Protestar etter iranske Mahsa Amini (22) døydde i politivaretekt

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke døydde 22 år gamle Mahsa Amini i politiet si varetekt i Iran. Ho var arrestert fordi ho hadde brote med reglane for å dekke til håret sitt.

I Iran er det påbode at kvinner dekker til håret sitt med hijab i offentlege rom. Det er moralpolitiet som handhevar loven.

Reglane vart endå strengare no i august. Då vart det vedteke at kvinner som er tilsette i staten kan bli sparka dersom dei publiserer bilete av seg sjølv utan hijab på sosiale medium.

Dødsårsaka til Amini er ikkje avklart. BBC skriv at vitne såg ho vart banka opp av politiet. Det skjedde etter ein protest der fleire vart arresterte. Politiet nektar for at dei brukte vald. Dei seier 22-åringen fekk akutte hjarteproblem og vart frakta til sjukehuset.

Familien til Amini seier ho ikkje hadde helseproblem som forklarer hjarteproblema.

Dødsfallet har utløyst fleire protestar i Iran, med blant anna kvinner som klipper håret sitt på sosiale medium.

Norske reaksjonar

Stortingspresident Masud Gharahkhani har skrive eit innlegg om dødsfallet på Facebook.

– Eg blir kvalm og forbanna. Håpar det iranske folk ein dag blir frigjort frå desse ekstremistane. Kvil i Fred Mahsa <3.

Gharahkhani har sjølv iransk bakgrunn.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt seier til Nettavisen at Noreg sluttar seg til ei uttale frå EU som fordømmer hendinga. Huitfeldt er på Høgnivåveka i New York akkurat no. Der er fleire statsleiarar samla ved Dei sameinte nasjonane (FN).

– Dette vekkjer jo veldig stor harme, og difor vil vi ta dette opp med iranske myndigheiter, seier ho.


Foto: sina drakhshani on Unsplash, Skjermdump frå 6rangIran/YouTube