– Heia kjærleiken! Heia Bygdepride!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Størst av alt er kjærleiken

Oddfrid Inderhaug, Heidi Reite, Inger Marie Reite i paraden. Foto: Geir Egil Eiksund

– Dette er veldig viktig. Alle har rett på kjærleik, seier Oddfrid Inderhaug. Ho er med i paraden saman med Heidi og Inger Marie Reite.

– Vi har til og med pynta rullestolen med flagg.

Går for å vise støtte

Pedagogstudentane frå Volda har invitert studentar frå andre bygder med i paraden.

– Dette er ein fantastisk dag. Ei feiring av kor langt vi er komne. Kristoffer Frøyen har kome frå Sogndal for å gå i paraden saman med Pedagogstudentane ved Høgskulen i Volda.

– Vi lærarstudentane går for å syne støtte.

Joakim Olsson og Elisabeth Vorin Haaland er samde.

– Dette er eit utruleg fint konsept. At ein kan kome hit for å feire og vere som ein er. Det er så flott at dette har kome til bygda, og at så mange møter opp.

– Fantastisk stort!

Vidar Roald.

Vidar Roald har ikkje bestemt seg for om han skal gå under parolen til SV eller Open Folkekyrkje i paraden.

– Dette er heilt fantastisk stort. Fenomenalt. Eg har ikkje ord.

– Eg håper Bygdepride gjer det lettare for dei som kanskje lever i det skjulte. Men no er det viktig at det kjem noko også etter at Bygdepride er ferdig på søndag. Slik at dei som treng det kan finne nokon å snakke med.

– Pride-en er ikkje ferdig i dag. Han startar i dag.

Starta med morosam idé som vaks

Initiativtakar for Bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid på talarstolen. Foto: Geir Egil Eiksund

Toget strakk seg frå Omsorgssenteret i Volda og heile vegen ned til Propellhallen. Der heldt Kulturminister Trine Skei Grande, Landbruksminister og volding Jon Georg Dale, samt leiar og initiativtakar for Bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid appellar.

Frå talarstolen takka han alle dei som har vore med på å gjere festivalen mogleg.

– Det som starta som ein morosam idé har blitt noko mykje, mykje større. Det er takka vere engasjementet til lokalsamfunnet at dette har blitt mogleg. Mykje som motsvar etter fleire hatefulle ytringar i lokalpressa.

– Det skal ikkje lenger vere slik at du må flykte frå bygda for å vere den du er. Det er dette beviset på.

Bygdepride-leiar Anbjørn Steinholm Frislid gjekk i front saman med Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap), kulturminister Trine Skei Grande (V), landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) og Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp). Foto: Geir Egil Eiksund

– Heia kjærleiken!

Kulturminister Trine Skei Grande takka for at ho fekk vere med å gå i paraden. Ho har fått med seg debatten som har gått i lokalpressa.

– Guden min har sagt at størst av alt er kjærleiken, utan forbehold, for alle.

– I dag marsjerer vi for fridom og rause felleskap der bygda er like fin som byen.

– Ingen skal føle seg utanfor berre fordi ein kjenner seg annleis. Vi skal få elske kven vi vil. Heia kjærleiken!

– Bygda er for alle!

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale var oppteken av at bygde er for alle, men at ho også er i endring.

– I 2003, då eg kom inn i kommunestyret i Volda, trudde eg ikkje at eg 15 år seinare skulle gå i pride-parade. Og heller ikkje at det ville bli arrangert i Volda. Men no står eg her.

Han sende ei takk til pastor Hans Reite.

– For det var du som fekk meg tilstrekkeleg forbanna til å gjere noko eg burde gjort for lenge sidan. Nemleg å stå opp mot dei som prøver og gjere seg til overmenneske.

– Vi skriv oss inn på den rette sida av historia i dag. Vi gjer samfunnet betre og lettare for dei som føler seg annleis.

– Tusen takk for at de har gjort dette mogleg.