Kva er greia med Andrew Tate?

I august vart påverkaren Andrew Tate stengt ute frå fleire store sosiale medium. Korleis gjekk han frå å vere kickboksing-kjendis til ein av dei mest kjente kvinnehatarane på nett?

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven er Andrew Tate og korleis vart han utestengd frå sosiale medium?

(Oppdatering 25. november: Andrew Tate er aktiv på Twitter att etter at Elon Musk tok over let mange bannlyste personar få kome tilbake.)

«Ein mann som har sex med ei anna kvinne enn kjærasten han elskar er ikkje utru, det er berre trening.»

«Ei kvinne som pratar med ein annan mann er utru.»

«Kvinner må ta ansvar for å bli valdteken.»

Det er nokre av meiningane du kan høyre i videoar med Andrew Tate.

Den kvinnefiendtlege retorikken gjorde at fleire sosiale medium i august valde å stenge han ute.

Sjølv om dei fleste berre har høyrd om mannen dei siste månadane, har han dyrka fram ei lojal tilhengarskare av unge menn over tid.

På Instagram hadde han 4,7 millionar følgjarar før han vart stengt ute, og på TikTok har emneknaggen #andrewtate mange milliardar visningar.

For utanom dei dryge utsegna, inneheld videoane ofte råd om korleis tene pengar fort, bli i betre form og få seg dame. Rett og slett: korleis kan ein bli meir som Andrew Tate?

Men kven er Andrew Tate eigentleg?

Ein slåande karriere

Andrew Tate vart fødd i 1986 i USA, men familien flytta tidleg til England, og det er her han vaks opp.

Som 19-åring starta han med kickboksing. Fire år seinare vart han rekna som den beste i Europa i si klasse i denne sporten.

Andrew Tate med bar overkropp og boksinghandskar i ein kamp

Andrew Tate starta karrieren sin som kickboksar. Her frå ein kamp i 2014. Foto: Lumared, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

I 2013 var Tate verdsmeister i kickboksing i to forskjellige vektklassar, men det var ikkje mange åra før han byrja med heilt andre ting.

Blant anna deltok han i 2016 i den britiske versjonen av reality-programmet Big Brother. Dette var ein av dei første gongene han fekk stor mediemerksemd for språket sitt, etter det kom fram fleire homofobiske og rasistiske tweetar.

Kickboksaren vart kasta av programmet etter det kom ut video der han slo ei kvinne med eit belte. Hendinga skal ifølgje han sjølv og kvinna ha skjedd med samtykke.

Romania og politietterforsking

Etter reality-programmet har Tate hatt fleire prosjekt på gong.

Ifølgje The Guardian flytta Tate til Romania saman med broren medan politiet i Storbritannia undersøkte skuldingar om at han hadde vore valdeleg mot kvinner.

I ein video seier han at det er lettare å kome seg unna skuldingar om valdtekt i Aust-Europa. Tate skal ha uttala at dette «truleg er førti prosent av grunnen» til at han flytta dit.

I Romania tilsette han fleire unge rumenske kvinner, og har ei verksemd der menn betaler i dyre dommar for å prate med desse kvinnene på nettet.

Dette har han og broren tidlegare omtala som ein «total scam», altså ein svindel.

Men det var ikkje heilt fritt fram i Romania. I april i år skal rumensk politi ha ransaka huset til han og broren, etter eit tips om ei kidnappa amerikansk kvinne.

Brørne vart slept fri etter avhøyr, og nektar straffeskuld. Det rumenske politiet etterforskar framleis, og undersøker skuldingar om valdtekt og menneskehandel.

Millionæropplæring

I tillegg til den rumenske webcamverksemda, starta Andrew Tate også Hustler University. Dette er ikkje eit faktisk universitet, men ei side der han profilerer seg som ein millionær og sjølvhjelpsguru.

Ein skjermdump frå ei nettside der det blir oppfpordra til å signere eit abonnement.

Det kostar å lære frå Andrew Tate. Foto: Skjermdump frå hustleruniversity.net, 07 september 2022

På nettsida påstår Tate at dei som kjøper eit abonnement kan bli rike ved å blant anna investere i aksjar og kryptovaluta, og at dei har ekte «millionærprofessorar».

Eit abonnement kostar rundt 500 kroner i månaden, og nettsida påstår at dei har over 100 000 medlem.

Ifølgje The Guardian blir dei som betalar blant anna fortalt at kommentarar og kontroversar er vegen til suksess. «Det du helst vil ha er ei blanding av 60–70 prosent tilhengjarar, og 40–30 prosent hatarar. Du vil ha kranglar, du vil ha krig.»

Utestenging

Dei siste månadene har populariteten til videoane av Tate skote i vêret, særleg på TikTok.

Der har emneknaggen #andrewtate nesten 16 milliardar visningar. Mange av videoane er teke frå Hustler University av folk som har betalt for det.

Aukande popularitet, har også gjort han meir synleg, og det er ikkje alle som likar det han har å seie.

I august vart han utestengd frå dei største sosiale media, inkludert Facebook, Twitter, Instagram, TikTok, YouTube og Snapchat.

Grunngjevinga til alle er at han bryt med brukarvilkåra deira. TikTok påpeiker i eit utsegn til The Washington Post at dei ikkje tillét innhald som trugar eller oppmodar til vald mot ei gruppe basert på kjønn.

Meta, som eig Facebook og Instagram, påpeiker i same artikkel at dei har reglar mot farlege organisasjonar og enkeltpersonar.

Tate påstår sjølv at det han seier om kvinner har blitt teke ut av kontekst.

Ifølgje NRK har Tate vore meir aktiv på plattforma Rumble, som er populær i meir ytterleggåande miljø, etter bannlysinga.

Sjølv om Andrew Tate no ikkje kan ha offisielle kontoar på dei største plattformene, blir videoane hans framleis delt vidare.

Kva tykkjer du om at Andrew Tate blir fjerna frå plattformer?

Kva tykkjer du om at Andrew Tate blir fjerna frå plattformer?

Eg tykkjer det er bra208
Eg tykkjer det er dumt504
Eg er usikker25
Eg bryr meg ikkje41
Svar totalt: 778