Sara (16) forska seg til topps i «Unge forskere»

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om roboten som har sett rekord i høgdehopp og Tine som er profesjonell cosplayer

Ho fekk seg eit lite sjokk då ho fann ut at ho fekk førstepremien i ungdomsskuleklassen til «Unge forskere». Dette er ein forskingskonkurranse for ungdom, som Forskingsrådet arrangerer kvart år.

– Det er kjekt å føla at eg fekk betalt for alt det harde arbeidet eg har lagt ned, seier ho.

Sara går på British International School of Stavanger.

To fluger i ein smekk

Førstepremien i ungdomsskuleklassen til «Unge forskarar» får 10.000 kroner. Desse pengane skal Sara bruka på ein ny PC. – Viss eg skal gjera nye prosjekt, treng eg ein skikkeleg PC, seier ho. Dette bildet er tatt under eit av forsøka til studien.

Ideen om kva ho skulle forska på, kom då ho syntest at det var vanskeleg å få tid til både fysisk aktivitet og skule. Ein av brørne hennar, som jobbar som psykolog, kom med eit godt tips.

– Han fortalde meg at fysisk aktivitet har noko å seia for kor mykje du hugsar av det du les eller høyrer, fortel Sara før ho legg til:

– Eg fekk liksom aldri tid til å både gjera skule og å vera fysisk aktiv. «Kan eg finna ein måte å effektivt kombinera dette, så er det to fluger i ein smekk», tenkte eg.

Minne og fysisk tilstand går hand i hand

Og forskinga hennar, den skulle visa seg å gå veldig bra. Ho måtte dobbeltsjekka at tala stemde.

– Eg vart veldig overraska over resultata. Det viste seg at det er ein klar samanheng mellom minne og fysisk tilstand, seier Sara.

Begge brørne til Sara har tidlegare vunne Unge forskarar-konkurransen. – Derfor vart det ekstra kjekt at eg også har vunne konkurransen no, seier Sara. Ho skryt av dei begge, som har kome med hjelpsame innspel gjennom heile prosjektet. Dette bildet er tatt under eit av forsøka til studien.

Forskinga viste at du hugsar meir når du er i den same fysiske tilstanden, som du er i under ein situasjon der framkalling av minne er viktig. Eit døme er eksamen.

– Er du roleg under eksamen, bør du vera så roleg som mogleg når du les til den. Er du stressa, er det viktig å gjenskapa det ved å auka hjarterytmen eller kroppstemperaturen. Det kan du gjera ved å bruka eit teppe eller driva med fysisk aktivitet.

Juryen var frå seg av begeistring over kva Sara hadde fått til. I grunngjevinga står det mellom anna at: «Eksperimentet var solid sett opp og elegant utført, og oppgåva er godt skriven og relevant for eit breitt publikum. Juryen er mektig imponert over kvaliteten.»

Trykk på biletet, så vert det større!

– Finn din ting og bruk det

Ifølgje Sara er dette på grunn av korleis minna våre blir forma. Ho fortel at den fysiske tilstanden til dei aller fleste, blir til ein del av sjølve minnet.

– Hjernen vil lettare kunna leita etter minna ein treng, for eksempel under ein eksamen, viss kroppen din er i den samma fysiske tilstanden som då du las, seier Sara og legg til:

– Greier du å analysera korleis kroppen din reagerer på ein eksamenssituasjon, vil det bli lettare å finna triksa som passar nettopp deg. Finn din ting og bruk det, seier Sara.