Songen som endra alt

Diba Ainechi (15), elev ved Hersleb vidaregåande skole
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten er vinnarbidraget i Framtida.no sin skrivekonkurranse om song.

Det er einskilde songar som klarar å binde menneske saman, songar som endrar ei heil verd, og som brenn seg inn i hjerneborken for alltid. Ofte har ein eit par songar som alltid bringer fram både gode og vonde minne. I mitt liv er det spesielt ein song som har hatt ei stor tyding, nemleg songen: «Håper du har plass» av artisten Cezinando. Artisten er kjend for bruk av litterære verkemiddel, og sine stemningsfulle tekstar. Cezinando sine songar hadde aldri rørt meg på nokon måtar, og eg interesserte meg ikkje noko særleg for den djupe meininga bak songane. Likevel endra dette seg ein dag, og songen «Håper du har plass» blei aldri det same for meg igjen.

Eg hadde nettopp kome heim frå skulen, på det eg trudde var ein heilt vanleg måndag. Medan eg sjekka sosiale medium merka eg alle dei uvanlege meldingane og postane. Sosiale medium var proppa med frasar som: «R.I.P», «Saknar deg», og djupe sitat og poesi om kor surt og vanskeleg livet er. Sakte, men sikkert byrja det å gå opp for meg kva som hadde skjedd. Eg fekk ein stor klump i halsen. Klumpen overdøyvde alle ord eg prøvde å formulere. Eg ville eigentleg ikkje lese eller vite noko meir, for sannheita brann hjartet mitt. Det viste seg at bestekompisen min hadde gått bort. Han hadde tatt sjølvmord.

For å vise støtte og kjærleik til familien og kompisen min, drog eg på minneseremoni same kveld. Eg blei møtt med triste blikk og såra sjeler. Eg hugsar endå kor tungt det var å gå inn i samlingssalen, kor nærare 200 personar sat heilt stille. Ingen makta å seie noko. Det var berre ei stemme som song, og det var stemma til Cezinando. Klumpen i halsen min vaks seg større. Det var nemleg ein spesiell song som blei spilt. Av alle songar var det «Håper du har plass», som hadde ei stor tyding for kompisen min, som blei spilt på høgtalarane i salen. Plutseleg ga kvart ord meining. Eg kjende meg akkurat igjen i det Cezinando song: «(…) Ingenting fenger lenger eller føles som en ekte følelse. Og alt hadde begynt å øse ned» (Cezinando, 2017). Det auste ned i form av tårer.

Seinare same veke drog eg i gravferda. Stemninga i kyrkja var dyster. Igjen var det heilt stille, ingen lydar. Alle såg berre tomt ut i lufta, som om alle oppheldt seg i skyene med han. I eitt, lite augeblikk kjendest det ut som om det var mogleg å fortrengje hendinga, heilt til «Håper du har plass» blei spilt av igjen. Det var då klumpen i halsen sprakk, og eg ikkje klarte å halde kjenslene inne lengre. Stemma til Cezinando fylte heile kyrkja, og gjorde det umogleg å gløyme hendinga. Orda «Så jeg ga opp for å få de til å forstå meg,» (Cezinando, 2017) tende på alt eg hadde av kjensler.

Sjølv om han ga opp, klara vi ikkje å forstå. Alt blei så mykje verre, men likevel så mykje betre. For då eg snudde meg rundt, såg eg at alle var i same bås som meg; Med auga fulle av tårer, med eit tomt blikk, med tankane på alle andre stader enn kyrkja. Og det var da eg forstod kor mykje ein song kan påverke oss, korleis lyrikken kan treffe oss som ei pil i hjartet, rive det i fleire bitar og brenne det til oske.

Stemmen fortsett å synge: «Jeg håper du har plass til meg igjen (…) Hver gang jeg har tenkt å vende hjem igjen» (Cezinando, 2017). Imens sat eg i kyrkja og mimra tilbake på alle dei gode stundene vi hadde saman. Eg kom på at eg hadde masse plass til han, at eg godt kunna rydda bort heile verda for han om han ville det. Eg kom på at ikkje berre eg, men også alle dei andre som sat i kyrkja med meg, ynskjer at han skal  kome tilbake. Men vi visste jo at han aldri kjem til å vende heim igjen.

Les også intervjuet med Diba Ainechi der ho fortel om vinnarbidraget.

Musikkvideoen til Håper du har plass av Cezinando:

Les meir om song på Framtida.no.

Referanser: Cezinando. (2017). Håper du har plass. Hentet Oktober 10, 2018 fra https://genius.com/Cezinando-haper-du-har-plass-lyrics