Karel Nuncic (11) og kvalpen hans, fann denne båten i fjæra. Den hadde kome heilt frå USA, og vore 462 dagar på havet. Foto: Privat
Etter 462 dagar på Atlanterhavet, fann Karel (11) den uvanlege båten i «bakhagen» sin
Meldingane om at den heimelaga båten hadde gått på land ein plass på Smøla, sende Karel Nuncic (11) rett på skattejakt. Jakta enda med at han fann båten i sin eigen «bakhage».
Marte Husabø
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Der ute i skjærgården til Smøla, fann Karel og familien hans båten. Foto: Privat
Dette trigga noko i 11-åringen, som melde seg frivillig til skattejakt.
Han og familien bestemte seg derfor for å få strategisk til verks, for å finna den vesle båten.
– Det viste seg at GPSen på båten var veldig nøyaktig. Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at det var båten me hadde funne, fortel Karel og held fram:
– Han var full av skjell som hadde festa seg på han. Og så skal det seiast at halvparten av båten var vekke.
For båten har nok vore gjennom ein storm eller to, i løpet av dei totalt 462 dagane på Atlanterhavet. Det kan ein sjå av ruta båten har tatt over det store havet.
– Viss me ser på kartet som viser der båten har segla, så ser me at han har gått i sirklar på ein plass. Det var sikkert denne stormen som tok både skroget og kjølen på båten, seier Karel.
Heldigvis hadde lasterommet på båten komme seg gjennom dei tøffaste sjøtaka. Der hadde elevane frå USA gøymt både GPS og kontaktinfo, og 5. klassingen trur at båten har greidd seg fordi nettopp denne boksen var veldig godt forsegla og full av luft.
– Det var mykje meir proft gjort enn ein vanleg flaskepost.
Båten var full av andeskjell, som er ei gruppe krepsdyr som lever i havet. Foto: Privat
– Lukta skikkelig ille
Karel kan røpa at båten lukta akkurat slik ein ser for seg at ein båt som har vore på havet i 462 dagar, luktar. Det var ikkje noko deilig oppleving.
– Eg vil nesten ikkje gå inn på det ein gong. For den lukta var skikkeleg ille. Båten lukta rett og slett roten tang, seier han.
Dårleg lukt eller ikkje, så synest han at det var kult at han fekk vera med på å finna båten. Og det syntest 5. klassingane frå USA også. Dei har nemleg vore heilt ville, viss me skal tru Karel.
– Dei har sendt meldingar i eitt sett. Men det er nok fordi at dei fleste liknande prosjekta som blir sjøsett frå USA anten druknar, reiser tilbake der dei kom frå, eller reiser til Canada. Derfor har dei vore veldig glad for at han kom seg heile vegen til Noreg.
Her blir båten undersøkt etter funnet i fjæra. Foto: Privat
I førre veke hadde han ein videosamtale med heile skulen til dei amerikanske 5. klassingane. Og då fekk han masse rare spørsmål.
– Amerikanarane er jo veldig annleis enn oss. Dei spurde meg om kva som var nasjonalretten vår. Og så lurte dei veldig på kor stor hagen min var, sidan eg skreiv at eg fann båten i «bakhagen» min.
Karel er ganske klar i si sak då han får spørsmål om han er blitt inspirert til å sjøsetja sin eigen flaskepost-liknande båt.
– Det trur eg ikkje skjer. Flesteparten av flaskepostane som blir sendt ut frå Noreg, kjem berre tilbake. Golfstraumen jobbar mot oss, seier han.
Karel Nuncic (11) og kvalpen hans, fann denne båten i fjæra. Foto: Privat
Nettopp det har han og dei andre som bur på Smøla opplevd. Mariann, mora hans, fortel at øya der dei bur har vist seg å vera eit perfekt treffpunkt for akkurat Golfstraumen.
– Me finn mykje greier som rek i land frå havet her. Ein flaskepost frå Skottland har me funne, og så er det alltid mykje plast og slik i fjæra, seier Karel.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.