– Psykisk sjukdom er òg sjukt dødeleg, skriv Liv Marit Mjønes. Ho ber politikarar og helsevesenet ta det på alvor.
Liv Marit Ottesen Mjønes (15)
Liv Marit Ottesen Mjønes (15)

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Vi har blitt lova betre psykisk helsehjelp og det håpar eg stemmer, for slik som det er no kan det ikkje fortsetje.

Sjå føre deg at du dreg til legen med ein kul i brystet, utan den minste tvil sender legen deg vidare til mammografi. Det er ei bittelita bekymring, og fleire testar av kulen vert utførte. Etter kvart så går alt som det skal og du får den behandlinga du treng med ein einaste gong, fordi det hastar.

No vil eg du skal sjå føre deg at du dreg til legen ein gong til, men denne gongen er klumpen psykisk. Utan å sende ei tilvising vidare til til dømes BUP set legen deg opp på medisinar for å prøve noko anna først. Men slik som det er, er det nyttelaust å gå på medisinar, medisinane gjer deg verre.

Slik som det er no kan det ikkje fortsetje.

Det er gått nokre månadar og du er allereie mykje verre. Trass i forskinga som viser at 6 av 10 som får hjelp tidleg vert friske får du framleis ikkje den hjelpa du verkeleg har behov for og medisinen du har fått gjev deg tonnevis av biverknader. Så du dreg tilbake til legen og ber på nytt om ei tilvising til eit høgare spesialisthelse-nivå.

Tre veker seinare vert tilvisinga send, men i mellomtida skulle du auke dosen på medisinar.

No går du rundt som ein vandrande zombie, og ser ikkje heilt meininga med livet lenger. 

Tilvisinga til BUP får avslag. Du er ikkje sjuk nok, og det er ikkje noko dei kan gjere.

Legen din veit heller ikkje lenger kva han skal gjere med deg, så han fråskriv seg ansvaret, men meir medisinar og høgare dose skal du få.

Du er ikkje sjuk nok, og det er ikkje noko dei kan gjere.

Etter avslaget frå BUP sit du ein kveld åleine med ei hand full av piller. Du tek kanskje alle på ein gong saman med litt rusmiddel. No treng du hjelp, og det blir endå ein gong send ny tilvising.

Etter to månadar får du endeleg ein time, men innan dei to månadane så er du blitt veldig mykje dårlegare og du har ikkje lenger lyst til å prøve å bli betre.

Du ser ikkje lenger nokon utveg enn å avslutte alt.

Kvifor er systemet vi har i dag så jævleg dårleg?

Kvifor er det så jævleg forskjell på ein fysisk og ein psykisk klump i brystet?

Psykisk sjukdom er òg sjukt dødeleg, og den dag i dag døyr det faktisk fleire folk av sjølvmord enn brystkreft.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg eller eit tips til tips @ framtida.no! 


Irene Kingwsick, generalsekretær i ROS fortvilar over at det nyopna senteret i Tromsø no ser ut til å måtta leggast ned. FOTO: ROS
ANNONSE