Klar tale i ny klimarapport: Noreg når ikkje klimamålet for 2030

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noregs politikk for grøn omstilling mot 2030 er urealistisk og har feila fullstendig når ein ser slike resultat, seier administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.

Tala kjem frå rapporten «Energy Transition Norway 2022», som Det Norske Veritas (DNV) har laga på oppdrag frå Norsk Industri. Rapporten, den tredje i rekkja, vart lansert tysdag.

– Vi ser ikkje at dei drastiske måla som trengst, kjem med dagens politikk eller med sannsynleg framtidig politikk, seier forskingsleiar på energiomstilling Sverre Alvik i DNV til VG.

I DNVs modell klarer Noreg berre å kutte 79 prosent av klimagassutslepp innan 2050 samanlikna med 1990-nivået. Noreg har forplikta seg til eit mål om 100 prosent kutt.

Effektbalansen trua

Rapporten i år viser også at Noreg går mot netto import av kraft 2026-2030, og at effektbalansen er trua. Både kraftproduksjonen og behovet for effekt er no utfordrande.

Meir fornybar kraft trengst for å nå klimamåla når sektorar som industri, transport og olje- og gassproduksjon skal elektrifiserast, påpeikar Norsk Industri.

– NVE, Statnett, Olje- og energidepartementet og andre aktørar har tidlegare systematisk undervurdert det aukande framtidige kraftbehovet. No ser det derimot ut til å vere nærare ei semje om det skrikande behovet for både auka produksjon og meir effekt i energisystema framover. Det er bra, men no må vi sjå handling, seier Lier-Hansen.

Ein ny klimarapport frå Det Norske Veritas slår fast at Noreg ikkje klarer å kutte 55 prosent av klimagassutsleppa. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Norsk Industri meiner det har vorte bygd ut altfor lite ny kapasitet, og at det har vore fokusert meir på å oppnå høge kraftprisar for å gi inntekter til det offentlege, framfor grøn omstilling.

Fall i gassetterspurnad

Ifølgje DNVs analyse vil etterspurnaden etter gass i Europa falle 70 prosent fram mot 2050 i forhold til 2021.

– Noreg bør derfor førebu seg på ein situasjon der Europa i aukande grad spør etter hydrogen – blått frå gass og grønt frå elektrisitet – i staden for gass. Noreg vil ha moglegheit for å eksportere store mengder elektrisitet frå havvind, og framskrivinga anslår 43GW havvind utbygd i 2050, seier konsernsjef Remi Eriksen i DNV.

DNV meiner også at dagens rekordhøge straumprisar, kombinert med eit forventa kraftunderskot mellom 2026-2030, hindrar utviklinga av ny grøn industri.

Dei anslår at kraft- og hydrogeneksport veks fram mot 2050, men vil svare til berre 20 prosent av energieksportinntektene i dag. Olje- og gassinntektene er samtidig venta å falle med nesten 80 prosent som følgje av redusert etterspurnad etter olje og gass.


Har du fått med deg kva utfallet av årets klimatoppmøte var? 

Her får du ei oppsummering av dei store oppturane og nedturane frå første veka, og her får du høgdepunkta og skuffelsane frå siste veka.

Foto: Thea Birgitte Erfjord/ UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0 og Spire