Julequiz-hefte for heile familien: Bilete, musikk, 2022 og godt og blanda

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Last ned spørsmålsarka:

Vil du vere quizmaster for selskapet?
Trykk her
for å laste ned pdf-fil å printe ut til svar-utfylling,
medan du kan lese og spele av spørsmål og fasit herifrå. Deltakarane kan også få reine kladdeark til å notere hint og spørsmål. Lukke til!

Fasiten finn du i botnen av saka.


Biletquiz: Kven er dette?

(0,5 poeng for rett fornamn og 0,5 poeng for rett etternamn)

1.

Foto: Tore Sætre/CC BY-SA 4.0

2.

Foto: Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0)

3.

Foto: Fin Serck-Hanssen (CC BY 3.0).

4.

Foto: Evan Agostini/Invision/AP, File

5.

Foto: Gitte Paulsbo / NTB

6.

-> Sjå fasit for biletquiz.


Musikkquiz:

(1 p for rett song og 1 p for rett artist)

-> Sjå fasit for musikkquiz.


Godt og blanda frå 2022:

  1. Kva klubb speler Erling Braut Haaland på?
  2. Kva film kjem songen We don’t talk about Bruno frå?
  3. Kva månad invaderte Russland Ukraina?
  4. Kven er programleiar i Paradise Hotel, som no heiter Paradise?
  5. Kva heiter Norges fotballpresident?
  6. Kor mykje betalte Elon Musk for Twitter?
  7. Kva lukt har forskarar funne ut at folk flest synest er den beste?
  8. Kva år vart lova som forbaud homofili i Noreg oppheva?
  9. Kven sin kjole hadde Kim Kardashian på seg under Met-gallaen i år?
  10. Kva heiter den historiske dommen frå 1973 som har sikra heile USA retten til abort i 50 år, men som i år vart sett til side?
  11. Kva heiter kvalrossen som vart ein stor turistattraksjon i sommar og til slutt vart avliva?
  12. Kven er «Bennifer»?
  13. Kor mange år var Dronning Elizabeth II dronning?
  14. Kva heiter den omstridde skjønnheitsklinikken starta av Vanessa Rudjord, Synnøve Skarbø og Pia Tjelta?
  15. Kva artist har som første person i historia greidd å toppe heile topp 10-lista til Billboard?
  16. Før klimatoppmøtet i Egypt i november melde Noreg inn sitt nye klimakuttmål for 2030. Kor mange prosent er det? 
  17. Kva heiter den jordmorstyrte fødeeininga ved Ullevål sjukehus som no skal leggast ned?
  18. Kva land var arrangør for årets fotball-VM for menn?
  19. Kor kan du sjå dokumentarserien om Meghan og Harry?
  20. Kor mange statsministrar har Storbritannia hatt i 2022?
  21. Kva band hadde sin første konsert på 40 år med seg sjølve som 3D-avatarar i år?
  22. I desember i år kom Avatar 2, men når kom den første filmen?
  23. Eit hjarte har for første gong blitt transplantert frå eit dyr til eit menneske – frå kva slags dyr?
  24. Kva vart kåra til årets ord av Språkrådet?

-> Sjå fasit for Godt og blanda frå 2022.


Godt og blanda:

  1. Kva måler ein med eit pedometer?
  2. Kva film kjem dette sitatet frå: Toto, I don’t think we’re in Kansas anymore?
  3. Kva dyr er det hovmesteren snublar i når han feirar med Grevinnen?
  4. Kva for to måleri vart stolne frå Munch-museet i 2004?
  5. Kva farge er det på bæra som er på misteltein? 
  6. I Gulatingloven av 1100 vart det bestemt at bonden kunne miste gard og grunn om han ikkje hadde laga kva til jul, tre år på rad?
  7. Kva planet oppdaga Clyde Tonbaugh i 1930?
  8. Kor mange bitar er det i ei konfekteske av typen Sfinx?
  9. Kva slags dyr passar huset til dei tre røvarane i Kardemomme by?
  10. Kva står det eigentleg her? Les høgt: Så ull pri les ski le
  11. Kva dyr er det nynorsk-ordboka skildrar her?
    – pattedyr med spist tryne og piggar på oversida av kroppen
  12. Kva ord er det ordboka skildrar her?
    – organisme i kroppen til mora
  13. Kva ord er det bokmåls-ordboka skildrar her?
    – hodeplagg med pull og (vanligvis) brem 
  14. Fyll ut orda som manglar (1p per rett ord):
    Nå har vi vaske _____ og vi har børi ____
    Og vi har sett opp ____ og vi har pynte ____
    Nå sett vi øss og ___ og ___ på ei stund
    Imens je ___ vogga, så ___ din får en blund
  15. Songteksten er først omsett frå norsk til afrikaans, så til engelsk gjennom Google Translate. Kva song er dette?
    Now is the holy hour
    We stand in mortal skin
    And hear the bells ring
    Now Christmas is calling
    The angels sing loudly in chorus
    Sing about peace on our earth
    The world was never completely deserted
    A star is shining tonight

-> Sjå fasit for Godt og blanda


Biletquiz:

(0,5 poeng for rett fornamn og 0,5 p for rett etternamn)

1. Ida Wolden Bache

Sentralbanksjef frå 2022. Måtte knive med Jens Stoltenberg, som eigentleg fekk jobben, men så måtte han tilbake til NATO på grunn av Ukraina-Russland-krigen.

2. Amber Heard

Om ikkje ho var kjend frå før, fekk ho i alle fall endå meir merksemd i år under den ekstremt pressedekte rettsaka mellom ho og eksen Johnny Depp.

3. Toralv Maurstad

Ei skodespelar-legende i Noreg. Døydde i november i år, 95 år gamal.

4. Heidi Klum

Ikkje lett å sjå, men dette var modellen sitt kostyme under Halloween i år. Ho var kledd ut (med svært profesjonell hjelp) som ei larve.

5. Gustav Magnar Witzøe

Noregs rikaste. 29-åringen er arving til SalMar, og då han fekk overført sine aksjar i 2011, vart han Noregs yngste milliardær. Ifølgje skattelistene for 2021 hadde han ei inntekt på 1,2 milliardar kroner, og ein formue på 19,7 milliardar kroner. Med det er han både den med høgast inntekt og formue i Noreg.

6. Mahsa Amini

Då 22-åringen i september vart arrestert av moralpolitiet i Iran for feilbruk av hijab, og seinare døydde i varetekt, starta ei rekke protestar i landet. Framleis held opprøret på, og over 18 200 personar har blitt arresterte og minst 495 personar har døydd i demonstrasjonane. Styresmaktene har også gjeve ut dødsstraffer og minst to er drepne.


Musikkquiz-fasit:

(1 p for rett song og 1 p for rett artist)

  1. Give That Woolf a Banana – Subwoolfer
    – Vinnaren av norske MGP 2022. Kom på 10. plass i den internasjonale finalen, der Ukraina vann.
  2. Running Up That Hill – Kate Bush
    – På nokre plater heiter han «Running Up That Hill (A Deal with God)». Kom ut i 1985, men fekk ein oppsving blant ein ny generasjon etter at TV-serien Stranger Things brukte låten i fjerde sesong og han tok av på TikTok.
  3. Stjernestøv – Aurora 
    – Frå julekalenderen Stjernestøv som kom i 2020.
  4. Man! I Feel Like a Woman! – Shania Twain
    – Billboard har i år kåra dei 100 beste karaoke-låtane gjennom tidene, og denne låten frå 1988 kom på førsteplass.
  5. PAF.no – Karpe
    – Rapduoen Karpe kom med sitt niande album «Omar Sheriff» i år, med mellom anna låten PAF.no. Han har toppa VG-lista i 13 veker og vann P3 Gull for Årets låt.


Godt og blanda frå 2022-fasit:

  1. Kva klubblag speler Erling Braut Haaland på?
    – Manchester City (og det norske landslaget)
  2. Kva film kjem songen We don’t talk about Bruno frå?
    – Encanto
  3. Kva månad invaderte Russland Ukraina?
    – Tidleg den 24. februar invaderte Russland Ukraina og utløyste den verste konflikten i Europa på fleire tiår. 
  4. Kven er programleiar i Paradise Hotel, som no heiter Paradise?
    – TIX
  5. Kva heiter Norges fotballpresident?
    – Lise Klaveness. Ho fekk mellom anna Fritt Ords Honnør for Fifa-talen sin i år.
  6. Kor mykje betalte Elon Musk for Twitter?
    Då salet endeleg vart gjennomført, var det for om lag 44 milliardar dollar eller om lag 434 milliardar kroner. 
  7. Kva lukt har forskarar funne ut at folk flest synest er den beste?
    Vanilje! Lukta av fersken og lavendel vart også trekt fram som gode lukter. På botn av lista, kom lukta av ei feittsyre som finst naturleg i matvarer som ost og soyamjølk, men også i fotsveitte.
  8. Kva år vart lova som forbaud homofili i Noreg oppheva?
    – 1972. I år markerte me at det er femti år sidan.
  9. Kven sin kjole hadde Kim Kardashian på seg under Met-gallaen i år?
    – Marilyn Monroe
  10. Kva heiter den historiske høgsterettsavgjerda frå 1973 som har sikra heile USA retten til abort i 50 år, men som i år vart sett til side?
    Roe mot Wade (engelsk: Roe v. Wade)
  11. Kva heiter kvalrossen som vart ein stor turistattraksjon i sommar og til slutt vart avliva?
    – Freya
  12. Kven er «Bennifer»?
    – Det er parnamnet til Ben Affleck og Jennifer Lopez. Dei vart først saman og forlova i 2002, men slo opp i 2004. I 2021 forlova dei seg igjen og i år gifta dei seg!
  13. Kor mange år var Dronning Elizabeth II dronning?
    – Dronning Elizabeth II regjerte i 70 år (og 214 dagar). Ho vart krona då ho var 26 år i 1952 og var 96 år då ho døydde i år.
  14. Kva heiter den omstridde skjønnheitsklinikken starta av Vanessa Rudjord, Synnøve Skarbø og Pia Tjelta?
    – NOMI
  15. Kva artist har som første person i historia greidd å toppe heile topp 10-lista til Billboard?
    – Taylor Swift
  16. Før klimatoppmøtet i Egypt i november melde Noreg inn sitt nye klimakuttmål for 2030. Kor mange prosent er det?
    – 55 prosent. Dagens klimatiltak bidreg likevel berre til å kutte 25 prosent av norske klimagassutslepp innan 2030, ifølgje ein ny rapport. 
  17. Kva heiter den jordmorstyrte fødeeininga ved Ullevål sjukehus som no skal leggast ned?
    – ABC-klinikken
  18. Kva land er arrangør for årets fotball-VM for menn?
    – Qatar. VM-et har fått svært sterk kritikk og mange har boikotta sendingane, mellom anna på grunn av grove menneskerettsbrot, kvinnediskriminering og homofili-forbod landet.
  19. Kor kan du sjå dokumentarserien om Meghan og Harry?
    – Netflix. For første gong sidan dei slutta å jobbe som kongelege i 2020, fortel paret om kvifor dei valde å trekke seg ut i sin eigen dokumentarserie.
  20. Kor mange statsministrar har Storbritannia hatt i 2022?
    – Tre! Boris Johnson har vore statsminister sidan 2019, men gjekk av i juli i år etter at ei rekke av politikarane i hans eige parti protesterte mot at han skulle halde fram etter fleire kritikkverdige hendingar. Liz Truss tok over, men varte berre i 50 dagar. Det er den kortaste perioden nokon har vore statsminister i  Storbritannia. Rishi Sunak vann neste val og er no sitjande statsminister. 
  21. Kva band hadde sin første konsert på 40 år med seg sjølve som 3D-avatarar i år?
    – ABBA
  22. I desember i år kom Avatar 2, men når kom den første filmen?
    – 2009, for 13 år sidan.
  23. Eit hjarte har for første gong blitt transplantert frå eit dyr til eit menneske – frå kva slags dyr?
    – Gris. Diverre døydde mannen som fekk hjartet etter to månadar. 
  24. Kva vart kåra til årets ord av Språkrådet?
    – Krympflasjon. Ordet blir brukt som nemning for det at innhaldet i eller storleiken på ei vare blir mindre, medan prisen står stille eller aukar. (Her kan du sjå heile lista).

Godt og blanda-fasit:

  1. Kva måler ein med eit pedometer?
    – Antal skritt / skritteljar
  2. Kva film kjem dette sitatet frå: Toto, I don’t think we’re in Kansas anymore?
    – The Wizard of Oz/ Trollmannen frå Oz frå 1939.
  3. Kva dyr er det hovmesteren snublar i når han feirar med Grevinnen?
    – Tiger
  4. Kva for to måleri vart stolne frå Munch-museet i 2004?
    – «Skrik» og «Madonna»
  5. Kva farge er det på bæra som er på misteltein?
    – Kvit
  6. I Gulatingloven av 1100 vart det bestemt at bonden kunne miste gard og grunn om han ikkje hadde laga kva til jul, tre år på rad?
    – Øl
  7. Kva planet oppdaga Clyde Tombaugh i 1930?
    – Pluto. Då han vart oppdaga vart han kalla den niande planeten i solsystemet, men i 2006 mista han status som planet og vart nedklassifisert til dvergplanet.
  8. Kor mange bitar er det i ei standard konfekteske av typen Sfinx?
    – 24 stk. To lag med 12 bitar kvar. I Sfinx Stor er det dobbelt så mange.
  9. Kva slags dyr passar huset til dei tre røvarane i Kardemomme by?
    – Løve
  10. Kva står det eigentleg her? Les høgt: Så ull pri les ski le
    – Solbrille-skille
  11. Kva dyr er det ordboka skildrar her? pattedyr med spist tryne og piggar på oversida av kroppen
    – Piggsvin
  12. Kva ord er det ordboka skildrar her? organisme i kroppen til mora
    – Foster
  13. Kva ord er det bokmåls-ordboka skildrar her? hodeplagg med pull og (vanligvis) brem
    – Hatt
  14. Fyll ut orda som manglar (1p per rett ord):
    Nå har vi vaske golvet og vi har børi ved. Og vi har sett opp fuggelband og vi har pynte tre. Nå sett vi øss og kvile og puste på ei stund. Imens je rugge vogga, så bror din får en blund.
  15. Sangteksten kjem frå En stjerne skinner i natt.