Kva var greia med skjønnheitsklinikken Nomi?
Kjendisane sa dei ville drive med kvinnehelse, men fekk kritikk for kroppspress.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag trekte Synnøve Skarbø, Pia Tjelta og Vanessa Rudjord seg ut av skjønnheitsklinikken Nomi AS. Det skjedde berre fem dagar etter selskapet vart lansert.
Så kva var eigentleg greia med skjønnheitsklinikken Nomi?
Den stygge og pene kvinnehelsa
Torsdag 15. september fortalde selskapet at dei skulle starte opp frå oktober. Skarbø, Rudjord og Tjelta vart brukt som frontfigurar i pressemeldinga, som no er avpublisert. Der sto det blant anna at klinikken skulle:
- reversere aldringsteikn utan at kundane såg «behandla» ut
- hjelpe med å styrke bekkenmuskulatur
- tilby permanent hårfjerning, muskelbygging, feittreduksjon og hudbehandlingar
Ifølgje meldinga handlar klinikken om «kvinnehelse og førebygging av alt det kroppen skal gjennom».
Fleire reagerte på meldinga. Dei meinte at kvinnehelse vart stilt ved sidan av estetiske medisinske inngrep som handlar om utsjånad:
- Kjendislege Kaveh Rashidi meinte dei fekk vanleg aldring til å verke som sjukdom.
- NRK-profil Live Nelvik kritiserte måten dei fronta konseptet som kvinnehelse på sosiale medium.
- Lina Mælum Aas-Eng og veninna Anette Bellika Finnanger starta kronerulling for «ekte kvinnehelse», der dei har samla inn over ein halv million kroner til Norske Kvinners Sanitetsforening.
- Les også: Uroa for at psykologar forlèt det offentlege
Mannleg eigar av klinikk for kvinner
Kjendistrioen eigde i utgangspunktet halvparten av klinikken.
Etter haglet av kritikk, trekte dei seg ut.
– Vi er lei oss for måten omgrepet kvinnehelse vart brukt i samband med lanseringa. Kvinnehelse og estetisk medisin er to forskjellige ting, og vi beklagar overfor dei som er blitt opprørt av denne sammenblandinga, skriv dei i ei ny pressemelding.
Ansvarleg lege Karim Sayed tek over aksjane deira. Han blir gjennom selskapet sitt einaste eigar i klinikken. Sayed erkjenner i pressemeldinga at kritikken av kommunikasjonen er legitim.