No er det ulovleg å undervise om LHBT+ i Florida
Don't say gay-lova er skriven under, trass i åtvaringane om kor skadeleg ho kan vere for unge skeive.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag signerte Florida-guvernør Ron DeSantis den såkalla Don’t say gay-lova. Ho forbyr undervisning om seksuell orientering og kjønnsidentitet i skulen fram til 3. klasse, eller dersom det ikkje er «alderspassande».
– Vi vil sikre at foreldre kan sende ungane sine til skulen for ei utdanning, ikkje ei indoktrinering, sa DeSantis før han signerte lova.
Bak han heldt tilskodarar plakatar med påskrifta Protect Children/Support parents.
Det melder nyheitsbyrået AP News.
Møter omfattande kritikk
Den republikanske senatoren Dennis Blaxley, som fremja lovforslaget, hevdar lova er eit tiltak for å sikre foreldre sin rett til å bestemme korleis barna deira vert oppdregne.
Men kritikarar av lova peikar på at ho skapar eit skadeleg miljø, der det ikkje er rom for å prate om seksuell orientering, og at ho i tillegg er altfor vag.
Den no signerte lova seier at:
«klasseromsundervisning av skuletilsette eller tredjepartar om seksuell orientering eller kjønnsidentitet kan ikkje føregå frå barnehage til tredje klasse eller på eit vis som ikkje er alderspassande eller utviklingspassande for studentar i samsvar med staten sine standardar».
PEN America peikar på at formuleringar som alderstilpassa, utviklingstilpassa og i samsvar med staten sine standardar alle er uklåre, noko som kan gjere at lærarar lyt tolke lova så snevert som mogeleg for å unngå straff.
– Det medvitent vage språket i lova gjer lærarane redde for å snakke med studentane sine og opnar for at skuledistrikt kan verte utsette for dyre og usaklege søksmål frå dei som freister å ekskludere LHBTQ-personar frå alle klassar, seier Carlos G. Smith til AP News.
Han er demokrat og sjølv homofil, og meiner at det verste med lova er at ho sender ein hatefull beskjed til sårbare unge som treng støtte.
Biden: – LHBTQI+-ungdomane våre fortener aksept
Etter lova vart signert skreiv president Joe Biden på Twitter at hans administrasjon vil halde fram med å kjempe for kvar einaste student og familie, både i Florida og elles i USA:
– Alle studentar fortener å kjenne seg trygge og velkomne i klasserommet. LHBTIQ+-ungdomane våre fortener stadfesting og aksept akkurat som dei er, skreiv presidenten.
Every student deserves to feel safe and welcome in the classroom. Our LGBTQI+ youth deserve to be affirmed and accepted just as they are. My Administration will continue to fight for dignity and opportunity for every student and family — in Florida and around the country.
— President Biden (@POTUS) March 28, 2022
Samstundes har Walt Disney Company, som nyleg møtte krass kritikk for å ikkje ta offentleg avstand frå den kontroversielle lova, annonsert at dei som selskap vil arbeide for at lova vert oppheva igjen.
- Visste du at den norske lova tillet forskjellsbehandling av homofile lærarar? – Eg har sett meg lei på at konservativt religiøse menneske skal kunne få rakke ned på, mobbe og diskriminere skeive, utan at dette bryt norsklov