Oscar, gullfisk, pilot og bunad: Her er 17 gode nyhende

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pandaen er ikkje lenger utrydningstruga

Pandaen har vore utrydningstruga i over 50 år. Trass i at pandaen framleis er ein sårbart art, melde BBC i fjor at han ikkje lenger er utrydningstruga.

Pandaen har lenge vore offer for krypskyting, sidan pelsen har blitt sett på som både sjeldan og svært verdifull.

Les meir her.

Lagar kjønnsnøytral bunad: – For nokre betyr det mykje

Det er brukt tradisjonell bunadssaum og -stoff i den nye kjønnsnøytrale bunaden frå Embla bunader, mellom anna rekonstruert kalemank og damask. Det er også laga ei rimelegare jakke i velur frå Tyrihans. Foto: Helle Navratil / Embla bunader

– For mange betyr det ingenting at vi lagar kjønnsnøytrale bunader, men for nokre betyr det mykje. Eg ønsker at vi skal vere ein stad der folk kan komme med personlege ønske, seier dagleg leiar Marianne Lambersøy til Stavanger Aftenblad.

Lambersøy i Embla bunader fortel at dei har merka etterspurnad etter eit kjønnsnøytralt alternativ og vil ha noko å tilby til alle kundegrupper. Dei har brukt tradisjonell bunadssaum og -stoff, og Lambersøy er oppteken av at det er ein bunad, ikkje ei festdrakt.

Les meir her.

Etter 462 dagar på Atlanterhavet, fann Karel (11) den uvanlege båten i «bakhagen» sin

Karel Nuncic (11) og kvalpen hans, fann denne båten i fjæra. Den hadde kome heilt frå USA, og vore 462 dagar på havet. Foto: Privat

– Eg fann båten 650 meter vekke frå huset mitt, seier Karel Nuncic (11).

Via Facebook hadde han og familien blitt kjent med at ein 5. klasse frå New Hampshire i USA hadde sendt ut ein heimelaga båt for over eitt år sidan.

Båten var utstyrt med ein GPS, som gav amerikanarane beskjed om at båten hadde gått på land i Noreg, og nærare bestemt på heimstaden til Karel.

Dette trigga noko i 11-åringen, som melde seg frivillig til skattejakt…

Les meir her.

I fjor fekk Kristian (17) sitt første kamera – no er han Årets unge naturfotograf

Kristian Sagmo står tidleg opp og tar bilete i helgene. Foto: Privat/Kristian Sagmo

Før 2021 hadde ikkje Kristian Sagmo noko som helst erfaring som fotograf. No har han fått utmerkinga Årets unge fotograf i NM i naturfoto.

Les meir her.

Medisinstudentar skipa seksuell helse-fag for å bryte tabu

Medisinstudentane Maria Mangersnes (23) og Magnus Hofbauer (22) etterlyste meir fokus på seksuell helse i utdanninga.

No er valfaget Seksuell helse og mangfald på plass hjå Universitetet i Bergen. Faget har dei to medisinstudentane både vore med å utarbeide, og søkt seg inn på.

Les meir her.

Dillon (8) sneik boka han laga inn på biblioteket – no er det ti års venteliste på ho

Foto: Alex Hartman, Ada Community Library

Dillon Helbig lurte den heimelaga boka si inn i hylla på biblioteket. No er det 150 folk som ventar på å låna boka. Det betyr at det er 10 års venteliste!

– Eg hadde ein plan. Eg heldt handa framføre tittelen på boka, og så sette eg ho i hylla. Då det var gjort, tok eg ned ei anna bok for å skjula at eg hadde sett mi eiga bok i hylla, ler Dillon.

Les meir her.

Ny verdsrekord: Dette er den yngste kvinna som har floge rundt jorda ålene

Den belgisk-britiske tenåringspiloten Zara Rutherford poserer med tommelen opp etter å ha landa på Kortrijk flyplass i Belgia, torsdag 20. januar 2022. Foto: AP Photo/Geert Vanden Wijngaert

Fem månader etter at ho flaug av garde i august 2021, har Zara Rutherford (19) greidd målet sitt: å bli den yngste kvinna som nokon gong har floge rundt jorda åleine.

Les meir her.

Norske barn har samla inn over éin million kroner til Ukraina: – Heilt fantastisk

Storm har fått skryt av både lærarar og andre for prosjektet han har sett i gong. – Og så var eg i lokalavisa og i lokalradioen til NRK, det var kjekt, seier han. Foto: Privat

Storm Sigmo Skipstad (11) snikrar eigne fuglekassar, malar dei i fargane til det ukrainske flagget – og gir alle pengane til Redd Barna sitt arbeid med krigsoffera i Ukraina.

– Eg har samla inn 12.500 kroner. Det er mykje pengar, seier Storm.

Aldri før har barn i Noreg samla inn så mange pengar, på så kort tid. Den nye rekorden grusar tidlegare rekordar hjå Redd Barna. På litt over ein månad har norske barn samla inn nesten 1,1 millionar kroner til barn som er råka av krig i Ukraina.

Les meir her.

NTNU-studentar vil skriva norsk romhistorie – byggjer satellittar som skal sendast til verdsrommet

styret i Orbit, her saman med representantar frå det tyske luftfartselskapet ISAR og NTNU. Alle foto: Orbit NTNU

Frå campus i Trondheim arbeider ein gjeng studentar på spreng. Dei om lag 60 studentane i Orbit NTNU gjer det dei kan – og litt til, for at akkurat dei skal vera med på å skriva norsk romfartshistorie.

Målet er at dei skal byggja den første heilnorske satellitten som også skal skytast opp frå norsk jord.

Les meir her.

Forskarar har lært gullfiskar å køyra bil

Illustrasjonsfoto: Gabriel Kidegho/Unsplash

Forskarar i Israel ville sjekke om gullfisk greier å finna vegen sjølv, og utvikla ein spesiell robotbil som dei har gitt namnet «Fish Operated Vehicle / FOV». Denne kunne gullfisken køyra framover, bakover og frå side til side.

Les meir her.

Gabriel (12) vart mobba for å ha 6 følgjarar på Instagram – no har han nesten 260.000 og har samla inn 3 millionar til Ukraina

Gabriel Clark syner fram Ukraina-bollen han har laga. Foto: Instagram @clarkie_woodwork

Heilt sidan han var liten og fekk låne bestefaren sin hammar, har engelske Gabriel Clark (12) elska trearbeid.

Men det var ikkje alle som tykte hobbyen var like kul, og Gabriel vart gjort narr av for å ha berre seks følgjarar på Instagram-kontoen der han delte bilete av arbeidet sitt….

Les meir her.

Historisk Oscar-utdeling: – Der er verkeleg ein plass for oss

Ariana DeBose under vinnartalen for Beste kvinnelege birolle i “West Side Story” på Oscar-utdelinga 27. mars 2022. (AP Photo/Chris Pizzello)

– Til alle som noko sinne har stilt spørsmål ved sin eigen identitet, eller til deg som lever i gråsonene, så lovar eg deg dette: Der er verkeleg ein plass for oss.

Det sa Ariana DeBose frå scena, då ho mottok Oscar for beste kvinnelege birolle for innsatsen som Anita i West Side Story.

31-åringen den første opent skeive, ikkje-kvite kvinna til å vinne Oscar for skodespelet sitt.

Les meir her.

Vald mot born er no forbode i Somaliland

Somaliland innførte i år lova Children`s Act som skal verna born mot all vold og diskriminering. Illustrasjonsfoto: Plan International / Matthew Kisa

Somaliland innførte 1. februar i år lova Somaliland Children’s Act. Den skal verna born mot all vald og diskriminering. Lova inkluderer mellom anna vern mot kjønnslemlesting av jenter.

Les meir her.

Sara (16) forska seg til topps i «Unge forskere»

– Eg har alltid hatt lyst til å studera medisin, og den lysta har blitt større etter dette, seier Sara før ho legg til: – Eg har verkeleg sett kor fantastisk desse samanhengane i medisinen fungerer i praksis. Lysten har utan tvil blitt sterkare, seier ho. Foto: Privat

Sara Janvin (16) hadde aldri hadde nok timar i døgnet til både fysisk aktivitet og skulearbeid. Kunne ho greia å få det til på ein smart måte?

Ja, slår den prisvinnande forskinga hennar fast.

Les meir her.

Utfordra Ed Sheeran på TikTok – no har dei lansert låt saman frå krigssona i Ukraina

@antytila_official World premiere: Ed Sheeran ft Antytila! Out know! @edsheeran #antytila #edsheeran #2Step #ukraine ♬ 2step (feat. Antytila) – Ed Sheeran

Medlemmane i det populære ukrainske bandet Antytila tenestegjer i krigen mot Russland.  I mars gjekk bandet viralt då dei tok til TikTok for å tilby seg å opptre frå frontlinja på ein støttekonsert for Ukraina. Konserten vart arrangert i Birmingham og inkluderte store namn som Ed Sheeran.

Konsertarrangørane takka nei fordi gruppa var med i militæret, men teamet til Ed Sheeran tok ballen vidare og føreslo eit samarbeid med Antytila der inntektene går til Ukraina.

Les meir her.

Kråker skal plukka opp sigarettsneipar frå gatene

Illustrasjonsfoto: Kråke blant bos på parkeringsplass i Lillehammer.
Foto: Paul Kleiven / NTB

Opptrente kråker blir det nyaste verktøyet i svenske Södertälje for å unngå gateforsøpling.

– Dei er villfuglar som deltek på frivillig basis, seier Christian Günther-Hanssen, grunnleggjar av Corvid Cleaning, til The Guardian.

Corvid Cleaning er ei nystarta svensk bedrift som har spesialisert seg på å trena kråker opp til å plukke bos i bytte mot mat. Bedrifta meiner dette kan spara store summar for kommunane i reinhaldsutgifter.

Les meir her.

Skattekart med over 300 000 meteorittar på Antarktis

Antarktis gøymer framleis mange uoppdaga meteorittar. Foto: House Photography/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Nye kalkuleringar frå nederlandske og belgiske forskarar tilseier at det truleg finst meir enn 300 000 meteorittar på Antarktis, og som enno ikkje er funne.

Ved hjelp av kunstig intelligens har forskarar laga eit skattekart over kor meteorittane truleg gøymer seg på det islagde kontinentet. 

Les meir her.