Historisk Oscar-utdeling: – Der er verkeleg ein plass for oss

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Til alle som noko sinne har stilt spørsmål ved sin eigen identitet, eller til deg som lever i gråsonene, så lovar eg deg dette: Der er verkeleg ein plass for oss.

Det sa Ariana DeBose frå scena, då ho mottok Oscar for beste kvinnelege birolle for innsatsen som Anita i West Side Story.

31-åringen den første opent skeive, ikkje-kvite kvinna til å vinne Oscar for skodespelet sitt.

I takketalen sin bad ho publikum sjå føre seg ho som barn, som ei lita jente i baksetet på ein kvit Ford Focus:

– Sjå inn i augo hennar: Du ser ei opent skeiv, ikkje-kvit kvinne, ei afrolatina, som fann styrken sin i livet gjennom kunst, sa vinnaren.

60 år sidan første Anita fekk prisen

I salen sat også skodespelar Rita Moreno, tydeleg rørt. Ho spelte Anita då West Side Story første gong vart film i 1961. Prestasjonen sikra Moreno den same Oscar-prisen for 60 år sidan, noko som gjorde ho til den første latin-amerikanske kvinna til å hente heim statuetten noko sinne.

No er Moreno og DeBose dei to første kvinnene til å begge vinne Oscar for same rolla.

Frå scena hylla DeBose forgjengaren sin for å vere ein stor inspirasjon:

– Din Anita bana veg for tallause Anita-ar som meg. Og eg elskar deg så mykje, sa DeBose til Moreno.

– Dette er vårt augeblikk

Det var ikkje berre Ariana DeBose som hadde ein minneverdig søndag.

Troy Kotsur (53) vann Oscar for beste mannlege birolle for rolla som Frank i filmen CODA. 

Kotsur vart dimed den andre døve skodespelaren i Oscar-historia til å vinne ein skodespelarpris.

CODA-kollega Marlee Matlin var den første då ho vann i 1986 for filmen Children of a Lesser God. Matlin var då 21 år gammal, og er framleis den yngste til å vinne Oscar i beste kvinnelege skodespelar-kategorien.

– Det er utruleg å vere her på denne reisa. Eg kan ikkje tru eg er her, sa Kotsur frå scena på teiknspråk.

Oscar-vinnaren fortalde kor fantastisk det er at filmen har nådd publikum over heile verda, og takka CODA-regissør Sian Heder for å ha ført den døve og den høyrande verda saman.

Kotsur avslutta talen med å seie at prisen tilhøyrer det døve miljøet, CODA-miljøet og alle med nedsett funksjonsevne.

– Dette er vårt augeblikk. 

Dette er vinnarane i hovudkategoriane:

Beste film 

Belfast
CODA – vinnar
Don’t Look Up 

Drive My Car
Dune
King Richard 
Licorice Pizza
Nightmare Alley 
The Power of the Dog
West Side Story 

Beste kvinnelege skodespelar

Jessica Chastain, The Eyes of Tammy Faye – vinnar
Olivia Colman, The Lost Daughter
Penélope Cruz, Parallel Mothers
Nicole Kidman, Being the Ricardos
Kristen Stewart, Spencer

Beste mannlege skodespelar

Will Smith, King Richard – vinnar
Javier Bardem, Being the Ricardos
Benedict Cumberbatch, The Power of the Dog
Andrew Garfield, Tick, Tick…Boom!
Denzel Washington, The Tragedy of Macbeth

Beste kvinnelege birolle

Jessie Buckley, The Lost Daughter
Ariana DeBose, West Side Story – vinnar
Judi Dench, Belfast
Kirsten Dunst, The Power of the Dog
Aunjanue Ellis, King Richard

Beste mannlege birolle

Ciarán Hinds, Belfast
Troy Kotsur, CODA – vinnar
Jesse Plemons, The Power of the Dog
J.K. Simmons, Being the Ricardos
Kodi Smit-McPhee, The Power of the Dog

Beste regi

Belfast, Kenneth Branagh
Drive My Car, Ryusuke Hamaguchi
Licorice Pizza, Paul Thomas Anderson
The Power of the Dog, Jane Campion – vinnar
West Side Story, Steven Spielberg

Beste originalmanus

Belfast og Kenneth Branagh – vinnar
Don’t Look Up
King Richard
Licorice Pizza
Verdens verste menneske