Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lære kule eksperiment frå Newton-Ane og lese om det dyraste Pokémon-kortet i verda!
Biblioteket har alltid vore ein favorittplass for Dillon og foreldra hans. Dei bur i den amerikanske delstaten Idaho.
– Eg har hatt lyst til å jobba der sidan eg var fem år, fortel Dillon til Framtida Junior.
Mor, Susan Helbig, smiler og nikkar.
– Ja, me har vore der sidan han var liten. Me sit gjerne der for å lesa og kosa oss, fortel ho.

Ein dag fekk Dillon ei raud skrivebok frå bestemor si. Den bestemte han seg for å fylla med teikningar og tekst.
Då han hadde fylt heile 81 sider, bestemte han seg for å ta boka med på biblioteket.
Eventyrbok
– På framsida av boka skreiv eg «The adventure of Dillon himself», fortel Dillon.
Han har nemleg valt å bruka seg sjølv som hovudkarakter i historia. Han jobba intenst med skriving og teikning i fire heile dagar for å gjera ferdig boka.
– Når han får ein idé stoppar han ikkje før han er ferdig, fortel mora Susan.

Sneik boka inn
Men tilbake til dagen då boka hamna i hylla på biblioteket.
– Eg hadde ein plan. Eg heldt handa framføre tittelen på boka, og så sette eg ho i hylla. Då det var gjort, tok eg ned ei anna bok for å skjula at eg hadde sett mi eiga bok i hylla, ler Dillon.
Då han kom heim utan den raude boka, trudde mora at han hadde gløymt den på biblioteket – så ho ringde for å høyra om dei hadde sett den.
– Dei som jobbar der fann den og dei sa dei elska den. Dei likte ideen så godt – og sjefen tok den med heim til sonen sin. Han synest det var den kjekkaste boka han nokon gong hadde lese, fortel ho.

Ny bok på gang
No er Dillon i full gang med ei ny bok.
– No er eg ferdig med 53 sider, og denne handlar om eit skap som et jakker. Den er basert på ei sann historie. Dette har faktisk skjedd med meg, fortel Dillon.
– Då han kom heim frå barnehagen mangla det veldig ofte ei jakke – så då tulla me med at skapet i barnehagen et jakker, smiler far hans, Alex.
- Les også: NTNU-studentar vil skriva norsk romhistorie – byggjer satellittar som skal sendast til verdsrommet

driva med dette i årevis, seier han.