Ungdomsskulen sleit med slåstkampar og rus – slik jobba Abigael og Thobias for å betre miljøet
Abigael Windingland Askerød og Thobias Ek meiner det er viktig at unge sjølve deltek i arbeidet for betre ungdomsmiljø.

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
– Eg vart med i ungdomsrådet fordi eg følte at eg hadde noko å komme med. Eg hadde saker eg ville kjempe for, sånn at dei som er yngre enn meg skal sleppe å ta dei same kampane.
Det fortel Abigael Windingland Askerød (17). Ho er leiar i ungdomsrådet i Råde kommune i Østfold, saman med nestleiar Thobias Ek (17).
– Eg ville rette meir fokus på psykisk helse, med meir helsepersonell og meir synlegheit, seier ho.
Stort spenn
Alle kommunar er lovpålagde å ha eit eige ungdomsråd. Askerød og Ek meiner det er viktig å ha eit eige råd med ungdommar som jobbar for ungdommane i kommunen.
Dei viser til at dei vaksne ikkje veit korleis det er å vere unge i dag.
– Vi er den første generasjonen som har vakse opp med sosiale medium. Det har sine gode, men også eigne utfordringar. Det er viktig at ungdom får fortelje korleis vi sjølve har det og opplever verda, og korleis vi meiner ting kan bli betre, seier Ek.
Ungdomsrådet i kommunen består av 22 representantar mellom 13 og 22 år. Dei yngste medlemmene vert altså rekrutterte frå 7. klasse. Ei spørjeundersøking Framtida.no har gjennomført, syner at berre ti prosent av ungdomsråd har representantar frå barneskulen.
Undersøkinga gjekk ut til alle ungdomsråd i landets kommunar og fylkeskommunar. Undersøkinga har fått inn 192 svar frå ungdomsråd.
Askerød og Ek meiner det er ein fordel å ha eit stort aldersspenn, fordi folk i ulike aldrar har ulikt perspektiv.
– Vi går begge i VG2. Vi anar ikkje korleis det er å gå på barneskulen i dag. Det er heilt annleis enn då vi gjekk der. Vi treng ulike synsvinklar. 7.-klassingane oppfattar verda heilt annleis enn oss. Alle har ulike bakgrunnar og interesser, seier Ek.
Rus og vald
Dei fortel at det har vore mykje problem med skulemiljøet i kommunen, særleg på den lokale ungdomsskulen. Det har vore mykje mobbing, vald og rusbruk.
– Vi har arbeidd for førebygging, og komme med idear som betre undervising. Vi ville gi elevane betre forståing for kva som skjer om ein vert teken for rusbruk eller vald, kva som skjer med deg som person og kva som skjer med kroppen din, fortel Thobias Ek.
– Vi ser at tiltaka vi har jobba for, har hjelpt. Før var det slåsting på skulen nesten kvar dag. No er det nesten ikkje. Vi har absolutt sett ei positiv endring, seier han.
Dialog med tilsette
Ungdomsrådet fekk besøk av tilsette i kommunen som jobbar med rus, som var opne for innspel frå ungdommane. Rådet bad om at borna må få informasjon om konsekvensar ved rusbruk tidlegare og oftare.
– Kanskje kan nokon som har slite med rus snakke direkte til elevane om kva som skjedde, kvifor, og kor fort det kan skje, seier Askerød.
Ei anna sak ungdomsrådet har engasjert seg i, er at det lokale idrettslaget skal satse meir på unge. Dei opplever at for mykje av pengane går til herrane sitt fotballag i 4. divisjon.
– Idretten er ein sosial arena der mange møtest. Det kan vere særleg viktig for dei som ikkje har det så bra heime. Alle treng eit fellesskap, og det er viktig at idrettslaget har gode fasilitetar for alle, seier Ek.
Større påverknad
Framtida møter Askerød og Ek på Allaktivitetshuset i Råde. Huset er ein møtestad for born og unge i kommunen, og det er også her ungdomsrådet har møta sine.
Thobias Ek vart med i ungdomsrådet etter å ha sete i elevrådet på ungdomsskulen. Elevrådet hadde jobba med den same saka gjennom tre år: Dei ville oppgradere uteområdet med basketballbane. Saka tok lang tid, og Ek vart utolmodig.
– Eg fekk spørsmål om å bli med i ungdomsrådet, og sa ja. Eg hadde lyst å dytte saka vidare. I ungdomsrådet driv ein jo med politikk. Eg har vore politisk interessert lenge, og då var det fint å kunne gjere noko med den interessa – ikkje berre sitte og klage, seier Ek.
Undersøkinga til Framtida.no syner at 95 prosent av ungdomsråda får behandle saker som gjeld kultur- og fritidstilbod. Derimot er det berre 59 prosent som svarar at dei drøftar saker som gjeld helsetilbod.
Arrangerer ungdomsfestival
Ungdomsrådet i Råde har også tradisjon for å arrangere ein årleg ungdomsfestival, i samband med Råde parkfestival. Det er eigne arrangement og konsertar for ungdommane i kommunen.
Nokre av artistane ungdomsfestivalen har hanka inn er Marstein og Tix.
– Det er kjempegøy å jobbe med. Vi har ei veke der vi jobbar med festivalen nesten kvar dag. Ein får adrenalin av det, seier Askerød.
Ungdomsrådet står sjølv for å dekorere teltet og diskutere kva artistar ein ønsker seg til festivalen. Dei er også med på å planlegge barnefestivalen for eit endå yngre publikum.
– Ungdomsfestivalen er gratis. Det er viktig å inkludere alle, og ikkje skape noko pengepress eller ekskludere nokon på grunn av økonomi. Alle skal ha likt høve til å delta, seier Askerød.
Dei to meiner at det er viktig med møteplassar og aktivitetar for lokale ungdommar.
– Dette er ein arena som samlar ungdommen til noko kjekt. Eg møtte sjølv bestekompisen min på ungdomsfestivalen, fortel Ek.
– Ikkje så vanskeleg
Dei to engasjerte ungdommane vil absolutt råde andre unge til å gjere noko for lokalmiljøet sitt.
– Bli med i ungdomsrådet eller elevrådet på skulen. Då får ein høve til å seie meininga si, seier Askerød.
– Ein kan også engasjere seg som frivillig på eit aktivitetshus, i Røde Kors eller frivilligsentralen. Det er alltid noko du kan hjelpe med. Eller så kan du berre snakke med ein kompis, dele idear og kunnskap. Om du vil betre fotballaget ditt, kan du ta det opp med trenaren, og så blir det kanskje gjort noko. Det å gjere ein skilnad er ikkje så vanskeleg. Ofte er det berre å gjere eit grep, seier Ek.