Fotballforbund ber FIFA ta Qatar-grep

Kompensasjonsfond, mottakssenter for migrantarbeidarar og LHBT-støtte er tiltaka dei ber FIFA gjennomføre.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei rekkje fotballforbund har sendt tre forslag til FIFA om korleis ein kan bøte på menneskerettsbrota i Qatar i samband med fotball-VM.

Forslaga er som følgjer:

  • Opprette eit mottakssenter for migrantarbeidarar
  • Eit kompensasjonsfond for alle dei som har blitt offer for arbeidsulykker
  • Alle kapteinar kan bere kapteinsbind som markerer støtte til inkludering

Det fortalde visepresidenten i det franske forbundet, Philippe Diallo, ved opninga av Think Football-forumet.

Noregs fotballforbund (NFF) stadfestar til Framtida.no at dei er eit av forbunda som står bak forslaga.

Kontroversielt VM

20. november startar fotball-VM for herrar i Qatar. Tildelinga av verdsmeisterskapet har vore kontroversiell, og arrangøren blir skulda for omfattande brot på menneskerettar. Det gjeld både arbeidsforholda til migrantarbeidarar og vilkåra for skeive i vertslandet.

Ei undersøking frå The Guardian i februar 2021 synte at 6500 hadde døydd på VM-byggjeplassane sidan tildelinga i 2010.

Denne veka vart det klart at fleire franske byar nektar å vise kampar frå det komande fotball-VM-et på storskjerm. Her i Noreg har ABC Nyheter bestemt seg for å ikkje dekkje kampane i turneringa.

«Effektive og pragmatiske»

Fleire menneskerettsorganisasjonar har tatt til orde for å opprette eit kompensasjonsfond.

Amnesty International meiner fondet må ha eit minimumsbeløp på 400 millionar dollar. Organisasjonen kritiserte for eit par veker sidan det franske fotballforbundet for å ikkje offentleg støtte eit slikt fond, slik mellom anna det tyske og nederlandske forbundet hadde gjort.

No følgjer altså Frankrike etter. Forbunda sende ifølgje avisa Le Parisien over dei tre forslaga for å bøte på menneskerettsbrota til FIFA tysdag. Diallo i det franske forbundet fortel at dei prøver å vere effektive og pragmatiske med tiltaka dei føreslår.

– Valet vårt er å støtte utviklinga, og ikkje å boikotte, for å sikre, utan arroganse overfor arrangørlandet, at utviklinga vi byrjar å sjå kan halde fram, seier han ifølgje avisa.

OneLove-kampanjen

Eit av forslaga forbunda har sendt til Fifa, er å sikre at alle kapteinar kan bere kapteinsbind som syner støtte til inkludering. 10 nasjonar har allereie slutta seg til OneLove-kampanjen for inkludering og mot diskriminering. Desse har brukt kapteinsbinda i dei siste Nations League-kampane.

Det kvite kapteinsbindet har eit hjarte med regnbogefargar og teksta «1 love». I Qatar er homofili ulovleg, og kan bli straffa med fengsel. Mange har uttrykt uro for tryggleiken til LHBT+-personar i samband med meisterskapet.

Noreg brukte kapteinsbindet i Nations League-kampen mot Serbia i september. Serbia meinte då at kampanjen var unødvendig.

– Eg tenker det er veldig bra at vi er med, og at vi kan gjere noko med andre land og forsterke bodskapen på den måten. Eg tenker det er bra at vi er med, og så får dei svare for kva dei tenker, sa Martin Ødegaard til NRK.

Noregs Martin Ødegaard under fotballkampen i Nations League mellom Noreg og Serbia på Ullevaal Stadion. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Det var det nederlandske fotballforbundet som lanserte kampanjen. Desse har slutta seg om han:

  • Nederland
  • Frankrike
  • England
  • Belgia
  • Danmark
  • Tyskland
  • Sverige
  • Noreg
  • Sveits
  • Wales

– Å bere armbandet saman på vegner av laga våre sender ei tydeleg melding når verda ser på oss, uttalar England-kaptein Harry Kane, ifølgje ESPN.

Fotballforbunda ber no Fifa sikre at slike band kan bli brukte under kampane i Qatar.

Klaveness i samtale med Qatars første homofile

Noregs Fotballforbund (NFF) er ein del av initiativet gjennom UEFA si menneskerettsgruppe (Working Group on Human and Labour Rights).

På eit ekstraordinært fotballting i 2021 blei det vedteke at Noreg ikkje skal boikotte Qatar-VM, men heller slutte seg til Qatar-utvalet sine 26 tiltak. Desse er knytt til korleis NFF kan bidra til varige endringar i Qatar og FIFA, nedkjempe sportsvasking og styrke arbeidet med menneskerettar.

Fotballpresident Lise Klaveness møtte 22. september Qatars første opne homofile, Nasser Mohamed, digitalt. Mohamed, som har flytta til USA, stod fram offentleg som homofil i mai i år, er LHBTQI+-aktivist og leier kampanjen Love is not a crime.

Han har tidlegare kritisert NFF. NFF skriv at dei er positive til å støtte Mohamed sitt arbeid.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Nas Mohamed (@dr._nass)

– LHBTQI+ rettar er viktig i samband med alle fotballmeisterskap, uansett kvar i verda dei skjer. Men, eit meisterskap i eit land der homofili er forbode set miljøet under spesielt press, seier Klaveness på NFF sine nettsider.

– Det blir viktig for alle forbund som er engasjert i denne saka å følgje med på dette miljøet spesielt etter meisterskapet og sørgje for at utsette grupper blir høyrde, sett og hjelpt.

Fotballpresident Lise Klaveness har fått Fritt Ords Honnør etter at ho heldt ein tale om menneskerettsbrot og diskriminering på FIFA-kongressen i Qatar tidlegare i år.


  • Les også: Sjokkrapport for amerikansk kvinnefotball om seksuell trakassering
Kvinne triksar med fotball

SJOKKRAPPORT: Kvinnefotballen må ta eit oppgjer med trenarkulturen, viser ein ny rapport. illustrasjonsfoto: Rhett Lewis on Unsplash