Opptrente kråker blir det nyaste verktøyet i svenske Södertälje for å unngå gateforsøpling.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Corvid Cleaning er ei nystarta svensk bedrift som har spesialisert seg på å trena kråker opp til å plukke bos i bytte mot mat. Bedrifta meiner dette kan spara store summar for kommunane i reinhaldsutgifter.
Det skriv svenske Aftonbladet.
Frivillig arbeid
Villfuglane skal motiverast til å gjera arbeid mot å få ein matbit for kvar sneip dei leverer i ein maskin designa av Corvid Cleaning.
– Dei er villfuglar som deltek på frivillig basis, seier Christian Günther-Hanssen, grunnleggjar av Corvid Cleaning, til The Guardian.

Ifølgje Håll Sverige Rent vert det kasta rundt 1 milliard sneipar i svenske gater kvart år.
- Les også: Tinder-match på Antarktis, emukrig og lukta av verdsrommet: Ni fakta som gjev deg hakeslepp
Sneip full av plast
Ifølgje den norske bedrifta Sneipfritt endar om lag 2,4 millionar sneipar på norsk grunn årleg. I 2019 var sneipen det mest representerte avfallet i Oslo, og ser ut til å vera ein trend som gjeld for heile verda.
– Uansett kor du kastar ein sneip – på bakken, i skogen, i elva eller når du dyttar den ned eit kumlok, så endar han opp med å forureine naturen og havet, skriv bedrifta på sine sider.
Ein sneip inneheld nemleg 95 prosent plast og kan bruka opp til 15 år på verte broten ned naturleg. Plasten i sigarettsneipar er òg veldig giftig, og inneheld tungmetall og kreftframkallande stoff som er skadeleg for dyr, plantar og miljø, skriv Forskning.no.
Kan spara enorme summar
I Södertälje brukar dei om lag 20 millionar svenske kroner på gatereinhald i året. Günther-Hanssen meiner kråkehjelpa kan spara minst 75 prosent av kostnadane som går til å plukka opp sneipar i byen.
Byen skal no rulle ut eit prøveprosjekt, før dei eventuelt startar reinhaldsarbeidet med kråkehjelp i heile byen.