Krigen i Ukraina: – Openbenbert at Noreg må bidra med lånegaranti

Fleire foreslår no at Noreg står som garantist på eit stort lån til Ukraina. Leiaren i Unge venstre meiner det er ein veldig god idé.

Einar Nygaard
Publisert

Heilt sidan starten av krigen mellom Russland og Ukraina i 2022, har Russland hatt fleire hundre milliardar euro «fryst» i europeiske bankar. Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har dei siste vekene jobba for at desse pengane skal betalast ut til Ukraina. Forslaget vert no diskutert i EU-parlamentet.

Knut Anton Mork er professor på NTNU, og tidlegare sjefsøkonom i Handelsbanken. | Foto: Vidar Ruud / NTB

22. oktober foreslo økonomane Håvard Halland og Knut Anton Mork i eit innlegg i Project Syndicate at Noreg kunne vere garantist på dette lånet, altså at staten tek rekninga om Ukraina ikkje kan betale tilbake.

Knut Anton Mork seier det var viktig for han å skrive innlegget, fordi store ting står på spel i Europa.

– Då er det viktig å snu kvar stein, seier han på telefon til Framtida.no

Økonomisk risiko

Omar Svendsen-Yagci er leiar i Unge Venstre. Han meiner også at EU bør låne Ukraina pengane.

– Eg meiner det er veldig riktig strategi frå EU si side å gi Ukraina det lånet. Det er ledig kapital ein kan bruke for å sørge for at Ukraina vinn krigen, seier han.

– Det er òg er ei god moglegheit til å legge press på Russland, slik at dei gir seg og at Ukraina får fridomen sin attende, meiner han. 

Omar Svendsen-Yagci, leiar i Unge Venstre | Foto: Magnus Rotevatn

Sjølv om fleire land stiller seg bak forslaget, held Belgia igjen. Dei har det meste av pengane, og er redde for at dei blir sittande med konsekvensane for å betale tilbake pengane.

– Når krigen er over, kan russiske myndigheiter gjere krav på pengane. Om dei då får medhald, må pengane betalast tilbake til dei, seier Mork.

Derfor ønskjer Belgia ein klar avtale om kven som står som garantist.

Ein større risiko å la Putin vinne

Svendsen-Yagci meiner Norge bør ta ansvar, og at det er verdt risikoen.

– Det er eine og aleine Putins skuld at denne krigen held fram, og fordi Noreg har profittert på krigen må vi ta ansvar. Vi i Noreg har levd på smør og honning som følge av pengane vi har tent på krigen, så det skulle berre mangle at vi bidrar.

Han meiner Noreg må bidra med ein lånegaranti, aleine eller med EU.

– Kva tenkjer du er risikoen med ein slik garanti?

– Det er ein større risiko å la Putin vinne, både økonomisk og med tanke på fridom. Det er ei farleg verd som eit lite land. Då er vi avhengige av at land respekterer folkeretten, og at store ikkje angrip små. Derfor må Noreg og EU stå saman bak Ukraina.

Eit politisk fond

Også tidlegare Nato-sjef Anders Fogh Rasmussen, har sagt at Noreg bør vere garantist. I kommentarfeltet til saka i Aftenposten, skriv fleire at dei er skeptiske til forslaget. Ein person skriv at: «Han kan og skal ikke bestemme over våre pensjonspenger! Hvem skal Norge få hjelp fra når kassen er tom?»

Økonom Mork er skeptisk til slike kommentarar.

– For det fyrste er det ikkje snakk om å bruke oljefondet, det er berre snakk om å stå som garantist, og det kan vi med vår kreditt, seier han.

– Vidare er det ein illusjon å halde på at oljefondet ikkje er politisk. Det er det for stort til. Det er etter mi meining umogleg å sjå det som apolitisk, seier han.

Framtida.no har spurt Finansdepartementet kva dei tenkjer om forslaget.

– Ukraina er avhengig av framleis militær og sivil støtte i forsvarskampen sin mot Russland. Det har stor verdi at fleire land stiller opp saman for å finansiere det dei treng, slik Noreg òg bidreg tungt til, skriv statssekretær Ellen Reitan (Ap) på e-post til Framtida via ein kommunikasjonsrådgjevar.

Ho peikar på at Noreg har gitt totalt 227 milliardar kroner til Ukrainas forsvarskamp, inkludert forslaget til statsbudsjett for 2026.

– Så langt vi veit, er det ikkje fryste verdiar frå den russiske sentralbanken i Noreg, understrekar statssekretæren.

Statssekretær Ellen Reitan | Foto: Ida Laingen / Finansdepartementet

– Vi følgjer tett med og held fram dialogen med EU-kollegaar, men må avvente endeleg avgjerd i EU før vi kan vurdere dette nærare, uttalar ho.

Sverige, Finland og Danmark har stilt seg bak forslaget. Forhandlingane er venta å fortsette på neste EU-møte, som blir heldt i desember.