Desse ti bøkene ville amerikanske bibliotek forby i fjor

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at amerikanarar har freista å fjerne Harry Potter-serien frå bibliotek fordi bøkene «inneheld faktiske forbanningar og trylleformlar»?

Eller at John Green sin roman Looking for Alaska i 2016 var ei av bøkene som flest ville fjerne, fordi ho skildrar ei sexscene som somme frykta kunne føre til at studentar dreiv med «seksuell eksperimentering»?

Kvart år publiserer American Library Association (ALA) oversikta over kva ti bøker som oftast har vorte freista fjerna frå amerikanske bibliotek, skular og universitet. 

I løpet av dei siste åra har sensurforsøka auka.

Forbyr bøker om skeive og ikkje-kvite

Ifølgje tal frå PEN America har 1145 bøker av 874 ulike forfattarar vorte bannlyste frå skulebibliotek og klasserom mellom 1. juli 2021 og 31. mars 2022.

41 prosent av desse bøkene inneheldt ein ikkje-kvit hovudkarakter eller sekundærkarakter, medan 33 prosent omhandla LHBTQ+-tema.

Tidlegare i år fjerna skular i Tennessee over 300 bøker frå bibliotekhyllene, fordi styresmaktene i staten føreslo å forby bøker om LHBTQ+ og om Black Lives Matter.

I 2021 registrerte ALA 1597 individuelle bøker, som hadde vorte freista forbodne. Det er det høgaste talet sidan dei byrja registreringa for 20 år sidan.

Dette er bøkene som oftast vert forsøkt fjerna:

Gender Queer: A Memoir (2019) av Maia Kobabe

Gender Queer ein sjølvbiografisk teikneserie, som skildrar forfattaren sin oppvekst fram til hen finn ut at hen er utanfor den binære kjønnsmodellen.

Boka vert freista bannlyst på grunn av LHBTQIA+-innhald og fordi ho inneheldt det somme meinte var seksuelt eksplisitte bilete.

I slutten av august avviste domstolen i Virginia eit søksmål som freista å stemple boka som usømeleg, og forby ho frå å verte seld til mindreårige.

Lawn Boy (2018) av Jonathan Evison

Den semi-sjølvbiografiske Lawn Boy er forfattar Jonathan Evison si femte bok. Ho handlar om meksikansk-amerikanske Mike Muños, og korleis det er å vekse opp i eit USA der du ikkje passar inn i den amerikanske draumen.

Boka har vorte forbode i skular i Utah, og forsøkt forbode i endå fleire, fordi ho inneheld LHBTQIA+, og fordi somme meiner ho er seksuelt eksplisitt.

All Boys Aren’t Blue (2020) av George M. Johnson

Essaysamlinga All Boys Aren’t Blue er skrive av journalist og aktivist George M. Johnson. I boka utforskar forfattaren sin eigen oppvekst som ein svart og skeiv, og tek føre seg tema som kjønnsidentitet, giftig maskulinitet, familie, samtykke, brorskap og strukturell marginalisering.

All Boys Aren’t Blue har vorte fjerna fordi ho omfattar LHBTQIA+-innhald, banning og fordi nokre meiner ho er seksuelt eksplisitt.

Out of Darkness (2015) av Ashley Hope Perez

Romanen Out of Darkness er soga om vidaregåandeeleven Naomi. Ho er meksikansk-amerikansk og har nettopp flytta til Texas. Der møter og forelskar ho seg i afroamerikanske Wash. Boka er sett til 1930-talet og Naomi og Wash bur i ein segregert by, der rasismen alltid er nær.

Boka har vorte bannlyst fordi ho omtalar misbruk og vert hevda å vere seksuelt eksplisitt.

The Hate U Give (2018) av Angie Thomas

Då The Hate U Give vart gjeven ut i 2018 debuterte boka på førsteplass på bestseljar-lista til The New York Times. Ho vart verande på lista i minst 249 veker, og vann fleire prisar.

Boka handlar om 16 år gamle Starr Carter som er vaksen opp i eit fattig, svart lokalmiljø og går på ein fin privatskule. Ein kveld vert ho vitne til at barndomskameraten Khalil vert skoten og drepen av ein kvit politimann. Khalil var uvæpna og drapet skapar avisoverskrifter over heile landet. Det påverkar òg Starr.

The Hate U Give har vorte fjerna frå skulebibliotek i mellom anna Texas. Grunnen skal vere at boka inneheld banningvald og vert skulda for å ha ein bodskap som er anti-politi og for indoktrinering av ein sosial agenda.

The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian (2007) av Sherman Alexie

Den illustrerte ungdomsromanen The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian handlar om 14 år gamle Junior som har vakse opp på eit reservat i nærleiken av Washington. Junior var fødd med tilstanden vasshovud, som har gjort at han ser dårleg, stammar og kan få anfall. Etter ein dårleg første dag på ungdomsskulen, byter Junior til ein skule der han er den einaste med urfolksbakgrunn.

Boka er skriven i dagbokstil og har vorte hylla av kritikarane og priskomitear.

Mellom 2010 og 2019 var The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian boka som hadde vorte forsøkt forbydd flest gongar.

Nokre av grunnane til at ho har vorte bannlyst er fordi ho inneheld banningseksuelle referansar og brukar ein nedsetjande term.

Me and Earl and the Dying Girl (2015) av Jesse Andrews

Greg Gaines går siste året på vidaregåande, og held låg profil. Han har éin venn, Earl, heilt fram til mora ber han om å plukke opp att vennskapet med Rachel, som har fått kreft. Me and Earl and the Dying Girl er noko så sjeldan som ei morosam bok om døden.

Boka har vart filmatisert med same tittel i 2015, og vann både publikumsprisen og juryprisen under filmfestivalen Sundance same året.

Me and Earl and the Dying Girl har vorte forsøkt fjerna fordi somme meinte ho var seksuelt eksplisitt og nedverdigande mot kvinner.

The Bluest Eye (1970) av Toni Morrison

The Bluest Eye er første boka til forfattar Toni Morrison, som i 1993 fekk Nobelprisen i litteratur.

Historia er sett til 1941 og vert fortalt gjennom 9 år gamle Claudia, som får ei fostersøster som heiter Pecola. Pecola er afroamerikansk og har vakse opp med ein alkoholisert far som misbrukar ho. Heile livet har ho vorte fortald kor «stygg» ho er, og vesle Pecola drøymer difor om blå auge.

Boka vert fjerna fordi ho inneheld overgrep mot mindreårige, og vert rekna som seksuelt eksplisitt.

The Bluest Eye har vorte forsøkt bannlyst i over 40 år. Ho var den 34. mest bannlyste boka i USA mellom 1990-1999, før ho rykka fram til 15. plass mellom 2000-2009 og 10. plass mellom 2010-2019.

This Book is Gay (2014) av Juno Dawson

This Book is Gay er skriven av Juno Dawson, og er mest som ei handbok som gjev deg svar på alle spørsmål lesaren har om kjærleik, identitet og sex.

Ho knuser mytar om skeive personar på eine sida og gjev deg tips om korleis du kan flørte på neste.

Boka har vorte forsøkt fjerna fordi ho gjev seksualopplysning og grunna LHBTQIA+-innhald.

Beyond Magenta: Transgender Teens Speak Out (2014) av Susan Kuklin

Til boka Beyond Magenta har forfattar Susan Kuklin intervjua seks unge som er transpersonar eller kjønnsnøytrale. Dei fortel sine eigne historier, om kven dei er og korleis dei vert møtte av familie og omverda.

Beyond Magenta har vorte forsøkt forboden fordi ho inneheld LHBTQIA+-innhald og fordi somme meinte ho var seksuelt eksplisitt. 


Les også:

Les også: Zahra (31) er dømd til døden for å «promotere homoseksualitet»

Foto: sina drakhshani on Unsplash, Skjermdump frå 6rangIran/YouTube