Ny forsking: Dette er den beste og den verste lukta som finst

Forskarar har sjekka kva som riv i nasen og ikkje.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior! Der kan du òg lesa om kvifor me vert avhengige av TikTok og få 13 speletips om du elskar gaming.

Når du tenkjer på den beste lukta du veit om, kva tenkjer du på då? Er det kanskje sjokolade, ein parfyme eller roande lavendel?

Forskarar ved Universitetet i Oxford har no funne ut kva som er den beste og den verste lukta som finst på jorda.

Resultatet av forskinga viser at me i stor grad likar dei same luktene, uansett kvar me befinner oss på jordkloden, skriv BBC.

Kan kulturen ha noko å seia?

For å finna fram til eit svar, fekk forskarane hjelp frå ni forskjellige grupper menneske med ulike livsstilar. Desse menneska budde både i regnskogområde, i fjellet, på kysten og i store byar.

Målet med å samla forskjellige folk var å finna ut om kulturen kunne spela inn på kva lukter testpanelet likar best.

Forskarane konkluderte med at kulturen ikkje har noko særleg å seia for kva me synest luktar godt og ikkje.

Vanilje og fotsveitte

Testpanelet på totalt 235 menneske skulle visa seg å vera ganske så samstemde – då dei alle rangerte vanilje som den beste lukta.

Lukta av fersken og lavendel vart også trekt fram som gode lukter.

På botn av lista, kom lukta av ei feittsyre som finst naturleg i matvarer som ost og soyamjølk, men også i fotsveitte.


Sju månader gamle Dolly. Den klona sauen er fotografert på Roslin Institute 25. februar 1997. Foto: AP Photo/Paul Clements