kvarandre så godt.

– Men samstundes er det eit nederlag å vere den som seier at ein synest det er litt vanskeleg. Ein kan få nokre kommentarar om at dette må du klare fint, det er ikkje eit problem, det må vere eit eller anna gale med deg, seier han.

Når veterinæren og fôrleverandøren vert omgangskrinsen

I førekant av at Framtida.no snakkar med Fjellestad, så tek han kontakt med andre unge bønder han kjenner, slik at også dei kjem til orde.

– Dei fleste seier dei har det greitt. Det er ikkje slik at dei er heilt nede, men dei har visse ting dei går og tenker og føler på.

Ein fortel at overgangen frå skulebenken til mjølkegrava er vanskeleg å sette seg inn i når ein har vore omgitt av medelevar i klasserommet. Ein veit ikkje korleis det er å gå over til å vere åleine.

Det er ikkje lenger så mange på vår alder

Ein annan seier han er uroa for at det vert færre og færre bønder på grunn av endringane i landbrukssektoren. Til slutt vert ein åleine. Det er ikkje lenger så mange på vår alder, og det er enklare å klage til ein jamaldring når ting ikkje går rett veg enn til ein på pappa sin alder, les Fjellestad.

– Her er ei melding frå ein som tok over barndomsgarden no i vår, og har drive åleine nokre månadar. Han seier at det er fort for at fôrleverandøren, veterinæren og tankbilsjåføren vert den einaste omgangskrinsen din.

Kameraten til Fjellestad oppmodar difor unge bønder om å gløyme tida, alt som skulle ha vore gjort, og få struktur på dagane. Om det må til, så jobbar ein til seine kvelden i veka, slik at det berre er det som gjerast som er att i helga.

Vegen mellom himmelen og helvete er kort

Ein skriv til Fjellestad at vegen mellom himmelen og helvete i verda er kort. Når ein først startar som bonde så er oppbyggingsfasen mykje tøffare enn kva folk trur. Om du ikkje klarar stå i den så er du fortapt.

– Vi ser frå forskinga at ein ikkje vert mykje lukkelegare av pengar, men det er ei tung belastning å heile tida måtte tenkje på om ein vert konkurs, eller om ein klarar å betale heile rekningsbunken, seier Fjellestad sjølv.

Den økonomiske byrda er også noko som kom tydeleg fram i kartleggingsundersøkinga. Som bonde er ein gjerne nøydde til å tenke stort. Nokre lyt bygge nytt fjøs, andre investere i mjølkerobot.

– Du vert veldig sårbar, og det er mindre marginar mellom utgifter og inntekter. Samstundes skjer det raske endringar i marknaden for mat, og politiske endringar skapar andre rammebetingelsar, seier Logstein frå Ruralis.

– Når du har sei 4 millionar i gjeld så treng du ein ganske lang tidshorisont og ei stabil inntekt, seier ho.

Og det er ikkje så enkelt når klimaendringar kan føre til tørkesomrar som tek livet av avlingane eit år, og enorme mengder nedbør det neste.

Les også: Tørka gjev dårlegare kornavlingar enn på over 50 år

Den flinke bonden er ingen einsam hardhaus

Fjellestad er tydeleg på det er ikkje berre slit, men utruleg kjekt å vere bonde.

Fjellestad les opp ei siste melding: Kanskje vi må førebu oss meir. Vi treng tips, tankemønster, og motivasjonsfaktorar.

Det er akkurat det som er formålet med prosjektet som Mental Helse Ungdom no lanserer. No skal all den informasjonen kartleggingsundersøkinga gav, føre til konkrete tiltak.

Det første steget er at Bondelaget sin eksisterande nettressurs, «Godt bondevett», vert lansert på nytt i november, med meir fokus på unge bønder.

På nyåret startar Mental Helse Ungdom å halde kurs om pyskisk helse for Noregs Bygdeundomslag. Samstundes vil organisasjonen bidra til å heve kompetansen i mentorprosjektet til Norsk Landbruksrådgjeving, «Bonde hjelper bonde», der eldre erfarne bønder skal hjelpe yngre bønder. Mest sentralt, dei vil bryte tabuet om å snakke om mental helse.

Steffen Fjellestad trur bøndene vil møte opp, og at biletet av bonden kanskje er i ferd med å endre seg.

– Eg føler ikkje at vi skal verte den hardhausen av ein bonde, eller at vi ser på oss sjølve som ein som må klare alt på eiga hand. Den unge flinke bonden er han som hentar inn hjelp og lever i samspel med apparatet og samfunnet rundt.

Les også: To av tre bønder trur neste generasjon overtar