Russland: Nytt lovforslag vil forby «homopropaganda» mot vaksne

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.11.2022 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2013 vedtok Russland ei lov som gjorde det ulovleg å spreie «propaganda om ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar» til mindreårige. Lova vert omtalt som antihomolova.

No har det kome eit nytt lovforslag som skal gjere slik «propaganda» ulovleg også mot vaksne.

Det melder VG, som først omtalte saka.

– Viser jarnneven

Menneskerettsorganisasjonar har gong på gong åtvara om at lova frå 2013 set barn og unge i fare, fordi ho hindrar dei i å finne informasjon om rettane dei har og deira fysiske og psykiske helse.

Den europeiske menneskerettsdomstolen har òg slått fast at lova bryt med menneskerettane.

– Med denne nye lova tek styresmaktene av silkehansken og viser jarnneven som heile tida har vore skjult under denne, men som skeive over heile Russland sjølvsagt allereie har kjent på i snart ti år. Men det er klart – når silkehansken er av vil slaget ramme hardare og treffe fleire.

Det seier Patricia Kaatee, Russland-rådgjevar hjå Amnesty, til VG.

Kaatee peikar på at lova frå 2013 har ført til auka hatkriminalitet og dårlegare rettsvern mot diskriminering for skeive i Russland.

Blant dei verste i Europa

I årets regnbogekart frå paraplyorganisasjonen ILGA Europa, som kartlegg vilkåra for skeive i europeiske land, hamnar Russland på 46. plass av 49 land.

Valentina. Foto: Privat

I eit intervju publisert hjå Framtida.no i fjor, uttalte Valentina Likhosjva frå Barents Pride at situasjonen i Russland hadde vorte verre og ville verte endå verre:

– Eg jobbar med saker som å verne retten til å leve, til å vere fri frå vald, auke kor synleg LHBT+ er, og for å redusere stigma mot LHBT+. Alt dette arbeidet vert utført i ein kontekst med diskriminerande lover og trakassering frå politiet og statsapparatet, sa ho då.

Risikerer millionbot

Den foreslegne lova skal gjelde «bevisste offentlege handlingar for å spreie informasjon som populariserer eller pålegg ikkje-tradisjonelle seksuelle forhold,» ifølgje VG.

Om ein bryt lova kan vanlege borgarar verte straffa med bøter frå 6.200 kroner medan såkalla «juridiske personar» kan verte bøtlagde opptil kring 1,5 millionar norske kroner.

Forslaget har støtte frå partiet Sameint Russland (Единая Россия), og vil truleg verte vedteke i Dumaen.


Florida-guvernør Ron DeSantis signerer the Parental Rights in Education bill, også kalla Don’t say gay-lova. Foto: Douglas R. Clifford/Tampa Bay Times via AP