Pride-arrangement avlyst – Oslo Pride oppmodar om å ikkje møte
Etter råd frå politiet vert Pride-paraden avlyst. Oslo Pride oppmodar alle om å følgja politiet sine anbefalingar og ta vare på kvarandre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me er rysta og har fått beskjed av politiet om at alle arrangementer vert anbefalt avlyst, seier leiar for Oslo Pride, Inger Kristin Haugsevje til TV 2, som først meldte om saka.
Oslo Pride skriv på sine Facebook-sider at dei avlyser etter å ha fått tydeleg råd og anbefaling av politiet om at paraden, Pride park og andre arrangement i samband med Oslo Pride vert avlyst.
Ta vare på kvarandre
– Oslo Pride oppmodar difor alle som har planlagt å delta på eller sjå parade om å ikkje møte. Alle arrangement i tilknytning Oslo Pride vert avlyst, heiter det i pressemeldinga.
Oslo Pride oppmodar alle om å følgja politiet sine anbefalingar og ta vare på kvarandre.
– Varme tankar og kjærleik går til pårørande, skadde og andre berørte. Me skal snart vere stolte og synlege igjen, men akkurat i dag skal me halde og dele pridemarkeringane heimefrå, seier leiar i Oslo Pride og Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold.
Les også: To drepne og mange skadde då mann skaut folk på utestad der mange var samla for å feire Pride