Boksar for betre mental helse: – Det er vanskelegare for gutar å opne seg

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjeldene «Amir» og «Karl» i denne saka ønsker å vere anonyme av omsyn til eige privatliv. Framtida.no kjenner identiteten deira.

– Når det er mykje kaos i kvardagslivet, og ein føler at ting fell saman, er det greitt å få ut litt sinne. Gjennom boksinga kan eg få ut frustrasjonen som samlar seg opp, i bokseputa.

Det fortel «Amir» (18). Han bur på Bjerke i Groruddalen. Ein tysdag i mars har han møtt opp i kjellaren på Sandaker senter, i lag med ei lita gruppe med andre ungdommar.

Her i boksesalen vert dei både rettleia og pusha. Målet er å lære seg å bokse, men også å få ei betre psykisk helse.

Som ungdom med minoritetsbakgrunn i Oslo, kan ein sitte med opplevingar og traume som ein treng å bearbeide, seier «Amir».

– Viss du har dårlege omgjevnader og dårlege vener, når dårlege miljø er lett tilgjengelege og det ikkje er så mykje førebygging, er det lett å falle ut. Det vert ein dominoeffekt, slår han fast.

«Amir» sparrar med ein av trenarane i IL Ørnulf. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Her kjem Slagkraft-prosjektet inn. Det er eit prosjekt i regi av Mental Helse Ungdom, og rettar seg mot gutar og unge menn som slit med einsemd, vanskelege tankar, har ein diagnose, eller berre vil førebygge og jobbe med den mentale helsa si. I denne omgangen er det 14 deltakarar på kurset.

– Får fred

«Amir» er ikkje i tvil om at det verkar.

– Vi får vere i rørsle og trene fysisk, men det er også psykisk trening i å halde seg meir roleg og i takt, seier han.

Dei siste vekene har han merka endringa. Treninga kvar tysdag er noko han kan gle seg til.

– Det er vanskeleg for meg å snakke om ting og opne meg, men Slagkraft har gjort ein skilnad. På trening kjenner eg fred, fortel han.

I boksing må ein bruke hovudet og vere tolmodig. Lærepengen kan overførast til livet: Ingenting skjer over natta. Endring krev tid og kontinuerleg arbeid.

Trenarane i IL Ørnulf, med Mehdi Mohseni (t.v.) i spissen, møter ungdommane éin gong i veka. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Vanskeleg å dele

Ein del av konseptet er at ungdommane møtest etter trening for ein gruppe-debrief i lag med prosjektleiaren. Der kan ungdommane snakke saman om ulike måtar å ta vare på den fysiske og psykiske helsa si.

«Amir» fortel at han synest det er vanskeleg å dele korleis han sjølv har det. Tidlegare opplevingar har gjort det vanskeleg for han å bygge tillit med andre.

– Om eg blir spurt om eg har det bra, seier eg ikkje nei, sjølv om det kanskje er eit nei. Eg håpar at eg kan opne meg meir, men det tar tid, seier han.

Han meiner at det er lettare for jenter å snakke om problema sine.

– Ein mann skal liksom takle det. Det er vanskelegare for gutar å snakke om slikt, seier han.

– Kvifor trur du det er slik?

– Eg veit ikkje, det er slik samfunnet er bygd opp.

– Livsendrande

«Amir» meiner at slike tilbod burde verte spreidde til fleire ungdommar.

– Slikt som boksing kan hjelpe. Sjølv om du ikkje snakkar ut om det vanskelege, får du bearbeidd det på ein eigen måte. Sakte men sikkert kan du få det ut. Du blir sterkare fysisk, men også mentalt, seier han.

12 ungdommar er med på Slagkraft-prosjektet i denne runden. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Han kunne tenke seg å halde fram med boksing etter Slagkraft, om ikkje rekninga vert for stor. Han meiner det har stor verdi at tilbodet til MHU er gratis.

– Eg håpar at prosjektet held fram og får stønad, sjølv om det ikkje møter opp 20 stykk kvar gong. I dag var vi fire på trening. For oss fire kan det vere livsendrande, seier han.

Midt i blinken

Også «Karl» har god erfaring med Slagkraft. Han var ein av 17 deltakarar i førre runde med kurs. Han har halde fram som medlem i Ørnulf bokseklubb.

«Karl» fortel at han sleit med depresjon og angst, og trong å komme seg i aktivitet.

– Blandinga av styrke, koordinasjon, uthaldenheit og teknikk var midt i blinken. Boksing var nesten heilt nytt for meg, men eg lærte fort og vart betre for kvar trening, fortel han.

Snart merka han dei positive effektane. Han fekk meir energi i kvardagen, sov betre og kom i betre humør. Han vart meir motivert, og det vart lettare å tvinge seg sjølv til å gjere det han visste at han måtte gjere.

– Eg er mykje meir komfortabel med meg sjølv no, fortel han.

– Godt opplegg

Deltakarane i «Slagkraft» ønskte å vere anonyme då Framtida var på besøk. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

«Karl» merker godt kva den fysiske aktiviteten gjer med humøret hans. Han seier at han burde ha byrja med boksing for mange år sidan. Også han synest det er ein god måte å få ut frustrasjon. Det kan fungere som ein ventil for å sleppe ut trykk.

– Før hadde eg mykje aggresjon som kunne bygge seg opp til eg sprakk, seier han.

Samstundes handlar boksing også om kontroll, fokus og terping.

«Karl» synest opplegget til Mental Helse Ungdom er bra. Samtalane etter trening er gode for å dele tankar og forstå andre sine synspunkt.

– Ein kan lære mykje av det. Eg har ikkje noko problem med å opne meg sosialt. Heile opplegget er veldig bra. Eg trong det, og anbefaler det stadig vekk til andre, seier han.

Bryt barrierar

Michael Lie, prosjektleiar for Slagkraft, seier at deltakarane som har gjennomført kurset, har hatt ei positiv utvikling, både når det gjeld trening og i dagleglivet.

– Nokre har gått frå å vere veldig inneslutta til å bli meir opne, få rutinar og sjølvdisiplin, og tore å bryte barrierar, seier han.

Deltakarane i Slagkraft møtest til ein samtale etter kvar trening. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Lie meiner boksing er ein god idrett for mental helse fordi det krev disiplin, refleksjon og eigen tenking. Han meiner at det er ein fordel at det er ein individuell idrett som handlar om å utvikle deg sjølv. Ein treng heller ikkje nokon spesiell fysikk.

– Det er ein fin arena for å oppnå meistring, seier han.

Under debrief-samtalane snakkar gruppa gjerne om korleis treninga har vore, om noko er vanskeleg, og korleis dagen deira har vore.

– Eg prøver å føre samtalen mot eit tema som gjer at dei forstår at det dei lærer her, er overførbart til det daglege og private livet til deltakarane. Det er rom for refleksjon og deling av tankar dei sjølv har. Nokre gonger er det berre hygge, det er ikkje sånn at dei må fortelje noko om seg sjølv. Det handlar meir om at dei har nokon å snakka med, at dei blir sett, høyrt og blir gode lyttarar, seier Lie.

Vil utvide tilbodet

Slagkraft er for ungdom og unge menn frå 14 til 21 år. Prosjektet er eit samarbeid mellom MHU, Norges Bokseforbund og dei aktuelle bokseklubbane.

Til hausten skal tilbodet utvidast i Oslo, og hausten 2023 er planen å starta opp i fleire byar i Noreg.

Prosjektet er finansiert av Stiftinga Dam til og med 2023.


Petter Aaberg (t.v.) og Sverre Kvamme tok imot den prestisjetunge Publikumsprisen for dokumentarfilmen «Nattebarn» under Den norske filmfestivalen i Haugesund.