Taylor Swift set verdsrekord med nytt album

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 21. oktober sleppte Taylor Swift «Midnights», det nye albumet hennar. Det er det tiande albumet til låtskrivaren, og det tok ikkje lang til før det dominerte popverda.

Rekordar på rekordtid

I løpet av det første døgnet var «Midnights» det mest strøymde albumet på Spotify.

Salet dei tre første dagane svarar til 1,2 millionar album, og er allereie det bestseljande albumet i år, ifølgje Billboard.com.

Det har ikkje vore betre tal for eit album i løpet av ei veke sidan 2017. Då var det Swift sitt album «Reputation» som toppa listene.

Den største bragda er likevel korleis topp 10-lista med songar ser ut for Billboard denne veka. Dei oppdaterer topplista kvar laurdag, men dei kan allereie seie at Swift har kapra ein heilt ny rekord:

Denne veka er ti av songane på det nye albumet på dei ti øvste plassane på Billboard Hot 100.

Det har ingen gjort før.

Antihelten i popverda

Reaksjonen til popstjerna let ikkje vente på seg.

– 10 av 10 på hot 100??? På mitt 10. album??? skriv ho på Twitter.

Rekorden gjer at ho seglar forbi Drake, som i fjor klarte å få 9 av 10 topplasseringar.

«Midnights» er eit konseptalbum som er inspirert av tankefulle vakne netter. Swift går vekk frå den folkeinspirerte stilen som prega dei to førre albuma, med meir elektronika og drøymande pop.

Sjølv om alle låtane går sin sigersgang, er det «Anti-Hero» som når til topps og dominerer på TikTok.

Refrenget «Its me. Hi. I’m the problem.» er tydelegvis lett å relatere til.


Likar du Taylor Swift sine eldre songar?

Foto: Sarah Barlow