Medisinstudentar skipa seksuell helse-fag for å bryte tabu
I august sende dei e-post til fakultetet, no er valfaget på plass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Medisinstudentane Maria Mangersnes (23) og Magnus Hofbauer (22) etterlyste meir fokus på seksuell helse i utdanninga.
No er valfaget Seksuell helse og mangfald på plass hjå Universitetet i Bergen. Faget har dei to medisinstudentane både vore med å utarbeide, og søkt seg inn på.
Det melder Studvest, som først omtalte saka.
Trygge legar og legekontor
Maria Mangersnes fortel Studvest at ho opplever ein del usikkerheit kring seksuell helse og pasientkommuniasjon når ho snakkar med medstudentar. Ho er sjølv på sitt niande semester i medisinutdanninga.
– Det er jo ofte mykje tabu rundt sex og kjønn i samfunnet, og då er det viktig at vi som legar er trygge nok til å spørje og ta opp seksuell helse i ulike situasjonar i møte med pasientane, seier ho til avisa.
Det nye valfaget skal gje dei komande legane kunnskapane dei treng for å møte pasientar med problemstillingar knytt til seksualitet eller kjønn på ein trygg og god måte.
Etter å ha teke emnet skal studentane mellom anna:
- ha kjennskap til ulike omgrep.
- ha kunnskapar om sjukdomar som kan gjere seksualitet vanskeleg og korleis utgreie, diagnostisere og behandle desse.
- ha kunnskapar om behandlingstilbod til transpersonar.
- ha kunnskapar om kva sjukdomar og lidingar – både fysiske og psykiske – som er hyppige blant LHBTQ+-personar, og korleis legar kan bidra til å førebygge desse.
Til Studvest fortel Magnus Hofbauer at mangfald er ein hjartesak for han, og understrekar kor viktig det er å få vere seg sjølv, også på legekontoret.
- Jomfruhinna, trygge periodar og debutalder: Trur du på ei av desse mytane om seksualitet?
Les også om kvardagen som sexolog: – Eine fastlegen fortalde at han hadde eit så stramt fjes og var mann, så ingen snakka med han om seksualitet – han trong difor heller ikkje kunnskap om det.