I fjor fekk Kristian (17) sitt første kamera – no er han Årets unge naturfotograf

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor på denne tida fekk Kristian Sagmo (17) frå Kvam i Steinkjer eit kamera i gåve av mora si.

Han har alltid likt naturen og var berre 10-11 år då faren tok han med på jakt for første gong. Men med kameraet i handa kunne han studere naturen på ein annan måte, og han fann ut at han likte å ta bilete

No har han fått utmerkinga Årets unge fotograf i NM i naturfoto.

Kristian har tatt bilete av mange forskjellige dyr. Foto: Kristian Sagmo

Vegen til gull

Prisen vert delt ut til ein fotograf under 18 år som skil seg ut med eit jamt høgt nivå. Konkurransen har ti rundar, og kvar fotograf kan sende inn 30 bilete kvar. Så får bileta poeng av ein jury.

– Eg oppdaga fotokonkurransen på nett, og fann ut at eg ville sende inn nokre bilete, seier Sagmo.

Vinnarbiletet «Grågås» tok han ein tideleg vintermorgon ved eit vatn ikkje så langt frå der han bur. Der hadde 500 grågjess samla seg, og Sagmo låg ved sida av ein åker og venta på at noko skulle skje.

Plutseleg var det ei gås som var litt unna flokken som begynte å flakse med vengene. Då var Sagmo kjapp på avtrekkaren, og vinnarbiletet var knipsa.

Vinnarbiletet til Sagmo i fotokonkurransen “NM i naturfoto”. Foto: Privat

Sagmo leverte berre inn 13 av 30 mogelege bilete, og juryen spådde at dersom han hadde levert fleire kunne han klatra godt på resultatlista i NM, kor han hamna på 48. plass.

Juryen rosar 17-åringen for å ha eit godt blikk for motiv og komposisjon:

– [V]i håpar og trur vi vil sjå mange fleire bidrag fra Sagmo i åra som kjem, skriv juryen i grunngjevinga si.

4000 bilete av tiur

Det som motiverer meg er at eg ikkje har tatt det perfekte bilete enno, seier Sagmo.

Han fortel at nokre gonger må han slette fleire hundre bilete, før har sit igjen med eit eller to bilete som han meiner er gode nok.

Ein gong tok han 4000 bilete av tiur over 4 dagar før han satt igjen med 10 gode bilete.

Eit av dei gode tiur-bileta. Foto: Kristian Sagmo

For augneblinken er det heimeskule på grunn av pandemi i Steinkjer, bortsett frå to gonger i veka. Då møter halve klassen på rullering. Nesten alle helger og fridagar brukar 17-åringen på å dyrke hobbyen sin. Når han ikkje tar bilete likar han å vere i naturen, jakte og fiske.

– Eg skal ikkje utelukke mogelegheita for å bli fotograf på fulltid, men eg tenker eigentleg å bevare det som noko eg gjer på fritida, seier Sagmo

Tips til ferske naturfotografar

Kristian Sagmo er sjølvlært, og har fleire tips til andre unge fotografar som vil ta bilete i naturen. 

1: Bli kjent med kamera

– Det første du må gjere er å bli kjent med kamera, leike deg og gjere feil. Du kan også kikke på YouTube, for å finne ut av ting. Du blir ikkje flink med ein gong!

2: Utstyr

– Godt fotoutstyr kostar ein del, men det går fint an å starte med noko mindre avansert.

Det første kameraet han fekk av mora – eit Nikon P1000 – kosta rundt 10 000 kroner, og har ikkje like mykje zoom og er ikkje like skarpt som det han brukar no. No brukar han eit Nikon 7200, med 300 mm linse.

3. Planlegg godt

Sagmo fortell at å ta eit godt bilete krev planlegging. Lys er kanskje noko av det viktigste. Om det er grått ute blir ikkje fargane like fine som om det hadde vore sol og skyfri himmel. Forgrunn og bakgrunn har også mykje å seie.

– For eksempel: Om det sitt ein fugl på ei kvist på myra, og det mange buskar rundt, kan buskane vere distraherande i biletet, seier Sagmo

4. Stå opp tideleg!

– Det beste tipset eg har er å stå tideleg opp om morgonen. Då er dyr og fuglar mest aktiv, og det er godt lys. Eit anna tips eg har er å gå ned på bakkenivå og ha augekontakt med dyret, avsluttar Sagmo. 

Kristian Sagmo har eit skjul ved åkeren heime, der han ofte sit og tek bilete: 

Foto: Kristian Sagmo


Saoirse Ronan speler forfattarspira Jo March. Emma Watson er systera Meg March og James Norton er friaren John Brooke. Foto: Wilson Webb/Columbia Pictures