FHI: Fleire tok sitt eige liv i fjor

Det vart registrert 727 sjølvmord i Noreg i 2024, viser dødsårsakregisteret frå Folkehelseinstituttet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Det er så langt registrert 535 sjølvmord hos menn og 192 hos kvinner i 2024, ifølgje tala frå FHI.

Halvparten av dei som tek sitt eige liv, er under 47 år.

Det var 17 fleire sjølvmord i 2024 enn året før. Sjølvmordsraten held fram med å auka litt.

Svakt aukande

– Ettersom befolkninga aukar over tid, må me først og fremst sjå på sjølvmordsraten for å finna den reelle utviklinga i sjølvmordstala. Ser ein på raten (talet på sjølvmord per 100.000 innbyggjarar) har denne lege ganske stabilt dei siste 20 åra, skriv FHI.

Dei førebelse tala for 2024 viser ein sjølvmordsrate på 13,2, den høgaste sidan tusenårsskiftet, men omtrent som i 2018 (12,9) og i 2023 (13,0).

– Det betyr at trenden med svakt aukande sjølvmordstal me har sett dei siste åra, held fram, seier overlege Marianne Strøm i FHI.

400 samtaler i døgnet

Kirkens SOS skriv i ei pressemelding at dei fekk 280.000 førespurnader frå menneske i livskriser i 2024.

– Me i Kirkens SOS svarer på 400 samtalar i døgnet, og mange av desse er frå sjølvmordsnære menneske. 23.000 svarte på samtalar i fjor handla om sjølvmordstankar. Det tok berre 24 minutt mellom kvar samtale med sjølvmord som tema, seier fungerande generalsekretær Anicken Svela Riksfjord.

Sjølvmord utgjer 31 prosent av dødsfalla blant dei under 30, og totalt var det 139 sjølvmord i denne aldersgruppa i 2024, ifølgje FHI.

Raten aukar mest blant dei eldre

Men den høge andelen kjem i stor grad av at unge ikkje blir ramma like mykje av dødelege sjukdommar, og talet på sjølvmord er høgare blant folk i aldersspenna 30 til 49 år og 50 til 69 år. Sjølvmordsraten har faktisk auka mest blant dei eldre.

Tre av fire av dei som tek livet sitt, er altså menn. For menn aukar òg talet på sjølvmord blant alle aldersgrupper over 30 år.

Sjølvmordsraten ligg generelt høgare enn landsgjennomsnittet i Nord-Noreg, Innlandet, Telemark, Vestfold og Østfold. Her er det likevel mange tilfeldige variasjonar, på grunn av det låge folketalet i mange fylke.