NTNU-studentar vil skriva norsk romhistorie – byggjer satellittar som skal sendast til verdsrommet

Frå campus i Trondheim arbeider ein gjeng studentar på spreng. Dei om lag 60 studentane i Orbit NTNU gjer det dei kan – og litt til, for at akkurat dei skal vera med på å skriva norsk romfartshistorie.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore interessert i verdsrommet, men som barn tenkte eg at det ville bli vanskeleg å jobba med det. Eg trudde at den einaste moglegheita var å bli astronaut, og det er det jo nesten ingen som blir, seier Eivind Heggset (27).

Men dette skulle endra seg då han vart kjend med studentorganisasjonen Orbit NTNU i 2020. Spolar me to år fram, kan han i dag smykka seg med tittelen som sjef for dei i overkant av 60 studentane som brukar all si ledige tid utanom studia, til å jobba med satellittar.

Målet er at dei skal byggja den første heilnorske satellitten som også skal skytast opp frå norsk jord.

For å få til dette, er ein avhengig av folk med ulik kompetanse. Heggset kan fortelja at studentane i organisasjonen studerer alt frå filmvitskap til industriell økonomi til kybernetikk. Dei er med andre ord ein svært kompetent gjeng – som på kort tid også er blitt ein svært ettertrakta gjeng.

For å laga ein satellitt, treng ein tid og god hjelp. To av dei som har lagt ned mykje jobb, er Mari Linnerud og Magnus Mæhlum. – Det er mange som har heia og stilt opp når me har trunge hjelp, seier Heggset.

Ikkje tid til deltidsjobb

– No når me nærmar oss mål med dei to satellittane me arbeider med, ser me kva me faktisk har fått til – og det er me veldig stolte av, seier han.

Dei to prosjekta det er snakk om, går under namna SelfieSat og FRAMsat-1. SelfieSat skal sendast ut i verdsrommet med hjelp frå SpaceX i USA, medan FRAMsat-1 skal skytast opp frå Andøya i Noreg, seint i 2022.

Historisk sett har dei aller fleste oppskytingane til verdsrommet skjedd i USA, Russland og i Kina. Det vil derimot Orbit gjera noko med, då FRAMsat-1 blir den aller første fullstendige satellitten som vert skoten opp frå Nord-Europa. Det er tydeleg at Heggset synest akkurat det er ordentleg kult, og naturleg nok er desse dagane svært travle for studentane i bartebyen.

– No jobbar me dagleg med desse prosjekta. Me gjer alt frå programmering til å setja saman og optimalisera bygget, til utvikling av kablar, lodding av kretskort og marknadsføring.

Ein gong i veka samlast alle i Orbit, slik at dei kan diskutera, kasta ball og jobba saman om dei forskjellige oppgåvene. Utanom desse samlingane, estimerer Heggset at kvar enkelt student kvar veke brukar om lag 15 timar på prosjekta. Dermed blir det ikkje mykje tid att til deltidsjobbar ved sidan av studia – noko studentane synest er heilt innanfor.

– Dei som er med i Orbit, er definitivt ein gjeng som synest at dette er kjekt å bruka tida si på. Me er alle samde om at det er utruleg kult å laga noko som skal sendast til verdsrommet.

Eivind Heggset er klar på at han har draumejobben. – Eg håpar eg kan driva med dette i åresvis, seier han.

Ser fram mot sommaren

Når han får spørsmål om kor lang tid det tek å byggja ein satellitt frå idé til ferdig produkt, synest Heggset det er vanskeleg å svara. Likevel er han klar på at det er snakk om eit endelaust tal med timar.

– Me har periodar der me må bestemma oss for ting som må skje akkurat no. Då jobbar me døgnet rundt. Og så er det rolegare tider.

Slik ser satellitten med namn «SelfieSat» ut. I sommar skal han sendast ut i verdsrommet.

Akkurat no er dei inne i ein travel periode, då prosjektet med namn SelfieSat byrjar å nærma seg ferdig.

Prosjektet vart starta opp i 2018, og den vesle boksen har gjort det tydeleg for studentane at det å byggja ein satellitt faktisk ikkje er noko å kimsa av.

Timane er mellom anna brukt til å lesa seg opp på tidlegare likande prosjekt, og Heggset nemner fleire flinke folk som har stilt opp for å hjelpa når det har vore naudsynt.

– Me har fått god hjelp av mange flinke folk på NTNU som hadde erfaringar me kunne læra av. I tillegg har me også hatt god hjelp frå fleire selskap. Dei har heia og stilt opp når me har trunge hjelp, seier han.

Allereie no i mars skal SelfieSat og kompanjong Heggset reisa til USA, der ferda mot det spennande verdsrommet verkeleg startar.

Når me er komne til sommaren i år vil han etter planen vera på veg ut i det endelause – og gjengen i Orbit håpar den vesle boksen kan vera med på å gi svar på fleire spennande spørsmål.

Vil ta verdas første space selfie

– Det er vanskeleg å setja seg inn i det satellittane gjer. Mykje er vanskeleg å forstå, men også veldig viktig arbeid. Derfor ville me laga noko som me kan læra mykje av – men som også er morosamt og enkelt for kven som helst å forstå, seier Heggset.

Viss me først og fremst tek for oss den viktige delen av arbeidsoppgåvene til SelfieSat, er det enkelt fortalt å læra oss om korleis ein komprimenterer bilde via satellitt. Greier ein å bli god på å få lasta ned mest mogleg informasjon på minst mogleg plass, får ein totalt sett til å senda fleire bilde raskare. Ifølgje Heggset er dette viktig lærdom.

– I dag er mykje av jordobservasjonane våre basert på bilda som blir tatt i rommet. Greier me å komprimera dataa, vil me kanskje få sjå meir relevant data på kortare tid.

I tillegg til komprimering, skal satellitten også ta med publikum på ferda. Han er nemleg utstyrt med ein skjerm og ei selfiestang.

Skuleklassar har sendt inn bilde som blir med satellitten ut i verdsrommet. Når han er på plass, skal han ta ein selfie frå selfiearmen sin. Målet er at bildet skal visa skuleklassen på SelfieSat sin innebygde skjerm, med verdsrommet i bakgrunnen.

– Me er av dei første som bruker ein skjerm rett ut i verdsrommet. Sidan der er masse stråling der, veit me ikkje korleis det kjem til å gå. Viss me er heldig kan selfiearmen læra oss korleis skjermar reagerer på å vera i verdsrommet, seier Heggset.

Viss alt går som Orbit håpar, kan selfie-armen til SelfieSat ta verdas første space selfie.

– Litt MacGyver

No når satellitten er sett saman og alle bugs er fjerna – startar den spennande ventetida. For korleis kjem det til å gå i sommar?

Heggset fortel at den vesle boksen blir putta inn i ein dispenser som skal frakta han ut i verdsrommet frå toppen av ein SpaceX-rakett. Dei er godt kjende for å vera gode på oppskyting, og Orbit er sikker på at denne delen av prosessen kjem til å gå fint.

Derimot er det knytt litt meir usikkerheit til det som skjer etterpå. For der er det mykje som kan gå gale.

– SpaceX plasserer satellitten der me vil ha han, men så kjem det store spørsmålet: Har me gjort alt rett? Mengdene av sensorar på satellitten kjem til å fortelja han at han må slutta å snurra, og korleis han skal plassera seg slik me vil ha han.

Går dette som det skal, er neste utfordring å få selfie-armen til å komma seg ut i posisjon. Armen er laga av noko så enkelt som eit måleband og eit fiskesnøre.

– Målebandet er pakka saman i toppen av satellitten. Me varmar opp komponentane i han og når det blir varmt nok, smeltar fiskesnøret. Då blir loket opna, og armen hoppar ut. Etter kvart vil han forhåpentlegvis stabilisera seg, seier Heggset og legg til:

– Det er litt MacGyver over det heile, men me trur det er ein lur måte å løysa det på.

Mari Linnerud, Ulrik Falk-Petersen, Sven Amberg, Amund Gjersvik, Isak Andrade Sæternes, Håkon Kindem, Robin Solheim, Sindre Herstad, Natanael Ferreira Hjermann, Torbjørn Bratvold, Patrick Nikolay Falkeid, Eivind Eikli Heggset, Patric André Berthelsen, Sander Waage Kvalsvik og Fredrik Sommerfelt Grønvold er av dei mange som er med i Orbit.

Mange usikkerheitsmoment, men stor tru

Korleis det heile kjem til å gå, er med andre ord framleis veldig usikkert. Det er mykje som kan gå gale, både under oppskyting og når satellitten eventuelt skal gå i gang med jobben han faktisk er i verdsrommet for å gjera.

– Det er mange steg igjen til me er der at selfien er på plass og at bilda blir sende tilbake til jorda. Viss me berre får kommunisert med satellitten, er me fornøgde. Men sjølvsagt trur me at det andre også skal gå bra, seier Heggset.

Forhåpentlegvis har dei både svaret og selfiar eit par veker etter raketten går opp i sommar. Heggset er i alle fall klar på at dette er draumejobben.

– Viss du brenn for noko, må du ta dei moglegheitene du får. Det er så kult å jobba med noko som er så kjekt. Eg håpar eg kan driva med dette i åresvis.


Nima Shahinian i romdrakt framfor romskipsimulator i Star City i Moskva.
Foto: Jan Kenneth Diesen, FUSE / NTB