Denne saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Mali (15) som er lei av at jenter vert dømde annleis enn gutane på fotballbana!
– Slik som alle som har lært seg å sykla eller å køyra bil veit, var det utfordrande i byrjinga, seier Shachar Givon i ei pressemelding.
Ho er ein av forskarane som står bak studien med gullfisk som sjåførar. Saman med fleire andre forskarar ved Ben-Gurion University of the Negev i Israel, ville ho finna ut om gullfisk hadde evna til å finna vegen, sjølv under noko me kan kalla svært uvanlege tilhøve.

Og jammen skulle det visa seg at gullfiskane hadde full kontroll – sjølv på tørt land.
Saka er omtalt av fleire internasjonale medium, deriblant News for Kids.
Nytta eit heilt spesielt system
For å sjekka om gullfisken greidde å finna vegen, utvikla forskarane ein spesiell robotbil som dei har gitt namnet «Fish Operated Vehicle / FOV». Denne kunne gullfisken køyra framover, bakover og frå side til side.
Ein gullfisk vart plassert inne i ein vasstank om bord på FOV-en. Ved å nytta eit heilt spesielt system, kunne forskarane sjå kva veg gullfisken sumde inne i tanken, og FOV-en køyrte slik i den same retningen som gullfisken.
Men kva skulle gullfisken faktisk finna fram til? Jo – eit rosa teikn inne i eit lite rom.

Viste stor framgang
FOV-en med gullfisken vart plassert inne i rommet der forsøket vart registrert. I starten tok det opp mot ein halv time før gullfisken greidde å finna fram til det rosa teiknet. Men etter litt øving, hadde fisken greidd det på under eit minutt!
Då han hadde greidd å finna fram, fekk han mat som belønning.
Eksperimentet viste forskarane at gullfiskar greier å finna fram til eit mål. I tillegg greidde dei å unngå å bli lurt av andre fargar enn rosa i det vesle rommet. Dei greidde også å frigjera «robot-bilen» då han stod fast inntil ein vegg.
Her kan du sjå ein video om eksperimentet: