Shania Twain, Backstreet Boys, Gloria Gaynor og Queen toppar lista over hitane på karaoke, kåra av musikkmagasinet Billboard.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det amerikansk musikkmagasinet Billboard er mest kjende for listene sine over dei mest selde platene i USA. No har dei også teke på seg å kåre dei 100 beste karaokesongane gjennom tidene.
Lista er laga utifrå journalistane sine eigne erfaringar, i tillegg til tips frå karaokevertar, bartendarar og bareigarar frå heile USA.

Her er det karaokesongen som står i fokus, ikkje kor ikonisk eller store artistane her. Til dømes finn du ingen songar av the Beatles, Mariah Carey, Justin Bieber, Michael Jackson, Christina Aguilera,eller Rihanna. Nokre manglar til dømes fordi det er for vanskeleg vokalt.
– Våre favorittkaraokesongar er kjende, tilgjengelege, enkle utan å vere føreseielege, og minnar oss om ei spesiell tid og stad utan å sitje fast der. Viktigast av alt: dei høyrest alle bra ut på høgt volum og tvilsam pitch, og alle inviterer deg til å bli med på moroa! skriv Billboard mellom anna.
Dette er topp 20-lista:
Lurer du på kva du skal imponere med på neste karaokekveld? Her er topp 20 på lista.
Heile lista kan du finne på Billboard sine nettsider. Der finn du mellom anna også We don’t talk about Bruno frå Encanto, In Da Club av 50 Cent, Dancing Queen av ABBA, Love on Top av Beyoncé og mange fleire hits gjennom tidene.
Man! I Feel Like a Woman! – Shania Twain, (1998)
I Want It That Way – Backstreet Boys (1999)
I Will Survive – Gloria Gaynor (1979)
Bohemian Rhapsody – Queen (1975)
Shallow – Lady Gaga & Bradley Cooper (2018)
You Oughta Know – Alanis Morissette (1995)
SuperBass – Nicki Minaj (2010)
Friends in Low Places – Garth Brooks (1990)
Total Eclipse of the Heart – Bonnie Tyler (1983)
The Boy Is Mine – Brandy & Monica (1998)
Don’t Go Breaking My Heart – Elton John & Kiki Dee (1976)
Since U Been Gone – Kelly Clarkson (2004)
Before He Cheats – Carrie Underwood (2005)
Girls Just Want to Have Fun – Cyndi Lauper (1983)
It’s All Coming Back to Me Now – Céline Dion (1996)
Respect – Aretha Franklin (1967)
Livin’ on a Prayer – Bon Jovi (1986)
Call Me Maybe – Carly Rae Jepsen (2011)
What’s Up – 4 Non Blondes
Love Shack – The B-52’s (1989)

Kollasj av framtida.no. Foto: United States Department of Energy – Trinity and Beyond: The Atomic Bomb Movie // Heiko Junge/NTB // Kreml // Carina Johansen/NTB // olhahladiy/sparklestroke//Twemooji/Canva