Norske barn har samla inn over éin million kroner til Ukraina: – Heilt fantastisk

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior.

– Det er gøy, og så kjennest det veldig rett.

Det seier Storm Sigmo Skipstad (11) til Framtida Junior, då han får spørsmål om korleis det kjennest å bidra for dei som er råka av krigen i Ukraina.

Han har nemleg tatt hammaren i eigne hender den siste månaden. Med god hjelp frå ein onkel i byggebransjen som ville donera materiale, og pappaen sin til sjølve bygginga, har han laga 40 fuglekassar som han har selt.

Dalane Tidende omtala denne saka først.

– Dei som er i Ukraina, treng pengar

– Eg hadde uansett tenkt at eg ville laga fuglekassar. Men så kom eg på at dei som er i Ukraina, treng pengar. Mange av dei er på flukt og i krig, seier Storm.

Storm er veldig opptatt av fuglar, og likar seg godt i naturen. Mellom anna har han bygd fleire hytter i skogen. At dette kunne kombinerast med litt business, passa han midt i blinken.

– Storm er ein liten business-mann. Han såg sitt snitt til å tena pengar på noko som han har laga sjølv, seier mamma Ragna Sigmo Skipstad.

– Det var skikkeleg gøy, seier Storm og smiler.

Les også: Ingen russiske eller kviterussiske lag får delta på Norway Cup

30 av fuglekassane laga Storm og pappa på ein enkelt dag. – Det som tek tid, er å måla fuglekassane i fargane til det ukrainske flagget, seier han. Foto: Privat

30 av fuglekassane laga Storm og pappa på ein enkelt dag. – Det som tek tid, er å måla fuglekassane i fargane til det ukrainske flagget, seier han. Foto: Privat

Har samla inn 12.500 kroner

For å nå ut til nærmiljøet, la Storm plakatar i postkassane til naboane sine, og mamma Ragna la ut ein post på Facebook. Det skulle visa seg å fungera.

No har nemleg Storm selt alle dei 40 fuglekassane, og allereie er han i gang med ti til – fordi det har vore så god respons og stor givarglede.

– Eg har samla inn 12.500 kroner. Det er mykje pengar, seier Storm.

Han fortel at det er stor stas å sjå korleis arbeidet hans lyser mot han, når han bevegar seg rundt i nærmiljøet sitt. Og jammen treng han ikkje gå langt før han ser dei gule og blå fuglekassane.

– Berre når eg går ut døra, så ser eg ein av naboen, ein av bestemor, og ein rett borti gata. Det er veldig kult.

Les også: Frå skodespelar til president: Kven er Volodymyr Zelenskyj?

Rekordinnsamling for Redd Barna

Aldri før har barn i Noreg samla inn så mange pengar, på så kort tid. Den nye rekorden grusar tidlegare rekordar hjå Redd Barna. På litt over ein månad har norske barn samla inn nesten 1,1 millionar kroner til barn som er råka av krig i Ukraina.

– Det er heilt fantastisk, og nesten litt overveldande å sjå kor stort engasjementet er. Me har aldri sett noko liknande, seier Bertine Henriksen og Kristin Sommerseth til Framtida Junior.

Dei jobbar som rådgjevar i marknadsavdelinga og som medierådgjevar i Redd Barna, og fortel engasjert om den nye innsamlingsrekorden.

For å forstå kor mykje pengar det er snakk om, samlar barn i Noreg i gjennomsnitt inn 2,2 millionar kroner kvart år. No har halvparten av denne summen blitt donert på litt meir enn ein månad.

– Me har aldri sett noko liknande, og har aldri før fått inn så mykje pengar på ein månad. Det er heilt fantastisk.

Bertine Henriksen og Kristin Sommerseth jobbar som rådgjevar i marknadsavdelinga og som medierådgjevar i Redd Barna. Foto: Redd Barna/Aleksander Eide

Mange kreative idear

Halvparten av pengane er donert frå basarbarn. Det betyr at pengane kjem frå barna sjølv, og ikkje frå eit idrettslag, ein barnehage eller ein skule. Og kreativiteten vil ingen ende ta.

– Det er så mange kreative idear. Mellom anna veit me om ei jente som teikna teikningar og fekk dei donert vekk via mamma sin Facebook. Andre donerer vekk klede og leiker, og dette veit me sit langt inne hjå barn. Det seier rett og slett noko om empatien som finst, seier Henriksen og Kristin.

Andre har laga bollebod, laga vaflar, eller gått frå hus til hus og bedt naboane sine vipsa pengar til Redd Barna.

Les også: Éin av tre har sett falske nyheiter om krigen i Ukraina

Barna får med seg det som skjer

– Det er barn frå alle moglege plassar og i alle aldrar. Det er veldig gøy å sjå, seier dei.

Dei trur at både givargleda og engasjementet handlar om at barn i stor grad er blitt informert og involvert i krigen som føregår i Ukraina.

– Eg trur nok at ein krig som kjem så nært på oss, gjer at me kjenner det på kroppen. Barna i Noreg skjønnar at dei har hatt ganske like liv som dei ukrainske barna. Og plutseleg så var det ikkje slik lenger, seier Sommerseth.

– Krigen har også skapt diskusjonar i klasserommet. Skulane har tatt det meir inn i samtalen, fordi dei forstår at barna får det med seg, seier Henriksen.

Les også meiningsinnlegget: «Ukrainarane er ikkje dei einaste som er verde vår hjelp»

– Alle pengane går direkte dit dei skal

Redd Barna håpar at dagens situasjon kan vera med på at alle i større grad forstår kva krig, konflikt og flukt betyr.

– Det er fint at barna får ein moglegheit til å bidra. Dette gir håp, og desse barna er jo framtida. Hadde verda vore leia av dei, hadde me ikkje hatt denne krigen.

Og til dei som er usikker på om pengane dei donerer, faktisk når fram til dei som treng dei, er Redd Barna klar i sin tale.

– Me har ikkje lov til å ta administrasjonskostnader frå pengar som er samla inn av barn, så alle pengane går direkte dit dei skal. Me er veldig strenge på dette, og det er akkurat slik det skal det vera, seier Henriksen.


Les også: Russiske Ljuba (22) sat seks dagar i fengsel for å demonstrere mot Ukraina-krigen

Ljuba Samylova (22) vart arrestert for å demonstrere mot krigen i Ukraina. Foto: Privat