Høgsterett i USA oppheva retten til abort: – Fatalt og uverkeleg

Edith Meek Allern
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er fatalt og uverkeleg at ein kan gå så mange skritt tilbake i likestillingskampen, seier politisk nestleiar i Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom (SNU), Ane Sødal.

SNU arbeider for å fremme seksuell og reproduktiv helse og rettar for unge. Sødal fortel at organisasjonen er bekymra for konsekvensane endringa i USA vil få for unge og at avgjerda kan få ringverknader andre stader i verda.

Ane Sødal er politisk nestleiar i SNU. Foto: SNU

Det vil vere ei stor samfunnsomvelting at så mange menneske no mistar retten til abort, seier Sødal og understrekar:

– Det handlar om autonomi over eigen kropp og fridom til å bestemme over eige liv.

SNU stiller seg solidarisk med søsterorganisasjonar i å leggje press på amerikanske styresmakter, fortel ho. Organisasjonen meiner Noreg no må sette søkjeljos på reproduktive rettar og saman med andre land vere synleg kritisk og leggje press på USA, seier Sødal.

Les også: Canada og Mexico førebur seg på abortstraum frå USA

50 år praksis endra gjennom ei enkelt rettsavgjerd

USA har til forskjell frå Noreg ingen formell, nasjonalt gjeldande abortlov. I staden er det ei høgsterettsavgjerd frå 1973, «Roe mot Wade», som har sikra retten til abort på nasjonalt nivå. Sjølv om grunnlova ikkje ordrett regulerer abort, tolka domstolen i 1973 retten til privatliv å innebere ein rett til sjølv å avgjere om ein vil avbryte eller fortsetje eit svangerskap, fram til det tidspunktet fosteret er levedyktig.

Dommen «Roe mot Wade» slo fast at abort var ein rett etter grunnlova, og avgrensa delstatar frå å forby abort. I dommen avsagt fredag, «Dobbs mot Jacksons kvinnehelseorganisasjon» meiner høgsteretten at det ikkje var grunnlag for å tolke inn ein rett til abort, og at det kortslutta ein demokratisk prosess ved å rettsleg avgjere spørsmålet. Retten oppheva tolkinga som har gjeldt sidan 1973 og fjerna den nasjonalt gjeldande retten til abort etter grunnlova.

Førsteamanuensis i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og USA-kjennar Sofie Høgestøl forklarte måndag i NRK Nyhetsmorgen, at det no er opp til delstatane å bestemme korleis dei vil regulere abort. Ho meiner det då vert synleg kor splitta landet er i abortsaka:

Sofie Høgestøl er førsteamanuensis på Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Foto: Bente Kjøllesdal

– Nokre av delstatane har allereie innført totalforbod mot abort, òg i tilfelle av valdtekt og incest.

– Andre delstatar som New York kjem til å halde oppe eit tilbod for abortteneste som eigentleg tilbyr eit meir liberalt tilbod enn det vi har i Noreg, utdjupa Høgestøl.

Ifølgje New York Times er det venta at omtrent halvparten av delstatane i USA vil innskrenke retten til abort som følgje av rettsavgjerda. Om delstatar kan forby kvinner å reise til andre delstatar for å ta abort, er noko høgsteretten ikkje gav svar på og er rettsleg uavklart, ifølgje Høgestøl.


Høgestøl og organisasjonen Guttmacher Institute reknar med at abort vert ulovleg i 26 statar, ut frå andre lover som gjeld i kvar enkelt stat.

Kritikk frå FN

I ei fellesutsegn har FN-ekspertar på helse, diskriminering og vald mot kvinner kritisert høgsterettsavgjerda:

– Med eit pennestrøk og utan overbevisande juridisk argumentasjon, har høgsterett teke frå kvinner, jenter og alle personar som kan verte gravide eit naudsynt rettsleg vern for å sikre at dei kan bestemme kva veg livet deira skal gå og leve eit liv med verdigheit.

FN-ekspertane skriv at høgsteretten fullstendig overser USA sine forpliktingar etter menneskerettane. I utsegna vert retten til abort knytt til menneskerettane til liv, helse, fridom frå vald og fridom frå tortur, nedverdigande og umenneskeleg behandling.

Les også: Utviklingsminister om abortinnskrenking: – Abort må me tørre å stå opp for

– Ein essensiell likestillingskamp

SNU meiner retten til abort er ein essensiell likestillingskamp då retten til abort i hovudsak angår dei som kan verte gravide, seier Sødal. I den samanheng trekk ho fram at mange grupper vert råka av innskrenkingar og forbod mot abort:

SNU meiner at vi må ha ei normkritisk og interseksjonell tilnærming. Retten til abort er ein essensiell likestillingskamp for alle personar som kan verte gravide, inkludert transpersonar og ikkje-binære, seier ho.

Sødal trekk vidare samanheng mellom retten til abort og økonomisk fridom:

Det vil påverke mange sårbare grupper om ein må bruke mykje pengar og ressursar for å ta abort. Det er høg førekomst av graviditet i lågare sosioøkonomiske sjikt, og om ein til dømes vert gravid i ung alder, vil det å ikkje ha rett til lovleg og trygg abort vere ei stor innskrenking av fridomen til å bestemme eigen framtid.

Ho understrekar vidare at å gjere abort ulovleg ikkje reduserer mengda abortar, men gjer dei utrygge.

– Å ta desse rettane for gitt er ikkje eit val vi har

Vi må stille oss kritisk til det som skjer med konservative bølgjer no i USA, men òg land som Polen. Vi må reflektere over vår eigen situasjon og tenkje aktivt over kva vi må gjere for at det ikkje skal skje med oss – samtidig som vi òg er solidariske og sett søkjeljos på det som skjer andre stader. Det er veldig viktig at vi kjempar for rettane våre kontinuerleg, for at vi skal kunne behalde eit samfunn med kroppsleg autonomi og fridom over eige liv, seier Sødal.   

Ho meiner utviklinga i USA viser at ein ikkje kan ta reproduktive rettar for gitt:

– Det er ikkje langt unna. Det er ikkje fortida. Å ta desse rettane for gitt er ikkje eit val vi har.

Les også: Dette er abort-lekkasjen i USA: – Dramatiske konsekvensar

Demonstrantar framfor Høgsteretten, torsdag 5. mai 2022. Foto: AP Photo/Alex Brandon