Ukrainske Daniil (28): – Skrekk vart forvandla til sinne

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 18.03.2022 15:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Daniil Butenko (28) Foto: Privat

– Det var tydeleg at Russland kom til å invadere, men eg var likevel ikkje førebudd. Ingen var det. Det var eit sjokk. Det var skrekk som vart forvandla til sinne og ei vilje til å gjere alt i vår makt til å hjelpe Ukraina. 

Det fortel Daniil Butenko (28) på telefon til Framtida.no. Han er frå byen Sumy nordaust i Ukraina, men sidan 2019 har han budd i Bergen for å fullføre ei doktorgrad.

Torsdag 24. februar vakna han til at det var fullskala krig i heimlandet.

Russland invaderte frå fleire frontar, og missilar regna ned over fleire byar medan russiske styrkar og tanksar rulla innover Ukraina.

Himmelen var farga raud og oransje av eksplosjonar og bygningar stod i brann.

Ingen plass å reise attende til

Kort tid etter den russiske invasjonen var eit faktum, kalla Universitetet i Bergen inn sine ukrainske utvekslingsstudentar til eit møte. Korleis kunne studiestaden hjelpe?

Studentane delte historiene og bekymringane sine for krigen. Mange av utvekslingsstudentane var nye i Bergen, og hadde berre vore der sidan januar.

Men medan dei vende seg til ein ny studiekvardag og det evige regnet i Bergen, var framtida til heimlandet usikker.

– Heimlandet vårt er truga. Der er kanskje ikkje noko plass for oss å reise attende til, seier Butenko.

Bilete syner ein eksplosjon i ei leilegheitsblokk som vart skoten på av russiske tanksar i Mariupol, fredag 11. mars 2022. Innbyggjarane i Mariupol har verken elektrisitet, gass eller vatn. Foto: An explosion in an apartment building that came under fire from a Russian army tank in Mariupol, Ukraine, Friday, March 11, 2022. AP Photo/Evgeniy Maloletka

Majoriteten av utvekslingsstudentane hadde ikkje treft kvarandre før, men dei fann saman på møtet og i situasjonen dei no stod i. Idéen om å skipe ein heilt ny studentorganisasjon vart fødd.

Ny melding frå mamma: Krigen har starta

Daniil Butenko låg og sov då dei første bombene vart sleppte over Ukraina.

Som vanleg vakna forloveden hans først, og då han sjølv stod opp fortalde ho at bestefaren hadde sendt melding med kondolanse til familien til Butenko. Men Butenko visste ikkje kvifor, han levde endå i ei boble utan storkrig:

– Eg tenkte det var ei generell melding på bakgrunn av situasjonen i landet vårt, for ukrainarar har levd med dette i lang tid. Levd med kjensla av at Russland kjem til å invadere, forklarar 28-åringen.

I åtte år allereie, sidan Krim-halvøya vart annektert i 2014, har krigshandlingar føregått aust i landet.

Men når Butenko skrudde på sin eigen telefon såg han tapte anrop frå mora si, som hadde prøvd å ringe sonen kl. 05 om morgonen. Ho bur framleis i Sumy saman med veslesystera til Butenko.

– Eg opnar Messenger og ser at ho har skrive til meg at krigen har starta. 

Feiringa av femårsjubileum på Krimhalvøya, 15.mars 2019. Foto: Anton Naumljuk

Febrilske nyheitsoppdateringar

Butenko byrja febrilsk å lese nyheiter om korleis Russland hadde gått til åtak på ulike stadar i Ukraina. Han ringde tilbake til mora si. Ho hadde panikk og visste ikkje kva ho skulle gjere.

– Dagen før hadde eg ringt ho og oppmoda ho til å skaffe proviant og bensin til bilen, slik at ho hadde det ho trong til krigen starta. Men det var allereie for seint, fortel Butenko.

– Skrekken greip meg fullstendig, og heldt meg fast heile veka etter.

28-åringen hadde vanskar for å gjere noko som helst anna enn å følgje nyheitene og sjekke korleis det gjekk med familie og vennar i heimlandet.

Heimstaden Sumy har vore under kontinuerleg åtak frå russiske styrkar sidan krigen starta, fortel Butenko. Om morgonen tysdag 8. mars vart det meldt at 21 sivile hadde vorte drepne av luftåtak i Sumy på eit bustadområde i løpet av natta. Blant dei omkomne var to barn.

I ni dagar vart mora og systera til Butenko verande i Sumy, mesteparten av tida gøymde i huset sitt, før dei 4. mars forlet byen.

Saman med ei gruppe kvinner og barn tok dei sjansen på å flykte på natta. Nokre vart verande vest i Ukraina, andre reiste over grensa – deriblant mora og systera til Butenko.

– Men far min er framleis i Ukraina, han og kona. Dei kjem til å verte verande, og har forkasta tanken på å reise frå Ukraina. Han er ein gammal ukrainsk mann og meiner det er hans land, og han har difor ein rett og ei plikt til å verte verande i heimlandet.

Heile livet i ein bag eller to

Med den nyetablerte Ukrainian student union fekk Butenko ein konkret måte å bidra på, noko som gjorde at det byrja gå betre med han. 28-åringen er no tilbake på jobb og i normale rutinar på dagen, medan han brukar kveldane til å følgje opp organisasjonen.

– Eg vert glad av å tenkje på kor mykje vi har gjort, og korleis vi samarbeider om å finne måtar å hjelpe Ukraina på.

Den nyetablerte Ukrainian student union. Frå venstre: Daniil Butenko, Volodymyr Ilkiv, Olena Mordas, Anastasia Demchenko, Danylo Verbovskyy, Mariia Babii, Mykhailo Marusiak

Eitt av hovudmåla deira er å skaffe humanitær hjelp, og dei spreier difor ordet om etablerte organisasjonar som Redd Barna, Røde Kors, Unicef, Norsk flyktningråd og Amnesty.

Desse har logistikken og den diplomatiske tyngden til å sikre at varer kjem fram til regionane i Ukraina som treng det mest.

Sjølv samlar studentorganisasjonen inn varer og klede til dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg. Caritas Norge har sagt seg villige til å hjelpe til med oppbevaring og organisering.

– Vi forventar at flyktningane berre vil ha med seg ein eller to bagar, men vi vil ta vare på dei her, fortel Butenko.

FN: – To millionar historier om seperasjon, smerte og tap

Ifølgje FN har over 2,6 millionar menneske måtta flykta frå Ukraina, sidan invasjonen starta. Flesteparten har flykta til nabolanda, og Polen har teke mot over 1,6 millionar flyktningar.

– Flyktningane som har kryssa er trygge frå vald, men ingen av dei er sparte frå store tap og traumer. Bak dei monolittiske statestikkane er det to millionar historier om seperasjon, smerte og tap, seier FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, i ei utsegn.

Filippo Grandi er FNs høgkommissær for flyktningar. Foto: S.Hopper/UNHCR

FN-kommissæren presiserer at alle europeiske statar må vere generøse med flyktningane, og dele ansvaret med å ta dei imot.

I Noreg vil regjeringa gje mellombels kollektivt vern til ukrainske flyktningar, noko som inneber at det er enklare å ta imot mange flyktningar samstundes.

Til no har kring 1000 flyktningar frå Ukraina nådd Noreg.

Tilpassingshjelp og opplysing

Når ukrainske flyktningar kjem til Bergen, skal dei òg få hjelp av Ukrainian student union til å tilpasse seg, til å lære eit nytt språk og navigere den lokale logistikken. Studentorganisasjonen håpar at også nordmenn vil bidra, og melder seg som frivillige for å ta imot flyktningane.

Samstundes vil den nyetablerte organisasjonen bidra til å auke kunnskapane om Ukraina blant folk flest.

Dei vil løfte ukrainske poetar, filmar og litteratur, samt oppmode norske akadamikarar med kunnskap om Ukraina til å halde førelesingar og seminar.

– Kjernen i den russiske invasjonen ligg i haldningane mot ukrainarar. Vi som organisasjon vil sikre at folk er klare over den lange historia vår og kulturen vår, og korleis denne har eigenart som skil den frå kulturen og samfunna i nabolanda våre.

Krigen kjem til å ha store følgjer, både med flyktningkrisa og med den psykiske belastninga: – Han har allereie konsekvensar for ukrainarar som har gått gjennom desse opplevingane. Heile verda kjem til å måtte bruke mange tiår på å lege desse såra, seier Butenko. Her frå eit bomberom i Irpin, utanfor Kyiv. Foto: AP Photo/Felipe Dana

Vil ikkje late ei ekstern styrke diktere liva våre

Daniil Butenko vert varm om hjartet av viljen og motet som vert synt i heimlandet i møte med invasjonsmakta:

– Av den samla innsatsen frå både innbyggjarar og styresmaktene om å verne landet, sjølvstendet og mogelegheita til å velje sin eigen sti som eit demokratisk samfunn, og ikkje late ei ekstern styrke diktetere korleis vi skal leve liva våre.

Han er stolt over kor mange som held hjula i gang så godt som råd, samstundes som dei kjempar for overleving. Han gler seg også over at president Volodomyr Zelenskyj har vore i stand til å fylle rolla som leiar i krigstid, så vel som i fred.

– At han har vore sterk nok og dedikert nok til å verte verande. Leiaren har ikkje forlete landet og gjer alt i si makt for å få internasjonal støtte.

Vi ser ikkje på oss sjølve som russarar, men som ein nasjon som både fortenar og har rett på sjølvstende

Butenko ser ikkje føre seg Putin, regjeringa hans og maskineriet i den russiske stat kjem til å stoppe krigen og trekke seg attende:

– Eg trur nok dei vil halde fram slik som no, for eg meiner denne invasjonen var ein konsekvens av eit systematisk problem, der Putin er katalysatoren.

Men Daniil Butenko håpar verda på alvor no har fått augo opp for at Ukraina husar eit eige folk og eit eige samfunn, som ikkje ser på seg sjølv som ein del av den oppløyste Sovjetunionen. Trass i biletet Vladimir Putin har freista måle av eitt slavisk folk, som høyrer saman, men er skilde av kunstige grenser.

– Vi ser ikkje på oss sjølve som russarar, men som ein nasjon som både fortener og har rett på sjølvstende. Vi har krav på vår eigen kultur og historie, og å verne om denne.


Sjå bileta: Ukraina: Dei første sju dagane av krigen

Foto: AP Photo/Emilio Morenatti)