Språkrådets topp 10-liste over årets ord 2022

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fenomenet er gamalt, men ordet er nytt. Det er eit såkalla teleskopord som er sett saman av delar av andre ord. Her er grunnlaget krympe og inflasjon. Ordet er altså danna av etablerte norske ord. Det engelske shrinkflation er laga etter same mønsteret.

Det seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet, i ei pressemelding.

I dag annonserte Språkrådet at krympflasjon er årets ord 2022.

Her er topp 10 lista:

Kamikazedrone

Eit av orda som er direkte knytte til krigføringa i Ukraina, er kamikazedrone. Dette er ein drone som sprengjer seg sjølv når han treffer målet. Bruken av ordet kamikaze som førsteledd gjev assosiasjonar til uhyggja som vart skapt av at japanske jagarpilotar med eitt kunne styrte flya sine inn i skip og andre mål under andre verdskrigen. Ordet blir dermed eit talande bilete på lidingane som krigen skaper.

Hybridkabel

Ein hybrid er til vanleg noko som er sett saman av ulike element. Ein hybridkabel, slik ordet først og fremst har vore brukt i år, er enkelt sagt ein kabel som overfører kraft begge vegar. Her har vi å gjere med ei litt anna tyding av hybrid. Det er forsyningssituasjonen og prisutviklinga for straum som ligg bak at dette opphavlege fagordet i år har kome på folkemunne.

Flus

Flus er eit slangord brukt om pengar. Det har arabisk opphav og har vore brukt i ein del ungdomsmiljø nokre år, men også i litteratur som har tilknyting til desse miljøa. I år har det fått aktualitet gjennom tittelen på eit TV-program og når på den måten langt ut over bruksområdet det tidlegare har hatt. Tydinga minner om det norske adjektivet flus ‘gjevmild, overdådig’, utan at det er noko språkhistorisk slektskap mellom orda.

Preppar

Ein preppar er ein som preppar seg, sørgjer for å vere budd om noko skulle skje. Ordet har tidlegare vore assosiert med folk som ventar på domedag, eller som generelt har lita tiltru til styresmakter. I år har bruken av ordet auka kraftig som følgje av krigen i Ukraina og konsekvensane av han. Det blir like gjerne brukt om folk som gjer som styresmaktene oppmodar til, og byggjer opp beredskapslager for å møte periodisk forsyningsmangel.

Grunnrenteskatt

Grunnrenteskatt er eit døme på fagord som på eit tidspunkt blir så mykje brukte at dei kan gli over i allmennspråket. Elementet -rente i førsteleddet grunnrente har ei tyding som skil seg frå det dei fleste forbind med rente i dag. I dette tilfellet betyr det ‘avgift eller skatt til staten’. Slik er ordet også med på å vekkje til live ein språkbruk som ikkje har vore så vanleg på ei stund.

Kyiv

Den norske skrivemåten for namnet på hovudstaden i Ukraina har tradisjonelt vore
Kiev, som ligg nær det russiske namnet på byen. Skrivemåten Kyiv ligg nærmare den
ukrainske uttalen og har vore lov å bruke ved sida av den tradisjonelle sidan 1995, men den tradisjonelle forma var likevel lenge klart vanlegast. I samråd med UD tilrår Språkrådet no Kyiv, og det er denne forma som i år har dominert i norske medium. Det russiske åtaket på Ukraina har vore med på å drive fram denne utviklinga.

Knokehelsing

Ei knokehelsing skjer ved at ein knyter neven og slår han lett mot neven til den ein helsar på. Helsinga vart vanleg under koronaen, og ho er rekna for å vere ei uhøgtideleg form for helsing. Presidenten i USA, Joe Biden, vekte derfor oppsikt da han tidlegare i år møtte den saudiarabiske kronprinsen med ei knokehelsing. Opphavet er det engelske fist bump. Det norske avløysarordet er ikkje heilt nytt, men bruken har auka merkbart i år.

Straumsmart

Høge straumprisar og lite vatn i magasina kan gjere det nødvendig å spare på straumen. Adjektivet straumsmart kan brukast om menneske som har funne lure måtar å kutte straumforbruket på, men også om løysingane som gjer dette mogleg. Bokstavrimet gjer at ordet er iaugefallande og lett å uttale. Ordet er ikkje heilt nytt, men har hatt ein markert auke i bruken i år.

Valfornektar

Valfornektaren fekk eit ansikt då Donald Trump nekta å godta nederlaget ved presidentvalet i USA i 2020 fordi han meinte det var juksa med resultata. Han fekk mange med seg. Ordet valfornektar fekk vi i år i samband med mellomvalet til Kongressen i USA. Fleire av kandidatane var valfornektarar som skapte tvil om dei ville akseptere valresultatet eller ikkje dersom dei tapte. Fenomenet har også dukka opp i andre store og innflytelsesrike land i den siste tida. Det er fare for at ordet og fenomenet kan følgje oss i åra som kjem.

Krympflasjon

Ordet blir brukt som nemning for det at innhaldet i eller storleiken på ei vare blir mindre, medan prisen står stille eller aukar. Verknaden av krympflasjon kan bli at prisauken framstår som mindre enn han faktisk er. Ordet er eit teleskopord, det vil seie at det er sett saman av delar av andre ord. Her er grunnlaget krympe og inflasjon. Ordet er altså danna av etablerte norske ord. Det engelske shrinkflation er laga etter same mønsteret. Fenomenet er gamalt, men ordet er nytt. Det samanfattar på slåande vis 2022 for mange som opplever vanskelege tider på grunn av prisutviklinga vi har hatt i år. Krympflasjon er dermed årets ord 2022.

* Utsleppsgjeld og trippelheving kom nesten med på topp 10-lista.


Les også: «Gaslighting» kåra til årets ord av den amerikanske ordboka Merriam-Webster

Årets ord 2018-2022

2022: Krympflasjon
2021: Sportsvaske
2020: Koronaen
2019: Klimabrøl
2018: Skjebnelandsmøte
2017: Falske nyhende
2016: Kvardagsintegrering 
2015: det grøne skiftet 
2014: framandkrigar 
2013: Sakte-tv
2012: Å nave (naving)
2011: Rosetog
2010: Oskefast
2009: Svineinfluensa
2008: Finanskrise

Kjelde: Språkrådet