«6 gode grunnar til at verda ikkje går til helvete»

Marte Hansen Haugan
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vald mot born er no forbode i Somaliland

Somaliland innførte 1. februar i år lova Somaliland Children’s Act. Den skal verna born mot all vald og diskriminering. Lova inkluderer mellom anna vern mot kjønnslemlesting av jenter.

Somaliland innførte i år lova Children`s Act som skal verna born mot all vold og diskriminering. Illustrasjonsfoto: Plan International / Matthew Kisa

I 2021 blei det samla inn 243 millionar kroner under TV-aksjonen til Plans arbeid mot borneekteskap. Generalsekretær i Plan International Norge, Kari Helene Partapuoli seier at utviklinga gjekk i riktig retning før pandemien, og sjølv om vi har sett nokre tilbakeslag no, er det mogleg å få til store endringar. Så lenge ein trur på det sjølv, er det mogleg, sjølv innan tilsynelatande fastlåste situasjonar.

Kamikatsu resirkulerer 80 prosent av avfallet sitt

I 2016 blei det globalt produsert over 2 milliardar tonn avfall. For å oppnå meir berekraftig ressursbruk og hindra at avfallet forsøplar og forgiftar omgjevnadane vert det gjort tallause tiltak verda rundt.

Ein stad som har utmerka seg innan resirkulering er den japanske bygda Kamikatsu. Fram til 1998 kasta bebuarane i Kamikatsu alt søppelet sitt i ei stor grop i bakken og brann det. Alt frå matavfall, sengetøy, kjøleskåp og bilar. Det førte til luftforurureining og andre negative konsekvensar for miljø, dyr og menneske.

Styret i bygda prøvde å løyse problemet med å investera i forbrenningsomnar. Det funka diverre ikkje, og då måtte leiinga finne ei anna løysing – resirkulering.

INOW er eit program som førte til at frivillige gjekk rundt og fortalde bebuarane om det nye systemet bygda skulle få til å fikse problemet. Det kravde store vaneendringar og var ikkje like lett for alle, men dei klarte det likevel.

I 2020 resirkulerte Kamikatsu 80 prosent av avfallet sitt i heile 45 ulike kategoriar.

Pandaen er ikkje lenger utrydningstruga

Pandaen har vore utrydningstruga i over 50 år. Trass at pandaen framleis er ein sårbart art, melde BBC i fjor at han ikkje lenger er utrydningstruga.

Pandaen har lenge vore offer for krypskyting, sidan pelsen har blitt sett på som både sjeldan og svært verdifull.

Kina starta arbeidet med å redde pandaen allereie i 1940. Arbeidet gjekk ut på å laga fleire reservat kor pandaen kunne leva fritt i sitt naturlege habitat.

I dag er omlag 67 ulike reservat spreidd rundt i den sørvestlege delen av Kina. Dei har som oppgåve å verna bambustre, som er pandaens hovudkjelde til næring, og verna pandaen mot jakt og avskoging.

Ein panda fotografert i dyrehagen i København. Illustrasjonsfoto: Lukas W., Unsplash.com

App har sytt for 135 millioner måltid

Verdas første app mot hungersnaud, ShareTheMeal, har sidan 2016 gjort det mogleg for folk å dela måltidet sitt med svoltne born i utviklingsland, alt ved hjelp av nokre få tastetrykk.

Grunnleggjarane Sebastian Stricker og Bernard Kowatsch ville gjera det raskt og enkelt å bidra i kampen mot svolt. I april 2014 kom dei opp med ideen om å danna ShareTheMeal, noko dei fekk stor støtte til å gjennomføra av frivilljuge bidragsytarar.

For berre åtte kroner, kan ein velje kor i verda ein ønskjer at UN World Food Programme (WFP) skal bistå, og med det enkle steget, har ein sytt for at nokon som verkelig treng det, har fått eit måltid.

Illustrasjonsfoto: UN Photo/Logan Abassi / Flickr/ Foto via:
Attribution-NonCommercial-NoDerivs 2.0 Generic
(CC BY-NC-ND 2.0)

Global plastavtale skal fikse verdas plastproblem

Verdas klima- og miljøministrar møttest til FNs femte miljøforsamling i Nairobi tidlegare i år. Formålet var å finna ei løysing på verdas plastproblem.

Møtet varte over fleire dagar, og onsdag 2. mars var det klart: 175 nasjonar støttar resolusjonen.

FN skal laga ein juridisk bindande avtale for å stansa plastforsøplingan i verda. No skal det settast ein komitè som skal utarbeida ein detaljert avtale ut av rammeverket som er på plass. Planen er at avtalen skal vere ferdigstilt og ferdigforhandla i 2024.

Illustrasjonsfoto: Naja Bertolt Jensen, Uns

Toppmøte skapar tru på framskritt for funksjonshemma

Fleire enn 7000 delegatar frå 44 land deltok i februar på toppmøtet for inkludering av personar med funksjonsnedsettingar.

Over 1300 forpliktingar for korleis ulike land kan syta for betre inkludering i det globale sør blei lagt fram. Ein må sjølvsagt vurdera substansen i desse forpliktingane før ein kan seie noko om resultatet, men auken i talet på forpliktingar frå det første toppmøtet viser at dette er av aukande betydning, fortel Lykke Stavnes i Atlas-Alliansen til Verdens Beste Nyheter.

Fotballspelarar fotografert i Idlib-provinsen i Syria. Illustrasjonsfoto: Anas Aldyab, Pexels.com


Gabriel Clark syner fram Ukraina-bollen han har laga. Foto: Instagram @clarkie_woodwork