Tømmerhoggar, innsidehandel og verdas rikaste mann: 10 interessante fakta om Elon Musk

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Milliardæren Elon Musk er igjen i nyheitsbiletet fordi han, igjen, seier at han vil kjøpe Twitter. Om det faktisk kjem til å skje er usikkert. Det som er sikkert er at Musk er ein evig aktuell person.

Så, kven er milliardæren Elon Musk?

Fødd i Sør-Afrika

Sjølv om Musk no har eit amerikansk statsborgarskap, vart han fødd i Sør-Afrika i 1971. Foreldra hans er Errol og Maye Musk. Faren Errol er noko for seg sjølv, og har blant anna truleg fått barn med stedottera si.

Musk har visstnok ikkje eit særleg godt forhold til faren.

Har jobba som tømmerhoggar

Før han fekk det amerikanske statsborgarskapet sitt, flytta han som 17-åring til Canada, heimlandet til mora. Der hadde han forskjellige jobbar, før han byrja på høgskule. Han arbeidde blant anna som tømmerhoggar ved eit sagbruk i Vancouver.

Investerte (men grunnla ikkje) Tesla

Musk er truleg mest kjent som leiaren av Tesla, eit av dei største selskapa innan elektriske køyretøy. Likevel er det ikkje han som grunnla selskapet. Det var Martin Eberhard og Marc Tarpenning.

Han investerte derimot i selskapet i 2004, og i 2009 inngjekk han eit forlik som gjer at han får lov til å bruke «grunnleggjar» av selskapet som tittel.

Starta eit eiga romfartsselskap …

Ein ting Musk har grunnlagt er selskapet SpaceX, eit romfartsselskap som spesialiserer seg på romfartøy som kan brukast opp att. Målet er at menneske skal kunne bu på andre planetar, blant anna Mars.

… som hjelper ukrainarar med internett

Etter Russland invaderte Ukraina, sende selskapet internettutstyr som kunne brukast trass i dei vanskelege omstenda i landet. Dette var noko som vart finansiert både av Musk, private bidrag, og forskjellige land. Det at satellittane til SpaceX gjev dei tilgang til internett, hjelper ukrainarar direkte i krigføring.

Teknologien fungerer derimot ikkje i område som Ukraina frigjer. Det er dårleg nytt for militæret som er avhengig av internett for å kommunisere.

(Musk blir også kritisert for forslaga han har kome med om korleis krigen kan løysast: La Donbas-regionen ha folkeavstemming og la Krym-halvøya vere russisk, føreslår Musk.)

Rikaste mannen i verda (i teorien)

I 2021 vart Elon Musk erklært som den rikaste personen i verda. Forbes estimerer at nettoformuen hans ligg på godt over 200 milliardar dollar. Det er meir enn det norske statsbudsjettet for eit år.

Sjølv om han er ufatteleg rik, kan han ikkje gå i banken og ta ut 200 milliardar dollar. Mykje av rikdommen kjem frå selskap som han eig aksjar i, spesielt Tesla. Kvar gong desse aksjane går opp eller ned, går også den teoretiske formuen hans opp eller ned.

Musk seier sjølv at han truleg ikkje eigentleg er den rikaste mannen i verda.

Tweetane hans får milliardkonsekvensar

Sidan formuen hans er så tett knytt til Tesla, får det store konsekvensar når han tvitrar om selskapet sitt. Eit eksempel er frå 2020 då han tvitra «Tesla aksjeprisar er for høge etter mi meining»:

Etter twittermeldinga fekk aksjane eit fall på 14 milliardar dollar.

Det var ikkje første gong Musk har påverka aksjeprisen med litt tvitring. I 2018 tvitra han at han at selskapet kanskje skulle ut av aksjemarknaden og inn i privat eige, noko som gjorde at aksjeprisen svinga opp og ned. Det amerikanske finanstilsynet bøtla han 40 millionar dollar for dette, sidan det er ulovleg å påverke marknaden på den måten.

Finanstilsynet undersøker også skuldingar om at Musk og broren har brote reglane om innsidehandel. Det skjer etter at Musk selde aksjar privat til broren, før han tvitra om det offentleg.

Forsøket på (å kome seg unna) å kjøpe Twitter

I starten av oktober varsla milliardæren at han likevel ville gjennomføre Twitter-kjøpet. Originalt signerte han ei kjøpskontrakt på over 44 milliardar dollar, som han forsøkte å trekke seg frå. Det saksøkte Twitter han for, med rettssaka planlagt 17. oktober. Sjølv om søksmålet no er avblåst, dersom Musk gjennomfører kjøpet, tyder ikkje det slutten på rundar i retten.

Twitter-aksjonærar, altså dei som eig aksjar i selskapet, saksøker han no. Dei meiner han med vilje har skapa uvisse rundt Twitter-aksjar for å styrke sin eigen forhandlingsposisjon.

Elon i Hollywood

Saman med andre Paypal-tilsette, betalte Elon Musk for store delar av filmen «Thank you for smoking», og han er rekna som ein av produsentane.

I tillegg har Musk dukka opp både i Iron Man 2, Big Bang Theory, Rick and Morty og Men in Black: International.

Kreative namn på barna

Det er ikkje berre på business-sida at Musk oppfører seg litt utanom det vanlege. Han er også oppfinnsam med barna sine. Han har fått to barn med songaren Grimes, ein son i 2018 og ei dotter i 2021, i tillegg til åtte andre barn med ymse kvinner. Sonen heiter X AE A-XII Musk, men skulle opphavleg ha namnet X Æ A-12 Musk. Æ og 12 eksisterer dessverre ikkje i det engelske alfabetet, som er eit av krava i californisk namnelov.

Dottera Exa Dark Sideræl Musk kan også smykke seg med eit unikt namn. Ho har kallenamnet Y, sidan broren fekk kallenamnet X.


Australske 5-dollarsetlar har i dag dronning Elizabeth II på framsida. Nokre håpar australske nasjonalheltar som Steve Irwin kan ta over plassen, no når dronninga er død. Foto: AP Photo/Mark Baker. Kollasj/redigering: Framtida.no