Mental Helse Ungdom: – Tiltaka har gjort større skade enn viruset

I ei undersøking gjort av Mental Helse ungdom svarar 13,9 prosent av unge at dei har forsøkt å ta sitt eige liv under pandemien. Organisasjonen peikar på at utvalet ikkje er representativt, men er likevel uroa.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 12.05.2022 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong har Mental Helse Ungdom sendt ut ei landsdekkande undersøking for å sjekka korleis det står til med den psykiske helsa til unge.

Resultata er nedslåande, melder organisasjonen.

Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom. Foto: Privat

– Då eg såg resultata tenkte eg to ting: Det gjekk så ille som me varsla om at det kunne gå og framtida er mørk om det ikkje kjem raske og kraftfulle tiltak, fortel Adrian Lorentsson, kommunikasjonssjef i Mental Helse Ungdom, på e-post om undersøkinga dei nyleg har gjennomført.

– At unge har det såpass dårleg generelt og at livet verkar svært vanskeleg for mange, bør vera oppsiktsvekkande for politikarane. 1 av 4 rapporterer sjølvmordsforsøk, om lag halvparten under pandemien. Det er tydeleg at barn og unge har kome dårlegast ut og at tiltaka har gjort større skade enn viruset for denne gruppa.

– Kva vil du seia til politikarane?

– Det er alarm! Me risikerer tiår med unødvendig liding og katastrofale samfunnskostnadar om dei ikkje handlar no, svarar Lorentsson.

 

Torsdag 5. mai vart resultata frå rapporten offentleggjorde. Undersøkinga vart gjennomført i februar og mars 2022 og over 5500 unge mellom 18 og 36 har svara på spørjeundersøkinga. Nokre av spørsmåla undersøkinga skulle svare på er:

  • Korleis har unge det etter 2 år med pandemi?
  • Korleis ser unge på framtida?
  • Ville unge spurt om hjelp dersom dei hadde sjølvmordstankar?
  • Korleis påverkar sosiale medium den psykiske helsa til unge?

 

Høg kvinnedel

«Uten raske, kraftfulle tiltak er vi dypt bekymret for at antall selvmord, vedvarende psykiske lidelser og store samfunnsmessige kostnader vil prege Norge i flere tiår framover», skriv Mental Helse Ungdom på sine nettsider i samband med lanseringa.

Dei vil følgje opp resultata med styresmaktene.

Det kan vera verd å nemna at dei som har svara på undersøkinga, ikkje kan reknast som representative for heile befolkninga i same alder. Det var mellom anna 83,6 % kvinner og 11,2 % menn som svara, og 40 % hadde vore i kontakt med spesialisthelsetenesta dei siste tre åra.

– Undersøkinga er ikkje fullt ut representativ fordi den har rekruttert ope. Om dei har vore gjennom henvisningsløp eller teke kontakt direkte utan å ha fått hjelp, kan ha gjort delen noko høgare. I tillegg kan dei ha vore i kontakt av andre grunnar enn psykiske helseproblem, seier Lorentsson.

Mental Helse Ungdom meiner likevel undersøkinga i stor grad speglar den unge befolkninga med mindre og større psykiske helseutfordringar. Til dømes speglar fleirtalet av kvinner i spørreunderøkinga kjønnsbalansen som er i kontakt med spesialisthelsetenesta.

Nesten halvparten ville ikkje søkt hjelp hos helsestasjon

Lorentsson meiner det mest oppsiktsvekkande resultatet frå undersøkinga er talet på unge som svarar at dei har forsøkt å ta livet sitt minst éin gong under pandemien (13,9 %).

– I tillegg er hjelpesøkinga veldig låg når det gjeld skulehelsetenesta.

 

Heile 33 prosent svarar at det er ekstremt usannsynleg å spørre helsestasjon/skulehelsetenesta om hjelp dersom ein har kjenslemessige/personlege problem. 43,2 % svarar at det er ekstremt usannsynleg å spørre helsestasjon/skulehelsetenesta om hjelp dersom dei har sjølvmordstankar.

Om lag 1 av 3 svarar også at det er ekstremt sannsynleg å ikkje be nokon som helst om hjelp om ein har personlege eller kjenslemessige problem, noko organisasjonen meiner viser at unge ofte har gått ei stund med utfordringane sine før dei søkjer hjelp.

Pandemi og sjølvmord

Pandemien har sett sine spor. Nesten halvparten (42 %) svarar at dei har fått forsterka psykiske utfordringar gjennom pandemien, medan 10 prosent svarar dei for første gong har opplevd psykiske utfordringar gjennom pandemien. Éin av fire har ikkje opplevd noko endring.

Fleire enn 1 av 4 (25,6 %) har hatt det så vanskeleg at dei har forsøkt å ta sitt eige liv ein gong i livet – 13,9 prosent har hatt eitt eller fleire sjølvmordsforsøk gjennom pandemien.

Over halvparten rapporterer om auka bekymringar og auka einsemd under pandemien. Samstundes rapporterer 29 prosent mindre press frå samfunnet og 14,9 prosent mindre bekymringar.

Det har også vore ein auke i einsemd blant unge under pandemien. Over 80 prosent har følt seg einsame det siste året, og over halvparten har vore ganske eller veldig mykje plaga av dette.

Samstundes rapporterer mange at det er svært usannsynleg at dei vil oppsøka hjelp.

I eit tid med pandemi, krig, klimakrise og uforutsigbar økonomi, svarar rundt 2 av 3 at dei er uroa for framtida med tanke på eigen økonomiske situasjon, klimaet, og konfliktar og krig.


«Slagkraft» er eit tilbod for ungdom og unge vaksne menn for å betre den mentale helsa. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg