Unicef-rapport: Kvart ellevte minutt døyr ein ungdom av sjølvmord

Kvart år døyr nesten 46.000 unge av sjølvmord.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny rapport anslår Unicef at minst ein av sju mellom 10 og 19 år lever med ei psykisk liding.

Rapporten viser òg at psykiske helseplager er meir utbreidd i Europa enn resten av verda – og Noreg kjem høgt opp og framfor dei andre skandinaviske landa.

Ifølgje rapporten slit 18,2 prosent av norsk ungdom med ein diagnostisert psykisk liding, mot eit snitt i Europa på 16,3 prosent og i verda på 13,2 prosent.

Hyppig årsak til død

På verdsbasis utgjer angst og depresjon rundt 40 prosent av diagnosane, skriv Unicef i rapporten «State of the World’s Children 2021».

Rapporten viser òg at sjølvmord er den femte hyppigaste årsaka til død blant 10-19-åringar i verda, og den fjerde hyppigaste for dei mellom 15 og 19 år. For jenter på 15–19 kjem sjølvmord på tredjeplass etter tuberkulose og komplikasjonar rundt svangerskap.

I Vest- og Aust-Europa, Sentral-Asia og Nord-Amerika er sjølvmord den nest hyppigaste årsaka til død blant barn og unge. I ei undersøking om sjølvmord blant 15-19-åringar frå Unicef i fjor kom Noreg på 16.-plass blant dei 41 rikaste landa i verda.

Fryktar koronaeffekt

Unicef fryktar at korona har gjort situasjonen verre for ungdom som slit.

– Sjølv før pandemien leid altfor mange barn og unge av psykiske helseplager. Vi fryktar at vi berre ser toppen av isfjellet av konsekvensane for barn og unges psykiske helse, seier direktør for Barns rettar og berekraft, Kristin Oudmayer.


Pressefoto.