Fritt Ords Honnør til Lise Klaveness etter Fifa-talen
Fotballpresident Lise Klaveness blir tildelt Fritt Ords Honnør etter talen sin om menneskerettsbrot og diskriminering på Fifa-kongressen i Qatar torsdag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er Klaveness’ offentlege innsats under den internasjonale fotballkongressen, og spesielt den sterke og kraftfulle talen hennar, ein eksemplarisk og effektiv bruk av ytringsfridommen for å kjempe mot maktmisbruk, undertrykking og korrupsjon.
Det seier Stiftinga Fritt Ords styreleiar Grete Brochmann i grunngjevinga for Fritt Ords Honnør.
Her kan du sjå heile talen Klaveness heldt på fotballkongressen:
Kritiserer Fifa
Den norske fotballpresidenten kom mellom anna med sterk kritikk av valet av Qatar som VM-arrangør, Fifas utydelege reaksjon på Russlands krig mot Ukraina og den svake viljen i den internasjonale toppfotballen til å motarbeide menneskerettsbrot, korrupsjon og diskriminering.
– Tildelinga av VM skjedde på ein uakseptabel måte. Menneskerettar, likestilling og demokrati – kjerneverdiane i fotballen – var ikkje i startoppstillinga før mange år seinare, sa ho i talen.
Talen har allereie vist seg verknadsfull. Den har fått stort gjennomslag internasjonalt, men møter samtidig motstand og kritikk, ikkje minst frå Fifa og VM-komiteen i Qatar.
Klaveness seier prisen gir ein motivasjon til å jobbe endå hardare for å verne fotballen og jobbe for nødvendig endring.
Prisen er på 100.000 kroner, som Klaveness seier at ho vil gi vidare til Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS). Utdelinga til Lise Klaveness vil finne stad etter påske.
- Les også om dei unge mennene som boksar for betre mental helse: – Det er vanskelegare for gutar å opne seg