Aldri så gale at det ikkje er godt for noko: At verda er bitte litt skremmande for tida gjev i alle fall høve til dagsaktuelle, kreative kostyme-tips!

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vladimir Putin

Kollasj av Framtida.no. Foto: Kreml/ (Alexei Druzhinin/Pool Photo via AP

Kvifor? Treng han ein introduksjon? Den kanskje aller skumlaste i 2022 for oss i Europa. Han starta krigen mot Ukraina i februar, og har tilsynelatande ingen tanke om å slutte eller følgje diplomatiske spelereglar.

Kostyme: Her er det mykje å ta av. Du kan køyra klassisk Putin, eller Putin på Tinder med bar overkropp, sitjande på ein hest med vilt raske briller.

Du treng:

  • Hentesveis
  • Mørk dress (svart eller marineblå)
  • Lys skjorte (kvit eller lyseblå)
  • Mørkt slips (helst blått eller burgunder)
  • Surt andlet

Eller:

  • Kamuflasje-bukse
  • Bar overkropp
  • Sølvsmykke med stor kross
  • Hest (gjerne kjepphest)
  • Raske briller

Klimakrisa

Melvin Ilham/icon.doit/Canva

Kvifor? Klimakrisa vil ingen ende ta. I år har me også fått ein ny FN-rapport som seier at det er no eller aldri, dersom me skal nå 1,5-gradars målet. Om me ikkje gjer noko ligg me an til ei auke på tre grader.

Kostyme:
Ein temperaturmålar som varslar om 1,5-gradarsmålet, eller kanskje 3-graden som me ligg an til?

Eller du kan kle deg ut som heitebølgje, flaum, ein klode som manglar éin million plante- og dyreartar, eller oljeindustrien! Så mange val!

Du treng:

  • Raude/oransje klede som base
  • Tal (1,5, 2, eller enno verre) og gradesymbolet ℃ i til dømes papp.
  • Ei papp-plate/tallerken med jordkloden teikna på

Freya-turist

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Kvifor? Kvalrossen Freya på 600 kg har nok ein sommar farta rundt langs kysten, men denne sommaren vart hennar siste – på grunn av skodelystne Freya-turistar. Folk fekk beskjed om å halde seg unna, men i staden greidde dei ikkje la vera og til slutt bestemte Fiskeridirektoratet seg for at ho måtte avlivast fordi ho kunne vera farleg for menneske.

Kostyme: Denne er enkel å få til med det du har i skåpet. Det handlar ganske enkelt om å vera ein turist som er lukkeleg uvitande om konsekvensane av eigne handlingar.

Du treng:

  • Kamera eller mobil
  • T-skjorte og shorts
  • Solbriller og caps

Fotball-VM i Qatar

Nasser Al Khater, VM-sjef og maskoten LLa’eeb. Kollasj av Framtida.noFoto: FIFAS// Doha Stadium Plus Qatar/Flickr (CC BY 2.0)

Kvifor? Qatar skal vera vertskap når fotball-VM for herrar 2022 skal haldast i november og desember. Tildelinga av verdsmeisterskapet har vore kontroversiell, og arrangøren blir skulda for omfattande brot på menneskerettar. Det gjeld både arbeidsforholda til migrantarbeidarar og vilkåra for skeive. Ei undersøking frå The Guardian i februar 2021 synte at 6500 hadde døydd på VM-byggjeplassane sidan tildelinga i 2010.

Kostyme: Du kan kle deg ut som maskoten La’eeb, som ser ut som ein miks mellom eit spøkelse og ein sjeik. Eller du kan kle deg ut som sjefen for VM: Nasser Al Khate.

Du treng:

  • Kvitt laken
  • Svart hårband
  • Burgunder måling (om du skal vera La’eeb)

Homofob

Foto: Jenny Mealing – Flickr (CC BY 2.0). Illustrasjonar: Trendify, sketchify, Guiseppe Ramos – GST// Canva

Kvifor? Apropos Qatar: Dette har verkeleg vore eit år for homofobane. I USA har dei konservative fått innført fleire forbod mot bøker med LHBT+-innhald, Don’t say gay-lova tredde i kraft og i Russland kom eit nytt lovforslag som vil forby «homopropaganda» mot vaksne.

I Noreg der me skulle feira at det var 50 år sidan skeiv sex vart avkriminalisert, vart det skeive miljøet vart ramma av eit terroråtak. Grunna terrortrugselen vart også Oslo Pride avlyst, i tillegg til at andre Pride-arrangement nasjonalt vart tilrådd avlyst.

Kostyme: Eit fordomsfullt kostyme om korleis fordomsfulle homofobar ser ut. (Eller kanskje du berre drit i det og køyrer full regnboge-fest i staden for.)

Du treng:

  • Plakatar som fordømmer skeive
  • Konservative klede

Russisk spion

Kollasj av framtida.no. Foto: Jhenning/pixabay, Twemoji, Drawcee, amethyststudio//Canva

Kvifor: Allereie i mars åtvarar PST om ein aukt etterretningstrugsel frå Russland på grunn av krigen i Ukraina. Noreg har både olje- og gass og er ein stor leverandør til Europa. I oktober kalla dei inn til pressekonferanse for å seie at «Etterretningstrusselen fra Russland er skjerpet». Og kva måte kan ein drive etterretning på? Gjennom spionasje! Så no går me rundt og er på vakt for russiske spionar som spør litt for mykje om IT-system, eller kjører droner eller andre mistenksame ting.

Kostyme: Det mest klassiske kostymet på lista kanskje. Her kan du kanskje til og med finne ferdiglaga kostyme! Eller ta ein kikk i skapet.

Du treng:

  • Frakk eller dress
  • Hatt
  • Avis med hòl
  • Solbriller
  • Lupe/kikkert
  • Bonus: Drone

Streikande

Streikande lærarar i refleksvest og t-skjorter med slagord.

AVBROTE STREIK: Lærarane ved Gimle oppveksttun i Bergen var dei fyrste som vart teke ut i streik av Utdanningsforbundet i juni. Foto: Utdanningsforbundet

Kvifor? Streikeretten står sterkt i Noreg, men i år har mange late seg irritera over streikane pilotar, flyteknikarar og lærarar – kanskje særleg fordi no var endeleg koronapandemien over og folk ville reise til Syden og elevar ville tilbake til ein normal kvardag. Streikande har i alle fall stått fram som skumle i år, skal me tru mediebilete.

Kostyme: Her er det berre å finne fram kampslagorda og ta opp att kampen der lærarstreiken vart avblåst. Set armane i hofta og gjer deg klar til å kjempe for rettane dine.

Du treng:

  • Kvit t-skjorte med streikebodskap
  • Streikeplakat
  • Streikekaffi
  • Refleksvest

Sjaman Durek Verrett

Foto: Carina Johansen / NTB

Kvifor? Ja, kvifor? Sjaman Durek har vore omdiskutert omtrent sidan me fekk nyss i han, men det vart kanskje skumlare då han både vart forlova med prinsesse Märtha Louise og i tillegg har styrt på med sal av vaginareinsingar og magiske amulettar til døddskjuke folk.

Kostyme: Heldigvis leverer sjamanen verkeleg på klesfronten, så her er det berre å slå seg laus.

OBS: Black Face er ikkje lov, men eit forsøk på å bli skalla gir pluss-poeng. Kva med ei strømpebukse på hovudet? Om du vil køyra par-kostyme med prinsesse Märtha Louise er det også høve til det.

Du treng:

  • Gull-kaftan
  • Brun kjortel
  • Svart skjerf
  • Lange perlesmykke, armband og magiske medaljongar

Moralpolitiet i Iran

Kollasj av framtida.no Foto: Fars Media Corporation (CC BY 4.0) // Office of the Iranian Supreme Leader via AP)

Kvifor? Moralpolitiet har fått seg ein skikkeleg runde i rampelyset den siste tida, etter at 22 år gamle Masha Amini døydde i politiet si varetekt i midten av september. Hendinga starta eit opprør i landet og så langt har minst 233 demonstrantar døydd sidan starten 17. september, ifølgje HRANA. Dei fortel at 32 av desse var under 18 år. Oslo-baserte Iran Human Rights har tidlegare rekna at om lag 201 menneske har blitt drepne.

Kostyme: Her er det moralpoliti-drakt frå Iran for alle pengane. Eller du kan køyra parkostyme med Ayatollah Ali Khamenei. Hugs å skulda på USA og Israel. Eller kanskje du berre kan kle deg med hijab som er laust over håret – eller utan hijab i det heile, klipp av håret og brenn hijaben! – som tydelegvis er det skumlaste moralpolitiet veit.

Du treng:

  • Grøn bukse og skjorte
  • Svart beret
  • Svart belte og svarte støvlar.

Eller:

  • Kvitt skjegg
  • Turban
  • Kvitt skjerf med svarte linjer
  • Kvit skjorte
  • Tynn, beige dressjakke
  • Grå dressbukse
  • Svart kaftan
  • Briller

Alderdom

Kollasj av framtida.no. Illustrasjonar: bomsybols, Hannifah Nurdani/Canva. Foto: Queensland State Archives (Queensland State Archives)

Kvifor? Dronning Elizabeth II døydde som kjend i år, etter å ha regjert i over 70 år! Regenten som syntest å vera udødeleg, var dødeleg likevel – og det var den skumle alderdomen som tok ho.

Kostymetips: Å kle seg ut som ein gammal person er eit nokså klassisk kostyme, så det burde gå greitt.

Du treng:

  • Stokk
  • Bukse med veldig høgt liv
  • Lyst og krøllete hår
  • Briller og frakk
  • Klokke

Abortmotstandarar

Kollasj av framtida.no. Foto: Foto: Henrik Laurvik, NTB // American Life League/Flickr (CC BY-NC 2.0)

Kvifor? Dette har vore eit godt år for abortmotstandarar og eit mindre godt år for dei som meiner at den gravide må kunne bestemma sjølv. Særleg i USA, har det vore historiske endringar der ein har reversert Roe VS Wade, lova som gav alle i landet retten til å kunne ta abort, uavhengig av statlege lover. I juni vart denne lova oppheva, og det er no om lag totalt ulovleg å ta abort i minst 13 statar, 18 om ein tek med dei som har sett grensa på seks veker – medan det enno blir kjempa over om det skal vera lov eller ikkje i ei rekke andre statar.

Kostyme: Kanskje fordommane dine om abortmotstandarar frå USA med skilt og opprop? Eller du kan googla: Ludvig Nessa eller Børre Knudsen som er prestar som på 80- og 90-talet gjekk rundt i prestedrak med små barnekister, eller plastdokker innsmurde i ketsjup og demonstrerte mot abort.

Du treng:

  • Engelskspråklege skilt med pro-life bodskap
  • Dokker
  • Ketsjup eller raudmåling
  • Lang svart kappe
  • Gamaldags prestekrage
  • Bibel

Atombombe

Kollasj av framtida.no. Foto: United States Department of Energy – Trinity and Beyond: The Atomic Bomb Movie//Illustrasjonar: Iconbunny, OpenClipast-Vectors/Pixabay, sergeyparanchuk, gstudioimagen, sketchify, Color Vectors – Canva.

Kvifor? Nesten som på 60-talet går me no rundt og medvite eller umedvite lurar litt på om det blir atomkrig. Krigen mellom Russland og Ukraina har sett i gong spørsmålet: vil Putin eller USA trykka på knappen? Apoteka har vore utselde for jodtablettar og fleire lagar seg beredskapslager.

Kostyme: Du kan kle deg ut som ei faktisk atombombe med soppsky og det heile. Eller du kan kle deg ut som frykta for atomkrig med beredskap og jodix i alle lommer og hender. Kanskje kan du berre kle deg i dress og ta med ein koffert med ein stor raud knapp? (Me har blitt fortald at det ikkje eigentleg er slik det er, men det er slik folk ser det for seg i mareritta sine).

Du treng:

  • Jodix
  • Hermetikk
  • Vatn
  • Fyrstikker

Eller:

  • Dress
  • Koffert med atomknapp

Straumprisane

Kollasj av framtida.no. Foto: CHBD/Getty Images Signature. Illustrasjonar: Open Clipart Vectors/Pixabay, umarhayat, iconsy, arturszczybylo/Canva

Kvifor? Energikrisa i Europa har prega hausten og mange gjer drastiske tiltak for å unngå skyhøge straumrekningar. Dette er verkeleg noko av det skumlaste nordmenn veit om for tida!

Kostyme: Gjer det enkelt og smell opp plakatar med grafar som visar straumprisane, eller kva med ei rekke straumrekningar eller logoane til ulike straumleverandørar? BØ! Eller du kan avansera med å kle deg ut som konsekvensane av høge straumprisar.

Du treng:

  • Varme klede
  • Frostrøyk
  • Ingen dusj på ei veke
  • Å kome svolten på fest

Erling Braut Haaland

Foto: AP Photo/Rui Vieira – @erling.haaland/Instagram

Kvifor? Kven har klart å ikkje få med seg noko om Haaland i år? Han har vore stor og verdsett i lengre tid no, men då han gjekk over til Manchester City i sommar nådde han nye høgder. Han er jo ikkje særleg skummel, med mindre du speler på motstandard-laget!

Kostyme: Her er det høve til å gjera det både enkelt eller avansert.

Du treng:

  • Manchester City drakt med nummer 9
  • Fotballsko
  • Langt blondt hår med undercut
  • Hårstrikk

Eller du kan køyra posh-Haaland:

  • Solbriller
  • Burberry-pysj
  • Rolex på armen (eller som på bilete, ein Audemars Piguet)

Dansande, kvinneleg politikar

Skjermdump frå @TalkTV/Twitter. Illustrasjonar: Clker Free-Vector Images/Pixabay, Nack_Thanakorn, OpenClipart-Vectors/Pixabay//Canva

Kvifor? I august var toppsaka på Dagsrevyen ein dag at den finske statsministeren Sanna Marin hadde dansa på fest. Finske politikarar hadde reagert på den usømmelege oppførselen.

Kostyme: Hugs å dansa å ha det gøy – skumle greier for ein kvinneleg statsminister! 

Du treng:

  • Brunt hår
  • Svart singlet
  • Kvit bukse

Padlande, kvinneleg politikar

Faksimile frå Dagbladet. Illustrasjonar: Nuebee, X. Style, anatolir, forUI/Canva

Kvifor? I sommar vart justisminister Emilie Enger Mehl slått opp på topp av både Hamar Arbeiderblad og Dagbladet fordi ho hadde gjort noko forferdeleg skummelt: å sitta på ein paddleboard, få meter frå land, i Italia, utan redningsvest. Plottblottar: Dette er ikkje ulovleg, verken i Noreg eller i Italia. Det er påbod om bruk av redningsvest om ein er i fart og ikkje nært land.

Kostyme: Dette lettkledde kostymet er for dei som vil ta det litt ekstra langt i oktoberkulda.

Du treng:

  • Lyst hår
  • Bikini
  • Paddleboard og åre

Rentehevingar

Foto: Heiko Junge / NTB. Illustrasjonar: FreeCliparts/Pixabay, Ali Datuin/Sketchify, Umarhayat, Open Clipart-Vectors/Pixabay, Arturszczybylo//Canva

Kvifor: Haustens kanskje mest omtala nyheit: rentehevingane. Noregs Bank meiner me må bruka mindre pengar for at økonomien i samfunnet ikkje skal bli usunn. For å sikre det set dei opp styringsrenta. For dei med bustadlån er det særleg hardt, men for dei som vil inn på bustadmarknaden kan det vera gode nyhende.

Kostyme: Her kan du avgjera kor avansert du vil gjera det. Du kan laga plakatar med ein graf over rentehevingane, kanskje talet på prosentauken i raudt? Du kan køyra namsfogd-stil og krevja inn pengar medan du klirrar med lenker og pengepose, du kan kle deg ut som sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Du treng:

  • Blond bob
  • Drakt med dressjakke og skjørt eller powersuit
  • Viktige papir

Nomi-skjønnheitsklinikk

Kollasj av framtida.no. Illustrasjonar: Popart/comic pop art, Yulia Kostenevich, olhahladiy, Twemoji//Canva

Kvifor? I september slo veninnene Vanessa Rudjord, Synnøve Skarbø og Pia Tjelta stort opp at dei skulle starta ein skjønnheitsklinikk på Frogner i Oslo. Etter berre få timar var landet i harnisk på grunn av kreativ språkbruk i pressemeldinga. Der samanlikna dei aldrande damer med ein Rent-a-wreck-bil, versus ein Jaguar E-type. Mange reagerte også på bruken av ordet kvinnehelse, i det som skulle vera ein klinikk som først og fremst skal gjera kosmetiske behandlingar. Ein genial PR-strategi eller eit mageplask? Vanskeleg å vita, men no veit i alle fall alle om klinikken på Frogner!

Kostyme: Her er det eigentleg mange utkledningsalternativ, kva med Nomi, eller ein Rent-a-wreck, Jaguar E-type eller målgruppa for klinikken?

Du treng:

  • Tettsitjande klede (du trener mykje)
  • Litt Botox (der det er plass til det)
  • Dyr veske
  • Høge helar (utsjånad over komfort)
  • Velstelte negler
  • Eksklusive smykke

Andrew Tate

KVINNEHATANDE RETORIKK: Andrew Tate har profilert seg som ein sjølvhjelpsguru, men er mest kjent for måten han omtaler kvinner. Foto: Skjermdump frå Anything Goes With James English «Andrew Tate – My life as a PIMP», YouTube, 7. september 2022

Kvifor? Sommarens store snakkis. Mannen med kvinnefiendtlege, homofobiske, rasistiske haldningar som skremmer både foreldre og feministar. Påverkaren som gjev råd om korleis tena pengar fort, bli i betre form og få seg dame.

Kostyme: Har du tatt kurset hans og blitt spinnrik kan du slenge på ei Jacob & Co. Bugatti Chiron Tourbillon-klokke til 41 millionar og kome køyrande i ein Lamborghini, Bugatti eller Rolls-Royce. Elles får du halda deg til det grunnleggjande.

Du treng:

  • Fada solbriller
  • Ettersitjande t-skjorte
  • Skinnjakke
  • Lyse bukser
  • Skjegg og bart
  • Sigar

Boris Johnson

Tidlegare statsminister i Storbritannia, Boris Johnson. Foto: FN/Kiara Worth (UN Climate change)

Kvifor? Boris Johnson har vore både hata og elska omtrent sidan første stund. Det er utruleg nok berre snart tre år sidan Storbritannia gjekk ut av EU gjennom Brexit, ein av dei store kampsakene til Johnson. Etter det kom koronapandemien, med strenge restriksjonar. Skandalen «partygate» handla om at han sjølv hadde festar og samlingar, i tida der dette var forbode. I juli byrja tilsette i regjeringa å trekka seg i protest mot at han vart sitjande som statsminister. Det vart verre då det kom fram at han allereie i 2019 hadde fått informasjon om skuldingar mot politikaren Chris Pincher frå same parti, men sa at han hadde gløymt dei. Til slutt gjekk han under for presset og trakk seg som statsminister. Han vart sitjande fram til den nye statsministeren Liz Truss var vald, men hennar statsministerperiode vart ein kortare affære.

Kostyme: Her må ein igjen fram med dressen og rufse til den blonde luggen. Tøys og vink til dei du møter!

Du treng:

  • Mørk dress
  • Lys skjorte
  • Slips
  • Lys lugg
  • Ringperm med viktige papir
  • Britisk overklasseaksent

Fotsveitte

Kollasj. Illustrasjonar: Slidesignus/iconsy/OpenClipartVector-Pixabay – Canva

Kvifor? Forskarar ved Universitetet i Oxford har funne ut at den eklaste lukta i verda er lukta av fotsveitte. Heilt konkret lukta av feittsyre som finst naturleg i matvarer som ost og soyamjølk, men også i fotsveitte.

Kostyme: Her må ein kanskje leggja godviljen litt til, men kva med å printa ut nokre dropar og nokre føter og klaska på seg? Eller berre å kle deg ut som ein svær fot, og lime på printa ut dropar. Eller kanskje ha med seg ei sprayflaske med litt … fotsveitte? Du blir den mest populære på festen.

Du treng:

  • Nøytrale klede
  • Papp eller papir
  • Vond lukt

Johnny Depp og Amber Heard

Foto: (AP Photo/Joel Ryan, File)

Kvifor? Dette vart årets skitstorm i kjendisverda, og ei oppvising i at nokon kan vera skikkeleg kjipe i forhold. Heard skulda Depp for mishandling etter dei vart skilde i 2016, Depp saksøkte henne for æreskrenking for eit innlegg om innlegg om konemishandling som i Washington Post i 2018.

I juni konkluderte ein samrøystes jury med at Heard har ærekrenka Depp. Heard blei dømt til å betala Depp 10 millionar dollar i erstatning og 5 millionar i oppreising. Men, Heard fekk òg medhald i delar av motsøksmålet sitt, som gjekk på æreskrenking gjennom uttalar frå agenten til Depp.  

Kostyme: Eit par-kostyme som berre vert meir autentisk med krangling.

Du treng:

  • Blondt, bølgete, oppsett hår
  • Dus leppestift
  • Øyredobbar
  • Bluse og dressjakke eller draktsett

Eller:

  • Halvlangt, rufsete brunt hår
  • Hatt eller sixpence
  • Solbriller, smykke, ringar og skjerf
  • Bart og hakeskjegg, (som no er fjerna)

Covid-19

Foto: Fusion Medical Animation/Unsplash

Kvifor? Du har kanskje allereie gløymt det, men me levde faktisk under covid-19-restriksjonar fram til februar i år! Det var drit og det var drit å vera sjuk. Ein god periode var det også veldig skummelt. Så det er openbert at det må med på lista.

Kostyme: Her kan du anten kle deg ut som pandemien ved hjelp av effektar som alle har liggjande heime, eller som sjølvaste covid-19, ein grøn eller raud (ingen veit) ball med piggar?

Du treng:

  • Smitteverndrakt
  • Munnbind
  • Antibac
  • Sprøyter
  • Meterstokk

Regnboge-sekk

Foto: Troms og Finnmark fylkeskommune

Kvifor? I mai vart det kjend at Troms og Finnmark fylkeskommune ville markera at det er 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg, ved at førsteklassingane skulle få regnbogeflagg på skulesekken. Dette reagerte KrF kraftig på.

– Skulesekken bør vera utan politiske symbol. Barn bør ikkje bli brukt til å reklamera for denne ideologien, sa KrF-politikar Karin Arnesen Hamnevoll til NRK.

Fylkesordføraren sa at regnbogen er eit allment symbol, og at vi alle er barn av regnbogen.

«Under koronaen var det eit symbol på at alt går bra. Det handlar også om at alle barn er like mykje verd, og at vi skal bidra til mangfald og inkludering, uansett kva seksualitet ein har.»

Kostyme: Her er det vel berre å kle seg ut som ein førsteklassing med sekk med regnboge på!

Du treng:

  • Skulesekk
  • Regnboge
  • Pennalhus

Instagram

Kvifor? Ein av verdas største sosiale medium har i år verkeleg blitt lagt for hat, først og fremst av dei som brukar han mest. Store påverkarar som Kardashian-søstrene og ei rekke andre som har Instagram som ein av sine hovudkanalar, kritiserte dei nye endringane i appen. I sommar gjekk eit bilete med teksten «Make Instagram Instagram again» viralt og har no over 2,2 millionar likes. Samstundes oppretta nokon ei underskriftskampanje om å få tilbake gamle Instagram, og Instagram-sjefen måtte til slutt ut å seia at dei trekker tilbake ei rekke av endringane. Likevel held dei fram eksperimentet og har kanskje mista sine største fans. Kva er skumlare enn det?

Kostyme: Her kan du gå rundt som ei livesending på Instagram, noko som er ganske Instagram-venleg.

Du treng:

  • Ei stor Instagram-ramme
  • Instagram-posering og utsjånad
  • Ring-light
  • Ein god emneknagg