«Å føle seg einsam er kjipt, det å ha det kjipt er kjipt, men du er ikkje åleine»

Sonja Iren Johnsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Johnsen sin Instagram, og er delt med løyve frå forfattaren. 

Det er vel rundt to år sidan eg byrja å kjenne på at eg ikkje hadde så mange veninner lenger.

Eg følte at dei gongane eg vart invitert, så var det berre fordi dei følte dei måtte, og kjende sjølv at eg hadde mest lyst å vere heime for meg sjølv.

Når ein sluttar å seie ja til å vere med på noko, så tek det ikkje lang tid før ein ikkje blir invitert lenger.

Før var eg alltid saman med nokon, alltid sosial og det var alltid noko som skjedde. Dei siste åra har eg eigentleg berre vore med familien min, som eg er utruleg takknemleg for å ha!

Men det å gå i frå å vere ein person med mange veninner, til å eigentleg vere mest åleine har vore veldig vanskeleg – men også noko eg trong.

Eg veit ikkje heilt korleis, eller kva som skjedde, men brått vart eg usikker på menneske som eg eigentleg kjenner. Likar dei meg? Er eg eigentleg berre i vegen? Kva tenker dei om meg?

Eg prøvde å dra ut på byen med to gode veninner og det føltest plutseleg skikkeleg skummelt.

Eg enda opp med å ringe pappa som måtte hente meg fordi eg fekk panikk. Redd for å møte folk som eg kjende før, redd for at eg vart invitert fordi dei følte dei måtte og redd for å vere irriterande og i vegen.

Men eg saknar gamle meg.

Eg trur faktisk det er heilt normalt å ha periodar som dette og eg trur også det finst noko positivt i det at eg har «forandra» meg. Men eg saknar gamle meg.

Eg saknar ho som drog på byen kvar helg, som sjeldan følte seg einsam og som hadde mange vener.

Eg har vener som eg elskar, nye vener som likar meg for den eg er, familie som eg elskar, men eg saknar gamle, bekymringslause meg.

Dei venene eg har mista har eg sakna, og eg saknar dei framleis av og til. Vi mistar kontakt og vi veks frå kvarandre, og det er heilt normalt.

Eg trur også det er ein grunn til at ting er forandra, og at det er ein bra ting. Men, det er sårt og trist å tenke tilbake på ei tid der ein hadde det mykje gøy og hadde mindre bekymringar med vener som ein ikkje lenger snakkar med.

Eg sit igjen med vener som eg stolar på og som eg veit likar meg for den eg er, og det er det viktigaste i eit venskap.

Du er ikkje åleine.

Eg har det bra og dei vennene eg har er GODE vener. Eg er også motivert og gleder meg til å flytte og ser lyst på framtida. Eg føler meg ikkje låst lenger og eg veit kva eg har lyst til å gjere dei neste åra, noko eg har vore veldig usikker på ei lang stund.

Etter ein periode med å føle seg einsam og litt i vegen, er eg eigentleg berre takknemleg for at eg ikkje har det sånn kvar dag.

Eg har funne ein balanse og lært meg at det er viktig å lære seg å bli kjent med seg sjølv åleine og ha folk rundt seg som berre vil det beste for kvarandre.

Eg har også funne ut kor viktig det er å invitere nokon og at om nokon seier nei til ein invitasjon betyr det kanskje ikkje noko anna enn at dei vil vere litt åleine. Åleinetid er også veldig viktig.

Eg har ikkje vore så mykje open om einsemd på sosiale medium, men dei gongane eg har skrive om det har nokon invitert meg til å henge eller bare å snakke, noko som er kjempekoseleg. Det er så viktig å sende den invitasjonen, den meldinga, og ein får ikkje eit verre svar enn nei.

Eg veit at eg har eit langt liv med mange nye menneske å møte, og eg gleder meg til det!

Ville vel eigentleg berre få fram at det å føle seg einsam er kjipt, det å ha det kjipt er kjipt, men du er ikkje åleine.


Har du noko på hjartet? Send dine tankar/meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no!


Arkivbilete frå skulestreik for klimaet 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall