Dette er Storbritannia sin nye statsminister

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som venta, var det Liz Truss som i dag blei presentert som ny leiar for det konservative partiet i Storbritannia.

Etter at Boris Johnson 7. juli trekte seg frå leiarvervet i kjølvatnet av fleire skandalar, har partimedlemmane stemt over kven som skulle ta over stafettpinnen.

Ei rekkje kandidatar blei redusert til to: Utanriksminister Liz Truss og tidlegare finansminister Rishi Sunak.

– Det er ei ære å bli valt som leiar av det konservative partiet, sa Truss på talarstolen etter å ha fått ståande applaus.

Ho takka vidare for «eit av dei lengste jobbintervjua gjennom tidene».

Takka Johnson

47-åringen nytta òg tida på talarstolen til å takke og hylle Boris Johnson.

– Boris, du fekk Brexit utført, du knuste Jeremy Corbyn, du rulla ut vaksinane og du stod opp mot Vladimir Putin. Du blir beundra frå Kyiv til Carlisle.

Truss understreka at ho dreiv valkampen som ein konservativ, og at ho skal leie som ein konservativ. Ho trekte mellom anna fram energikrisa og helsetenesta i landet.

– Mine vennar, eg veit at vi vil levere, vi vil levere og vi vil levere, sa Truss før ho blei avbroten av applaus.

– Vi skal levere ein fantastisk siger for det konservative partiet i 2024, fekk ho avslutta.

Tredje kvinnelege statsminister

Trass i at ho så vidt kara seg gjennom dei innleiande rundane, har Truss leia klart på dei siste meiningsmålingane blant partimedlemmane.

Lizz Truss vann med 81 326 stemmer mot Rishi Sunak sine 60 399 stemmer.

Med partileiarvervet tar Liz Truss automatisk òg over nøklane til 10 Downing Street og blir statsminister i Storbritannia.

Ho vert den tredje kvinnelege statsministeren i britisk historie, i selskap med Margaret Thatcher og Theresa May.

Truss profilerer seg som etterfølgjar av Margaret Thatcher.

Har lova skattelette

– Truss lener seg på tradisjonell konservativ politikk, og vil ha lågare skattar og færre statlege reguleringar.

Det fortel redaktør i britiskpolitikk.no Trine Andersen på e-post til Framtida.no. Andersen har mellom anna arbeidd som stringer for NTB i London, og har dekt fleire britiske val.

Storbritannia opplever for tida den høgste prisstiginga på fleire tiår, og hushaldningar står overfor ein gjennomsnittleg auke på 80 prosent i straum- og gassrekningar, ifølgje NTB. Rekordhøge energiprisar, inflasjon og auka levekostnadar har difor vore temaa som i størst grad har prega leiarkampen.

Motkandidat Rishi Sunak har som finansminister auka skattenivået og lova ytterlegare statleg støtte for å hjelpe britane å betale rekningane sine. Truss har tidlegare avvist direkte utbetalingar og lova lågare skattar.

– Ho har likevel sagt at ho som statsminister vil leggje fram ein hjelpepakke innan ei veke for å takle dei aukande energiprisane. Truss ville derimot ikkje kome med detaljar, så vi veit ikkje kva det betyr, utdjupar Andersen.

Ansvarleg redaktør i britiskpolitikk.no Trine Andersen har følgt britisk politikk tett i fleire tiår, og har dekt fleire britiske val. Foto: Privat

Lang erfaring

Andersen trur Truss sine lovnader om skattekutt appellerte til mange av partimedlemmane.

– Vi skal hugse at eit fleirtal av dei er kvite menn som bur i Sør-England, og slett ikkje er representative for befolkninga som heilskap.

– At Truss har lang regjeringserfaring, er nok også noko som har hatt betydning. Ho har sete i regjering frå 2014, både under David Cameron, Theresa May og Boris Johnson. Det siste året har ho vore utanriksminister.

Liz Truss og Rishi Sunak kjem til Queen Elizabeth II centre i London for annonseringa av kven av dei som blir partileiar og statsminister. Foto: AP Photo/Alberto Pezzali

Lojal mot Johnson

Trine Andersen trur vidare at Sunak har blitt straffa fordi han trekte seg som finansminister i protest, noko som av mange blei tolka som at han dolka Boris Johnson i ryggen.

– Johnson er framleis populær blant mange konservative partimedlemmar, og mange er framleis forbanna på at han blei pressa til å gå av.

Ei meiningsmåling blant medlemmane i det konservative partiet syner at dersom Boris Johnson stilte igjen, ville han vunne suverent over både Liz Truss og Rishi Sunak.

Liten ung påverknad

Blant dei om lag 200 000 medlemmane av det konservative partiet som vel ny partileiar og dimed ny statsminister, er det berre 6 prosent som er mellom 18 og 24 år.

– Så dei unge har ikkje hatt mykje å seie i valet av Truss, konstaterer Andersen.

Ho legg til at det konservative partiet ikkje har stor oppslutning blant unge. Ved parlamentsvalet i 2019 var det berre 21 prosent av dei mellom 18 og 24 år som stemte konservativt, medan 56 prosent stemte på Labour, viser tal frå YouGov.


Tidlegare ordførar i London, Boris Johnson, fotografert under valkampen i 2011. Foto: Andrew Parsons/ Parsons Media