Vekas viktigaste: Endå ein britisk statsminister, oljeutvinning og samisk mjølk

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har arrestert ein mogleg russisk spion

Tromsø med ishavskatedralen i mørkret

Mannen vart pågripen i Tromsø, der han arbeidde på universitetet. Foto: Alex Kulikov via Unsplash

Tysdag vart ein mann i 30-åra arrestert i Tromsø. Mannen har eit pass frå Brasil, men Politiet si tryggingsteneste (PST), trur han eigentleg er russar.

Mannen var tilsett ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet som gjesteforskar. PST trur mannen har arbeidd seg opp ein falsk identitet som han har brukt for å få opphald i Noreg. Justisdepartementet varsla om at mannen skulle bli utvist førre veke.

Dei meiner han er i landet på oppdrag frå russiske styresmakter.

Mannen er no internert, ei type fengsling for utanlandske borgarar, i fire veker.


Rishi Sunak er den nye britiske statsministeren

Rishi Sunak sit ved eit bord med andre politikarar

Rishi Sunak i sitt første regjeringsmøte som statsminister. Foto: Simon Walker / No 10 Downing Street

Liz Truss har gått av som statsminister i Storbritannia etter rundt seks veker i rolla. Det er Rishi Sunak (42) som tek over, sidan ingen andre kandidatar i Det konservative partiet fekk nok støtte.

Rishi Sunak er både den yngste og den første ikkje-kvite statsministeren i britisk historie. I tillegg er han ein av dei rikaste personane i Storbritannia. Sunak blir rekna for å vere i det politiske sentrum av Det konservative partiet.

Storbritannia si regjering har hatt mykje utskifting det siste året. Den nye statsministeren må no ta over eit svært splitta parti.


Equinor-rapport seier det er miljøforsvarleg å utvide oljefeltet Wisting

Avbilda er plattform Njord A, som ligg i Norskehavet. Wisting-feltet er endå lenger nord, i Barentshavet, og kan bli den nordlegaste oljeplattforma i verda. Foto: Thomas Sola / Equinor

Wisting er eit oljefelt som ligg 30 mil nord for finnmarkskysten. Equinor har planlagt å produsere olje frå dette feltet i 30 år frå 2028.

Utgreiinga til Equinor viser at det er mogleg å tilpasse teknologien til å drive utvinning av olje i området. Greenpeace meiner det ikkje er godt nok. Dei påpeiker at Equinor berre har teke omsyn til om det skjer ei mindre oljeulukke.

I tillegg seier dei at Equinor ikkje har teke omsyn til dei globale klimakonsekvensane.


Verda er på veg mot 2,5 gradar oppvarming

Berekraftsmål nummer 13 handlar om å stoppe klimaendringane. Illustrasjon Canva

FN har kome med ein ny rapport før klimatoppmøtet i Egypt. Der står det at verda er på veg mot ei oppvarming på rundt 2,5 grader innan år 2100. Målet i Parisavtalen er at det ikkje skal auke med meir enn 1,5 grader celsius frå førindustrielt nivå.

Rapporten viser også at berre 24 land har levert nye klimamål før klimatoppmøtet, slik dei lova i fjor. Noreg er ikkje eit av dei.

Dersom landa held klimalovnadane sine, vil utsleppa likevel auke med 10,6 prosent innan 2030, samanlikna med 2010. Det held ikkje til å nå 1,5 gradarsmålet, men det er betre enn i fjor. Då såg det ut som om det kom til å auke med 13,7 prosent.


Fleire selskap droppar Kanye West for jødehat

Kanye West i 2011 på Super 45 | Música Independiente. Foto: Rodriga Ferrari, link CC BY NC 2.0

Kanye West, også kjend som Ye, har spreidd antisemittiske konspirasjonsteoriar om jødar gjennom intervju og sosiale medium.

Han har blant anna skrive at han skulle gå «death con 3 på jødiske menneske» på Twitter. Det er eit ordspel på kodeorda «defcon», ein militær forsvarsstrategi.

Kanye West er no utestengd frå både Instagram og Twitter. I tillegg har selskap som luksusmerket Balenciaga, kleskjeda Gap, banken JP Morgan og Adidas brote samarbeida med artisten.

I 2021 auka talet på antisemittiske hendingar med 34 prosent i USA, samanlikna med 2020. Organisasjonen Anti-Defamation League melde om 2717 hendingar. Det er det høgaste talet dei har registrert nokon gong.


✨Vekas lyspunkt✨: Samiske mjølkekartongar

Frå og med januar 2023 kan folk i Troms og Finnmark kjøpe desse mjølkekartongane med tekst på både bokmål og nordsamisk. Foto: TINE

TINE sine mjølkekartongar får både norsk og nordsamisk tekst i Troms og Finnmark. Kartongane kjem ut frå nyttår.

Forslaget om samisk tekst vart teke opp av sametinget i fjor. TINE har no, i samisk språkveke, gitt klarsignal til forslaget.

I første gong kjem kartongane berre ut i det nordlegaste fylket. Likevel fortel konsernsjef Gunnar Hovland at det kan kome andre stader.

– Vi skal spegle mangfaldet i landet vårt, seier han.


Fekk du med deg nyheitene førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: Lukáš Kulla via Unsplash, David Dundas/NRK, Det Kvite hus, Trond Viken/NFD, No 10 Downing Street